
Vi menneske treng å legga ting bak oss, elles blir det så veldig mykje å bera på. Men vi treng ikkje berre å legga ting bak oss, vi treng også å legga ting frå oss. Og helst ein plass det høyrer heime. Det er ikkje alltid lett. Men det er nødvendig, og det er ei stor gåve å kunna gjera det. Visste du at første søndag i advent er første søndag i eit nytt kyrkjeår? Kva betyr det, tenker du kanskje. Det betyr ein ny begynnelse. Det betyr muligheten til å legga bak seg noko og legga frå seg noko, og det betyr muligheten til å vera open for det nye.
«Mens frost og vintermørke rår begynner kirkens nye år.» (Svein Ellingsen). Det finst altså ein ny begynnelse, sjølv midt i den mørkaste desember, midt i vinteren, midt i kulden og vinden og livet på sitt kanskje tyngste. I slutten av november ser vi mot ein ny begynnelse. Siste veka i november tel eg ned på dagar. Eg lengtar etter advent, til å tenna det første lyset. Ikkje for at eg skal gå rett inn i juleidyllen, men for å leva i kyrkjeårets puls; først advent, så jul. Det handlar mest om lys. For nye begynnelser og lys heng saman. For kvar søndag eit nytt lys; meir og meir lys. Sakte men sikkert. Eg vil ikkje ha alt lyset på ein gong, alt det fine, all maten, all moroa. Eg vil ha advents ettertenksomhet og tid til å reflektera, nyta forventninga som ligg i advent, tid til å ta inn verda, ta inn tankane rundt den verda vi lever i, tenka over mysteriet at Gud blei menneske, tenka på nåden som ligg i nye begynnelser. Ein begynnelse er ikkje at alt er ferdig, fullt eller klart. Ein begynnelse er ein kime eller ei spire, kanskje litt sped. Det er det gode. Desember er ein begynnelse som du kan fylla med det som er viktig for deg, og du kan opna deg opp for bodskapet om lyset som kjem til jorda. For det er det advent handlar om. Bruk adventstida til å laga deg ein ny begynnelse. Legg noko bak deg, finn fram noko nytt, tenk ein ny tanke, gi rom til noko som du ikkje har tenkt eller gjort før. Eller berre tenn eit lys og ta ein kaffi og ver i livet. Rom til kvile er også ein begynnelse.
Søndag begynner eit nytt kyrkjeår med rom for ettertanke, kvile, glede og fred. Bruk det, både no, som ein begynnelse og resten av kyrkjeåret. Her er nåde, framtid og håp.