
På skogsvegen der eg ofte går tur med hunden, står det informative skilt om livet i skogen. Det er artig å lesa og ganske nyttig. For av og til ser skogen litt rufsete ut, og ein kan undra seg over om nokon eigentleg steller med han og har omsut for han. Men så kjem det brått eit skilt der det står «På hogstfeltet lar vi noen trær stå igjen» eller «Noen trær kappes et stykke opp på stammen». Det er altså ei fornuftig årsak til at ting er som dei er, og ser ut som dei gjer.
Dette fekk meg til å tenka på oss menneske: Kanskje me skal laga oss nokon mentale skilt langs vegen vår. Der kan det stå t.d. «Ho du møter langs vegen til jobb kvar dag, er litt rufsete no. Ho har akkurat vore sjuk.» Eller: «Han som går forbi huset ditt kvar dag og ser lei seg ut, har akkurat mista jobben». Eller «Tenåringen som går sakte og glor i telefonen, gruar seg til skulen». Eller: «Ho som smiler kvar dag, er forelska». Det høyrest kanskje litt enkelt ut. Men poenget er: Vi treng å stoppa opp før vi dømmer. Vi er så snare til å tenka kvifor ting er som dei er, og ikkje minst tru at vi har svaret på korleis ting skal vera. Eg anar jo ikkje kva som er bra skogsdrift, og difor er det veldig nyttig med denne informasjonen. Det gjer meg faktisk ganske fascinert over alt eg ikkje veit, alt vi til saman kan, all kompetanse som finst om folk, natur, skog og liv, og det gjer meg audmjuk overfor alt eg ikkje veit – men likevel ofte meiner noko om.
Ofte er det altså ein grunn til at ting er slik dei er, ser ut som dei gjer, at folk smiler eller grin, er tjukke eller tynne, velkledd eller rufsete. Og dessutan: Livet, verken i skogen eller for oss menneske, er ei rettlinja reise, men ein veg med mange avstikkarar, mange samanhengar, eit økosystem og eit kjenslesystem med ting og hendingar vi både rår over, og ikkje rår over.
Lag deg difor nokre mentale skilt som kan fungera som påminning til deg sjølv om kvifor ting ser ut som dei gjer. Eg trur dei fleste av oss prøver så godt vi kan. Verda blir enklare om vi ser på kvarandre med forståing for at denne av og til kronglete reisa som livet er, set sine spor.