Utstemt?

Bruk sommaren til både ein pust i bakken og til dei gode samtalane om at livet er litt bratt av og til, på godt og vondt.

Sommaren står for døra, og vi legg bak oss nok eit skuleår som foreldre og føresette, som lærarar, som konfirmantlærarar, som fotballtrenarar, korpsdirigentar, friidrettstrenarar og elevar. Det er tid for refleksjon. Korleis ser det ut rundt oss og etter oss? Kva spor set vi, og kva betyr vi for kvarandre, på godt og vondt? Som prest og pedagog i til saman 20 år har dei siste åra gitt meg nokre nye erfaringar. Og eg veit at eg ikkje er aleine, for det er mange som nikkar gjenkjennande når eg snakkar om det eg har erfart, både lærarar, foreldre, trenarar og elevar. Utviklinga bekymrar meg. Det er spesielt to ting eg ser.

Elevar blir utstemt. Som ung er ein utanfor eller innanfor. Det er ikkje slik at ein nødvendigvis har bede om å vera innanfor der ein er utanfor. Mange lever lukkeleg innanfor sine gjengar, uvitande om dette spelet. Men det påverkar dei fleste. For det er faktisk enkelte ungdommar som set seg sjølv i ein posisjon der dei kan meina noko om kven som skal vera innanfor og utanfor. Og ikkje berre det: som også går inn og meiner noko om livet i ein gjeng som ikkje nødvendigvis utgjer ein trussel mot dei sjølve. Kan vi ikkje lata kvarandre vera i fred? Desse ungdommane påberopar seg ei slags makt som blir opplevd som ganske massiv for omgivelsane, og det øydelegg. Det skapar dårleg stemning i ei gruppe, det skapar vonde dagar og usikkerhet. Sakene om russebusshierarkiet er eit konkret eksempel på dette. Det er ganske alvorleg. Bryr vi oss for lite som vaksne, som foreldre og føresette? Og for dei som ikkje gir opp kampen om å bli stemt inn i den «kule» gjengen, så må det vera utruleg slitsomme dagar – og netter. For det er ingen pause. Det surrar og går, på instagram, på snapchat. Det er grupper der enkelte for open scene karikerer og heng ut medelevar. Eg høyrer frå klasseromssamanheng om direkte tale i fysiske undervisningssituasjonar av typen: «Stakkar deg som er på gruppe med henne». For eit vakse blikk kan ein sjølvsagt sjå at dette handlar like mykje om den som seier det, som den som blir utsett for det. Men likevel; det må jo komma frå ein plass, frå ein idé, frå ein form for påverknad? Livet ser for enkelte ut til å vera ein kamp om posisjonar. Det er ingenting nytt med det, men det er blitt så massivt. Kor har ungdommane dette frå? Kor har barna våre lært dette? Kor har dei lært at dei har makt til å blanda seg inn og øydelegga andres liv med det dei seier, deira eigne meiningar, deira utstemming? Kor har dei lært å trykka ned andre medelevar og medungdommar og løfta opp seg sjølv på bekostning av andre? Ein kan saktens trekka på skuldrene og tenka at slik har det alltid vore. Men det må vi ikkje. For det er blitt mykje meir institusjonalisert enn det var. Det er i alle fall mitt inntrykk.

Dersom det er slik at nesten alt vi ser på TV, handlar om å bli utstemt, kan det kanskje komma herfrå? Og når ein det påfølgande halvåret kan lesa i alle kanalar om intrigar mellom dei meir eller mindre kjende profilane som var med i desse programma, så skjønar ein kanskje kor det kjem frå? Dessutan er NRK (i programmet Norske beefer) med på å setja dette i system når dei set opp mot kvarandre unge influensarar som kranglar og er uenige, og som ofte har skrekkelege karakteristikkar av andre (og eit mildt sagt umoge menneskesyn). Ein ting er at alle har sin eigen kanal via sosiale medier, men når NRK lagar underhaldning av dette, blir det vanskelegare for ungdommane å skilja mellom rett og gale, kven skal eg assosiera meg med, kven vil eg ta avstand frå? Og dessutan: er det statskanalens oppgåve å formidla dårlege haldingar frå ungdommar som hadde trengt eit år eller to i skule eller arbeidsliv før dei gjekk viralt? Eg har altså ein mistanke om at vi overfører ein del av denne rare kvardagen på Farmen eller kor det måtte vera, til verkelegheita. Eg er ikkje sikker på om unge (eller eldre) forstår forskjellen på det som er eit spel, og det som er verkelegheit. Reality-TV er jo ikkje verkelegheit. Det er TV-verkelegheit, og den er ikkje verkeleg på ordentleg! Det som skjer på TV, er ikkje reality. Det er TV. Men det lærer oss at vi kan skalta og valta, sladra og spreia usanningar, stemma inn og ut dei ein har rundt seg. Det handlar om å stå att som vinnar til slutt, og som TV-underhaldning kan det vera artig nok, men etter mi meining er det for mykje av det. Det fungerer frykteleg dårleg i den verkelege verkelegheita. Det som er (meint å vera) underhaldning på TV, endrar seg til blodig verkelegheit i verkelegheita. Eg trur sjølvsagt ikkje dette berre handlar om realityverda på TV, det er meir samansett enn som så. Det handlar, alt i alt, om totalen av det vi alle omgjev oss med; kva som påverkar oss, og kva vi let oss påverka av. Kor får unge informasjonen frå? Kva er deira horisont? Kor finn dei kunnskap? Dei fleste tenåringar får den frå TikTok. Der er det mykje moro, mange fine lifehacks, god underhaldning og søte hundevideoar. Men det er også ei verd der ute som ikkje er bra. Og den lukkar eg av og til sjølv augo att for, for det er ein kamp som er vanskeleg å vinna. Men eg kan i det minste minna mine næraste om at det finst andre stader ein kan få impulsar til eit bra liv, enn på TikTok.

