Alder og visdom?

Ikkje sjeldan les vi om eldre menneske, og spesielt menn, som gjennom livet har komme til at ein kanskje var litt streng med ein del ting då ein var yngre, og som med alderen finn det naturleg å komma med nye standpunkt i ein del saker. Eg er glad for alle som kjem til slike erkjenningar, for det er godt at det med alderen ofte følgjer eit mjukare sinn og ein vilje til å prøva å forstå omgivelsane og verda og menneska. Samtidig har eg av og til tenkt, kva om nokon av desse hadde teke mot til seg litt før og meint det dei meiner no, mens dei var i posisjon til verkeleg å påverka? Det er lett å sitja i godstolen som pensjonist og meina noko om både politikk og religion, men det å stå i tøffe diskusjonar og ta upopulære standpunkt mens det faktisk kostar noko og kan ha ein pris, det står det endå meir respekt av.

Seinast leste eg eit intervju med artisten Rune Larsen i Vårt Land. Han seier at han «tror det er noen ting den unge Rune Larsen ville vært skuffet over med den eldre Rune Larsen». Det er tøft av han å seia det, og vi som har vakse opp i kristne samanhengar, veit at det kostar å endra syn og standpunkt i saker som berører vår tru, og kanskje aller mest vår tradisjon. Mange av oss har ei frykt inni oss, ikkje for Gud nødvendigvis, men for kva folk vil meina om oss. For hans del var det nok ein brennande iver for Jesus og trua som kanskje gjorde at ting blei litt einspora og at ein blei litt blind for nyansane i livet, erfaringane, alle dei knuste skåra som kunne komma gjennom livet. Slike ting er endå meir sårbart når det handlar om tru. Eg har også lest ein artikkel som brødrene Arnfinn og Jon Petter Nordbø har skrive i Vårt Land om vegen frå brennande songevangelistar som ville vekka menigheten opp frå den åndelige søvnen, til å stå fram som høvesvis homofil og skilt/gift på nytt. Plutselig var ein blitt ein del av dei og det ein fordømte så sterkt. Eg har respekt for at det tar dagar og år å endra syn, og eg har sjølv den erfaringa. For det er så mange stemmer, tradisjonar, bedehus, kyrkjer, predikantar, bibelvers som har sett seg i ein som eit slags strikkemønster som vi legg tankane etter (for å sitera forfattaren Bjørn Hatterud i boka Mjøsa rundt med mor, ei bok som alle må lesa!) og som vi ikkje klarar å vikla oss ut av. Sjølv blei eg som nyordinert prest i 2016 kasta inn i det store spørsmålet ganske kjapt, då lokalavisa ringte: «Vil du via likekjønna?» Eg er glad for at eg fekk press på meg, glad for at det ikkje var tid til endå fleire vandringar på den smale sti med undring, kvaler og helvetesangst, at eg våga å legga bak meg dei stemmene som ville seia at det var ute med meg dersom eg sa ja til å via likekjønna. For dei fanst i 2016, og dei finst fortsatt. Eg var glad for at eg måtte ta eit standpunkt, og at det standpunktet blei ei raus haldning til kjærleiken. Det er ikkje riktig at vi som har ganske strømlinjeforma og enkle liv (alle har sitt, stort eller litt, men likevel!) skal setja standarden for korleis ein skal leva rett som kristen Livet er nemleg ganske brokete, ganske ofte. Det er dessutan ganske mange ting ein ikkje ser eller vil visa fram i dei fleste liv, så det er lurt å vera ein tanke aumjuk. Alltid.

I ein kristen samanheng har eg faktisk ei forståing for at det kostar ekstra mykje å endra syn, og det synest eg andre også skal ha, fordi eg veit det og har erfart det sjølv. Livet; det vi meiner og det vi trur, blir nemleg til i møte med nettopp erfaringar, og livserfaringar har ein tendens til å mjuka opp sinnet og hjartet, heldigvis, så vi kan sjå med eit rausare blikk på kvarandre.

Det hender heller ikkje sjeldan at politikarar, tidlegare statsrådar, kulturpersonligheter og andre står fram i diverse portrettintervju eller sit og skin på Lindmo og meiner mykje etter at dei er trygt plassert i godstolen etter endt arbeidsliv. Då tenker eg ganske ofte: Tenk om du hadde våga å sagt dette mens du var i posisjon til å skapa ei endring! Vi må aldri bli så redd for jobben vår, ryktet vårt eller ettermælet vårt at vi ikkje torer å seia frå. Det kostar å seia frå, men prisen er langt høgare for dei som blir utsett for den uretten som vi teier om.

«Hold sinnet ditt mjukt» seier Hans Børli. Dagens oppfordring er å prøva å vera mjuk til sinns allereie no, der vi er, i arbeid, i frivillighet, i møte med menneske frå andre tradisjonar, i møte med familie i krevjande situasjonar. Sinnet kan bli både mjukt og stivt med alder og år. Men for oss som framleis har ein sjanse til å faktisk påverka dei samanhengane vi er i, før vi sit som sjuande far i huset og knirkar i hornet på veggen: Lat oss bruka posisjonen, påverknadesmuligheten og sjansen! Det kostar litt, men det er verd det. For hadde det ikkje vore for menneske som satsa, som torer å tenka annleis og som ropar ut mot urett, så hadde ingenting skjedd, verken i kyrkja eller i samfunnet elles. Vår tid er no.

Hold sinnet ditt mjukt!

– Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
– La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

Hans Børli

Foto: Lat oss melda oss på og vera lagkaptein i eige liv, og av og til vera fus i alt! Ein lukkeleg dag i Lucca i 2008

Kommenter innlegget