Desember kjem med ei gåve

Overskrifta er kanskje ikkje overraskande. Dei fleste av oss får gåver i desember. Det er gåver av det materielle slaget som kanskje er like kjekke å gi, som å få. Men desember kjem med ei gåve til, som ikkje kan målast i pengar, men i heilt andre verdiar.

I desember har du 24 dagar til ettertanke. Eg moraliserer ikkje, på tross av at eg er prest, over at julemarsipanen er i butikken i oktober. Derimot synest eg det er litt deilig når den er på plass i butikken, for det betyr at jula nærmar seg – men eg kjøper den aldri før desember. I desember øver eg meg på å venta. Det er ei tøff øving for oss som er fødd utålmodige. Men eg trur også det er ei tøff øving for mange av oss i 2024. Vi vil ha ting med ein gong, og for dei fleste av oss går det heilt fint å få det slik vi vil, med ein gong. Difor er det juletrelys, ribbe og julemusikk i oktober. Og marsipan.

Gåva frå desember til deg i år er 24 dagar til å venta. 24 dagar der du kvar dag kan ta ei stund til ettertanke. Kanskje din adventskalendar skal vera ein kopp te i sofaen og litt soft musikk på anlegget ei ettermiddagsstund? Kanskje ein rusletur i frosten, i det vakre førjulslandskapet? Kanskje ei adventsforteljing som lar kvar dag fram mot jul, opna seg som ei lita gåve? Nordahl Grieg sa dette om forventning i diktet «Brevet»:

For det er det lukkede brevet
som eier den største charm,
og alt det som ikke er skrevet
som gjør os om hjertet varm.

Vi driv med mykje rart i kyrkja. Vi er kanskje ikkje alltid i takt med samtida, men overraskande ofte er vi det. Eg erfarer nesten alltid at det vi forkynner, faktisk gir gjenklang i folks liv når dei oppsøker kyrkja. Eg elskar sjølvsagt julafta; forventninga, den gode stemninga, at kyrkja er full – det er fantastisk. For ein tradisjon, og for ei tru det vitnar om! Men kanskje like mykje elskar eg advent. Eg synest det er heilt fantastisk å vera ein del av ei kyrkje som forkynner ein annan bodskap enn at du kan få alt du vil ha, med ein gong heile tida. For meg er advent ei stor gåve. Det er ein måte å førebu seg på til det som kjem, leva i forventning. Og så er advent ei tid å granska meg sjølv, tida eg lever i, verdiane mine. Det gjenspeglar også bibelstekstane du høyrer i adventstida, om du går på gudsteneste. Kanskje er du skuffa når du går i kyrkja i advent og blir avspist med to vers av «Tenn lys» og ikkje full pakke med «Deilig er jorden»? Men vi ventar, og ventar, og ventar, vi held igjen, og det er deilig å vera litt motstrøms. Ikkje for å moralisera, men fordi vi trur det er godt og viktig for oss.

Enkelte meiner at kyrkja berre må snakka om det som er godt og gildt og glansfullt i desember. Eg trur og meiner noko heilt anna. Vi må snakka om det som er i folk sitt liv, det som rører seg i oss og rundt oss, om forventning og realitetar, relasjonar og utfordringar. Vi må snakka sant om livet. Er det éin stad vi må snakka sant om livet, er det i kyrkja.

Gåva til deg frå desember er å ta vare på forventninga og gi deg sjølv lov til å gleda deg til noko som du må venta på. Vi kan bli metta på det materielle. Men forventninga kan framleis brusa i oss og bu i oss og kanskje vera noko av det største vi kan oppleva i vår tid. For alt det gode kjem ikkje med ein gong og sjeldan heile tida. Men det kan koma gode ting i små drypp ein vanleg kvardag når du pustar djupt, seinkar skuldrene og opnar hjartet for alt som er i deg, og rundt deg, mens du ventar på den aller største gåva: Det vesle barnet i stallen.

Kommenter innlegget