Det andre eg har lagt merke til dei siste åra, handlar om eit medvit om at ein blir krenka så fort ein blir irettesett. Det er sjølvsagt ikkje ukjent for meg, eg har krangla nok med elevar om kva karakter dei bør få i nynorsk til å vita at ungdommar er i stand til å forhandla om det meste – og til å hevda at dei er i sin fulle rett til det. Men altså: Unge menneske blir krenka når dei blir irettesett. Ein skal stå opp for seg sjølv, det er klart. Men verda blir frykteleg komplisert dersom det framstår som eit sjokk at ein lærar kan irettesetta (eller rettleia som det reelt sett ofte er) ein elev, eller at ein må avfinna seg med eit sett reglar i ein gitt situasjon, eller at det opplegget ein som lærar, har laga til ein undervisningstime, det har ein tenkt å gjennomføra. Det verkar som ideen om vaksen og barn eller lærar og elev i nokon samanhengar er heilt borte. Dersom ein ikkje er i stand til å sjå verdien av tilbakemelding, at livet faktisk er ein læringsprosess, eller dersom ein ikkje har ei forståing for at ein, i dei fleste samanhengar faktisk, må forholda seg til ein autoritet, då trur eg livet fort kan bli vanskeleg. Kva er det som har gjort dei unge slik? Er det koronaen? Mangelen på det å leva i ein kvardag der ein samspelar med andre og naturleg finn sin plass, får korreks eller blir irettesett? For å seia det slik: Eg trur det er eit stort feilsteg å fjerna karakteren i orden og oppførsel i skulen. Men eg trur også dei unge treng kjærleg og god rettleiing, hjelp til livsmestring og til å navigera i alle sosiale kodar. Og så har eg ei kampsak som eg meiner er grunnleggande viktig inn i denne samanhengen: Som vaksne, anten vi er foreldre eller lærarar, trenarar, konfirmantlærarar eller korpsleiara – men først og fremst som foreldre: Vi må seia «stopp». Vi gjer våre barn (og andres barn) ei gedigen bjørneteneste om vi heile tida skal lytta til dei av og til (unnskyld meg!) heilt latterlege argumenta deira. Vi hjelper dei til å bli gagns menneske ved å gjera dei mindre irriterande. Ver litt «Pørni» både heime og på foreldremøte. Det er ein tøff jobb, men nokon må ta den.

Heldigvis har eg også sett dette: Mest flotte ungdommar som viser omsyn, kjærleik, ein enorm toleranse, som heiar på kvarandre, som set pris på å vera ein del av eit fellesskap, som støttar kvarandre, står opp for kvarandre og seg sjølv. Eg har verkeleg også sett at bak all den sparkla fasaden og dei tøffe orda, er dei fleste sårbare unge på veg inn i vaksenverda. Og nettopp difor er det så viktig at vi ikkje melder oss ut som vaksne, men saman med ungdommane blir eit bra team på vegen fram mot vaksenlivet. Den vegen er litt kronglete for dei fleste ungdomsskuleelevar. Vi skal vera tydelege vaksne og gode førebilete. Vi skal stå opp mot kynisk organisering av russetida, vi skal støtta våre barns lærarar i dei vala dei tar, vi skal heia på alle gode samanhengar der vaksne tar gode val og dermed hjelper dei unge til å forstå kva samanheng dei står i. Vi skal visa at vi er tydelege vaksne som også har vore unge ein gong, gjort dumme ting og lært av det. For det treng borna våre. Det trengst faktisk ein heil landsby for å oppdra eit barn. Og om foreldre, korpset, fotballen, kyrkja, ungdomsklubben og skulen står saman om dette, kan det blir riktig så bra. For det er fellesskapet som bergar oss, og det er i fellesskapet vi skal leva våre liv. Det gjeld også ditt barn. Som vaksen må du ikkje stemma ut deg sjølv frå barnets liv, eller la deg bli utstemt. Du må vera delaktig i vala dei skal ta, du må invitera til samtale, du må lytta, men også konfrontera, du må seia at kanskje ikkje alt blir gitt dei utan motstand eller utan arbeid, at alt ikkje er lett, at vi saman utgjer eit fellesskap der ein alltid må ta hensyn. Og så må dei få prøva og feila, så klart. Vi må ta imot dei i nåde, vi må vera venlege og bestemte, kjipe og ukule. Vår jobb som vaksne er å heia, irettesetta, rettleia, kjefta og elska. Alltid. Det er både ei gåve og ei oppgåve. Lykke til, og god sommar!

Ein tanke på “Utstemt?

Kommenter innlegget