
Eg vil seia noko om bunntur; skogsbunntur.
Ikkje for å seia noko gale om toppturar.
Men bunnturar kan også vera fine, dei som går på traktorveg,
der du ikkje treng å halda deg fast eller klatra,
men der stabbesteinane langs vegen er millionar av kvitveis;
håpefulle lovnader om ein ny vår,
håp som held deg på vegen, og viser deg vegen.
Det er friskt på toppane, og det er ofte vind.
Skogen har le og ro, mose og dogg,
vegar andre har gått før,
terreng andre har utforska,
skogsbunnen har liv, svarttrost og kvitveis.
Anemone nemorosa.
Høyrer du i det namnet roa, våren, skjelvinga, skjønnheten?
Den strekker seg mot sola og opnar seg,
det kan skje også på bunnen
og ikkje berre på toppen.
Sola kan skina også i skogens mørke,
i dei små mellomromma av lys.
Du lever ikkje mindre om du er i låglandet.
Livet er ikkje alltid topptur.
Livet er av og til bunntur
med stabbesteinar av kvitt håp
som heiar deg fram.
Livet er ingen konkurranse.
Livet er ditt og det du har,
toppar og bunner,
lengslar og realitet.
Det er din veg,
og den er varda av kvitveis og håp,
kvitveis og håp.