Ingen kan bera seg sjølv

Bilde dåpsvann

Ein av menneskets mindre sjarmerande eigenskapar er evna til å mistenkeleggjera andre menneske. Det er ein øvelse dei fleste av oss er ganske gode til. I kyrkja er vi heller ikkje fri frå dette. Det er lett for oss å tenka negativt om dei som sjeldan går i kyrkja, vi er ofte så veldig opptatt av å setja menneske i bås. Du er innanfor, du er utanfor. Vi snakkar om kjernemenighet og faste kyrkjegjengarar. Det er ikkje så ofte dagens dåpsfamiliar fell inn under nokon av desse omgrepa. Og forresten – kven av oss gjer eigentleg det? Mange av oss lever travle liv og ser det gode i av og til å bruka søndagen til andre aktivitetar. Ting endrar seg, verda endrar seg, vi endrar oss.

 

Men framleis vil foreldre døypa barna sine. Dei siste to åra har eg opplevd ein dybde i dåpssamtalane. Ikkje alltid. Av og til forsvinn det litt i skrik og skrål og trøtte storesøsken som kjem frå barnehagen. Då tar vi det praktiske, tryggar familien på det som skal skje i kyrkja. Og så seier eg alltid denne fantastiske setninga som eg er blitt så glad i: «Barnedåpen minner oss om at ingen kan bera seg sjølv». Den setninga er evangeliet. Og det er nettopp det dåpen og trua handlar om; vi får komma til Gud uavhengig av våre prestasjonar. Det gjeld ikkje berre i dåpen, som små barn. Det gjeld også gjennom heile livet. Difor må vi slutta å gradera kvarandre ut frå kor ofte vi går i kyrkja. Vi må slutta å snakka om innanfor og utanfor. Vi må tenka menigheten som alle dei vi i ulike samanhengar møter i det vi gjer. Ofte eller sjeldan. Guds menighet er alle som er døypt. Og så har vi også eit ansvar som kyrkje å våga å gå inn i den gode samtalen om det som livet byr på for oss alle. Det krev at vi «tuner inn» på menneskers liv der dei er.

 

For der ute, heime hjå travle småbarnsforeldre eller i kyrkja på felles dåpssamtale som vi av og til har, kjem forteljingane frå livet fram: «Mannen min ville egentlig ikke at vi skulle døpe barnet vårt. Da skjønte jeg hva dåpen betyr for meg» fortel ei mamma. Eg har aldri sett henne i kyrkja på ein søndag. Ei anna mor seier det slik: «Da vi stod på Rikshospitalet og ikke visste om det ville gå bra med barnet vårt, ønska jeg bare at han skulle bli døpt. Jeg ønska å ha den tryggheten». Ei tredje mor seier det sånn: «Jeg ble døpt som 26-åring. Det var så viktig for meg». Ingen av desse menneska tråkkar ned dørstokken i kirka kl. 11 på ein søndag. Men før vi meiner så mykje om det, skal vi ta oss tid til å lytta til alle historiene om livet som er der ute blant folk. Og så skal vi vita at det vi gjer, betyr så uendeleg mykje for dei som kjem til kyrkja med barna sine. Dåpen betyr for dei fleste mykje meir enn rosa bordkort og familiefest, eller det vi litt nedlatande av og til kallar for «tradisjon». Det handlar om heilt eksistensielle sider ved tilværelsen. Det opplever eg som prest, og det ligg meg veldig på hjartet å få sagt. Så hugs det, kjære kyrkjegjengar: Sjølv om dåpsfamilien ikkje går så ofte i kyrkja, ikkje kan alle reglane, av og til står og sit litt på feil stad i gudstenesta så er det bak alt dette uvesentlige ytre så mange store og viktige og eksistensielle forteljingar og opplevelser som er blitt delt og fortalt og som søker sitt svar og si meining i dåpen og i kyrkja. Og det er derfor dei er der. Slik Svein Ellingsen har formulert det:

 

Fylt av undering er vi i din nærhet,

du som bærer verdensrommets dybder

venter på de små og tar imot oss.

 

Kyrkja skal møta menneske på ein open, fordomsfri og inkluderande måte. Det er vår  mulighet i ei ny tid. Og det er evangeliet.

3 tankar på “Ingen kan bera seg sjølv

    1. Hei Marita.
      Jeg har lest ditt innlegg på Verdidebatt «Hei du, lenge siden sist?»

      Så godt skrevet!
      Valgbrosjyren treffer ingen positivt. Helt enig i dine synspunkter.

      Nå er jeg ikke tilhenger av demokrati i Guds menighet.
      Gud leder sin menighet ved Ånden og kaller selv sine tjenere ut fra trofasthet i det små.

      Ville bare oppmuntre deg og si at ditt trofaste arbeid i Slemmestad og Nærsnes bærer frukt.
      Har lest litt på bloggen din her også. Mange gode ord!
      Takk

      Likar

Kommenter innlegget