Kommentar til dokumentaren «Under Guds øye»

Strandheim med utsikt over Oslofjorden og Slemmestad til venstre i biletet

Dei to siste dagane har eg, som mange andre, sett TV2-dokumentaren «Under Guds øye» som omhandlar Sannhetens Ord bibelsenter i Slemmestad. Som sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, i det lokalsamfunnet der dette har foregått, vil eg skriva dette innlegget.

Eg kjenner fleire av dei som er med i dokumentaren, og eg har møtt mange av dei i ulike samanhengar profesjonelt. Som dei fleste som har sett dokumentaren, er eg rysta over erfaringane dei fortel om, og livet dei har levd i menigheten. Om eg er overraska, er eit anna spørsmål. Som dei som tek del i dokumentaren sjølv seier, var det eit lukka miljø med lite innsyn, vanskeleg, ja umogleg, å komma til med kritiske spørsmål både for dei som høyrde til, og for oss som stod utanfor, men som berre ante at noko ikkje var som det skulle. I tillegg, slik det som regel er i sekteriske samanhengar, var det også stor grad av fornekting frå medlemmane, og kritiske spørsmål direkte blei føyd bort, sjølvsagt i frykt for konsekvensane frå leiarskapet. Frykta er det som har styrt medlemmane, slik det kjem fram i dokumentaren.

Dei som står fram i dette programmet, er reflekterte, oppegåande og ressurssterke menneske. Dei er offer for eit system, samstundes understrekar dei også eige ansvar oppi dette. Kvifor er det viktig å seia? Fordi vi må plassera problemet der det er: Det utruleg skumle som ligg i muligheten som finst for hjernevask, manipulering og usunn maktbruk i kristne samanhengar (og i andre samanhengar, vi kjenner det att frå historia). Når vi ser slike dokumentarar, kan vi fort meina noko både om denne sekta, om dei som var med der, og alt dei står for. Om ein ikkje kjenner ein del terminologi, måten dei snakkar om tru på, og kva ei kristen tru kan bety for oss (positivt), er det ekstra viktig å vera nyansert. Det er ikkje alt som er vilt: Å be for andre er ganske vanleg, å bekjenna synder gjer vi kvar søndag i Den norske kirke, å løfta hendene når vi syng er heller ikkje uvanleg i mange kristne samanhengar, og det er ingenting teologisk i vegen for full neddykking i dåpspraksisen. Kvifor skriv eg dette? Fordi det som er viktig, er å seia noko om det som ikkje er bra, og for å gjera det må vi også kunna noko om miljø vi kanskje i utgangspunktet er framande for, før vi uttalar oss, meiner eg. Veronika Hægeland seier noko om dette i ein av episodane: Ho understrekar at trua og Gud betyr noko for henne, midt oppe i alt som er vanskeleg. Det skal vi ha respekt for. Det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. På samme tid er det også heilt opplagt og fullt forståeleg at nokon har fått nok og ynskjer å ta avstand eller ta ein pause. Vi snakkar om svært nære ting i menneskers liv, og det må vi alltid gjera med den største respekt og omtanke. Eg beundrar motet til desse menneska, for det dei fortel, er heilt hårreisande, og berre det å våga å setja ord på det og fortelja det til alle oss som ser, er imponerande. Eg håpar det kjennest godt, rett og frigjerande. Spesielt bevega blir eg av Josvas forteljing om hans veg gjennom dette, fødd som han var inn i denne sekta, og likevel med mot til og ord for å snakka reflektert om det som tenåring. Respekt!

Det er naturleg å spørja seg kva vi som var rundt, oppfatta av det som skjedde. Kva gjorde vi, og aller mest: kva gjorde vi ikkje? Fram til ca 2017 hadde vi jamlege pastorfrukostar, vi som var leiarar i ulike kyrkjelydar og forsamlingar i gamle Røyken kommune. Det var Salem Åros, Betesda Slemmestad, Betel Nærsnes, Sannhetens Ord og dei tre kyrkjelydane i Den norske kyrkja i Røyken kommune. Både Rune Gravdal og Normann Olsen var som regel med på desse frukostane. Vi hadde også fellesgudstenester på andre pinsedag. Eg begynte som sokneprest i Slemmestad og Nærsnes i 2016 og oppfatta nok utover året at samarbeidet begynte å halta. Det hadde nok mellom anna å gjera med vedtaket om likekjønna vigsel i Den norske kyrkja frå 2016, og eg fekk også enkelte hint om at samarbeidet hadde vore lettare då min forgjengar som sokneprest, var mann (det kom ikkje frå Sannhetens Ord). Våren 2017 kom det til eit punkt der det berre var Sannhetens Ord og Den norske kyrkja som stod att som samarbeidspartnarar på fellesgudstenesta på Strandheim andre pinsedag. Her er eit kort utdrag frå ein e-post som eg sende til soknerådet: «Eg ser på det som problematisk å samarbeida berre med Sannhetens Ord av ulike grunnar: Deler av teologien og den lukka menighetsformen er nokså fjernt frå dnks teologi og tenkning». Som sokneprest valde eg då å avslutta samarbeidet, også fordi eg opplevde at Sannhetens Ord gjennom å samarbeida med Den norske kirke fekk ein slags legitimitet som menighet, og det ville ikkje eg vera med og legga til rette for. Det er eg glad for at eg gjorde i dag. Men likevel spør eg meg: Burde vi skjønt meir? Burde vi gjort meir? Burde vi sett meir? Leita meir? Spurd meir? Eg er usikker på om vi var i posisjon til det, sannsynlegvis ville dei ikkje ha lytta, men fått forsterka si tru på at det var Sannhetens ord mot verden. Det var så lukka og så livsfjernt at det mest føremålstenlege sannsynlegvis var å avslutta samarbeidet. Pastorfrukostane tok også slutt, kanskje primært av andre årsaker, men også dette botna nok, slik eg hugsar det i dag, i komplisert kommunikasjon.

Den norske kyrkja har ein annan struktur enn frimenighetane. Den norske kyrkja har eit lokalt styre (sokneråd), og vi har ein biskop i Oslo bispedømme som fører tilsyn med oss. Vi har ein fast liturgi som regulerer gudstenestene våre, kvar søndag har sitt preg, og som prest bestemmer eg ikkje sjølv kva tekstar eg skal preika over kvar søndag. Eg trur alt dette er sunt og svært viktig, fordi det hindrar oss i å bli høge på oss sjølve som autoritetar i kyrkjelyden, det gjer oss til ei ganske transparent kyrkje med mulighet for både å varsla, melda avvik og påverka gjennom råd og utval på alle nivå. Det er det strukturelle. Men som Katarina seier heilt til slutt i dokumentaren: I kirka er det rom for både tvil og tru. Til saman håpar eg dette gjer oss til ei kyrkje som tilbyr trygge rom, sunn forkynning og ein stad å komma med alt ein er, og alt ein ber med seg.

Katarina, Kim, Hedda og dei andre som står fram til dokumentaren, fortener all mogleg respekt. Dei er ressurssterke, oppegåande menneske. Dokumentaren lærer oss noko om kor blinde vi kan bli i møte med religion, i møte med maktsjuke system, men aller mest om kva makt som potensielt ligg i å skyva Gud foran seg og påberopa seg autoritet over andres liv i kraft av å ha ein spesiell kontakt med Gud.

Noko av det som verkeleg opprører meg, er dei som også i etterkant av dette som har komme fram dei siste åra, skuldar media for å grava i unødvendige saker som er tilbakelagt, at menigheten har bedt om tilgjeving og at det er eit unyansert bilete som har komme fram i denne dokumentaren. Den einaste måten å nyansera på, måtte vera at leiarskapet i menigheten som framleis eksisterer, bidrog i dokumentaren, noko som blir understreka i kvar episode at dei har avslått. Finn Jarle Sæle, tidlegare redaktør i den kristne avisa Dagen og no i den høgrevenlege avisa Norge i dag er ein av dei som kritiserer dokumentaren: https://idag.no/sannhetens-ord-pa-nytt-i-mediene/19.47242. At Kim, Katarina, Hedda og dei andre i serien vel å stå fram, vitnar om sunn fornuft og mot. At menigheten Sannhetens ord ikkje vil imøtekomma dette, og at nokon til og med synest det er på sin plass å forsvara menigheten, vitnar om det motsette av sunn fornuft. Og det er alt dette vi som kristne, og som menneske, må kjempa mot.

Sjå, tenk og lær, med eit ope blikk og respekt for dei historiene som blir fortalt, og dei menneska som fortel.

Ein tanke på “Kommentar til dokumentaren «Under Guds øye»

Kommenter innlegget