Eg har ein draum…

Soloppgang på Hardangervidda 23. januar 2023

«Ring the bells that still can ring
Forget your perfect offering
There is a crack, a crack in everything
That’s how the light gets in.
«

Kanskje tenker du at sitatet frå songen Anthem av Leonard Cohen har blitt eit forslitt og klisjé-aktig uttrykk for korleis livet er. For meg er sitatet eit uttrykk for korleis livet er, heilt riktig, men kanskje aller mest er det eit vitnesbyrd om evangeliets mulighet og kjerne. Veldig åndeleg, tenker du kanskje? For å seia det litt enklare og meir daglegdags: I dette sitatet møtest mitt liv og det kanskje litt underkommuniserte påskeevangeliet som står i skuggen (bokstaveleg tala) av det store oppstodeunderet, nemleg nærværet av Gud i livet, i lidelsen og i det vanskelege. Det kan du lesa meir om her: https://www.expressen.se/kultur/joel-halldorf/influensern-lever-i-en-panisk-radsla-for-smarta/

Linken over viser til Joel Halldorf sitt glitrande essay om lidelsens plass (eller mangel på plass) i menneskelivet. Og kort sagt og oppsummert frå meg, løysinga er det Leonard Cohen som uttrykker: Berre gjennom sprekkene våre, når fasaden bryt saman, og vi vågar å erkjenna kven vi er, då kan lyset trenga inn i oss. Eg trur dette samla sett er ei av dei største utfordringane i våre liv: Vårt perfekte ytre som ikkje toler livets av og til brutale lys: At alt ikkje alltid går som vi vil, at vi ikkje alltid kan styra korleis ting blir, og at manifestering og sunt kosthold faktisk ikkje alltid er reiskapane vi treng for å unngå å få kreft eller bli ramma av ulykker. «Vi har ingen skydd mot livet», seier den finske poeten Eeva Kilpi. Det er heilt riktig.

I år er fotvaskinga (https://bibel.no/nettbibelen/les/nb-2024/JHN/JHN.13?verse=JHN.13.1&verseto=JHN.13.17) evangelieteksten på skjærtorsdag. Peter nektar først Jesus å vaska føtene hans. Det var sjølvsagt uhøyrt at Herren skulle vaska tenarens føter, det burde vera motsett i følge Peter. Men det spørst om ikkje Peters skepsis til og totale avvisning av at dette skulle skje, kanskje også botna i ei frykt for å nettopp innrømma ein utilstrekkelighet. Også læresveinane var opptekne av kven som var den største, den viktigaste – og Peter er ikkje noko unntak. Samtidig erfarer kanskje Peter utover i denne handlingsmetta veka at vegen til triumf nettopp går gjennom lidelse og død og ikkje gjennom å heva seg over andre – slik Joel Halldorf også skriv om i sitt essay.

Kor kan vi gå med det som er vanskeleg? Kor er det rom for det som vi ikkje får til? Kor kan vi legga det? I kva samanhengar blir det sett ord på det vi ikkje får til? Følelsen av å mislykkast? Ikkje strekka til? Ikkje få ting til? Ikkje klara livets byrder? Kor kan vi snakka om at livet er brutalt, når vi mister ein ektefelle på 55, når vi føder eit barn som er dødt, når angsten fyller oss, når kvardagens byrder blir så uoverstigelege at vi går under?

Det er her min draum kjem inn i biletet. Eg er nemleg overbevist om at det finst ein stad for alt som er vanskeleg. Ingen quick fix, på ingen måte. Men ein stad, eit rom, nokon ord og musikk som salve på såra. På mange vis er det å jobba i kyrkja ein rar jobb å ha. Men på eit vis gir det så god meining! Mi erfaring er nemleg at folk synest det er så fint å komma i kyrkja, og vi får 99% positive tilbakemeldingar, folk blir rørt, det kjennest meiningsfylt og godt, vi snakkar sant om livet og vi har fin musikk, gode ord og reiskapar for den vegen vi vandrar på, her i ei verd som er på villspor. Så: Kvifor går ikkje folk i kyrkja? Heile tida! Kvar søndag! Kvifor følger ein ikkje kyrkjeårets rytme, takt, nyansar, ord og evangelium? Ein kollega eg hadde i min forrige jobb, sa ein gong: «Jeg klarer meg så fint uten kirka, jeg trenger den ikke». På mange vis skjønar eg han, og det gir meining. Og så synest eg likevel det er eit heil ulideleg trist utsagn! Eg kan sjølvsagt mista motet av det når eg no jobbar i kyrkja. Det er det eine. Men for meg er det viktig å seia at eg forstår at folk seier det, og eg trur slett ikkje det var til forkleinelse for det vi driv med i kyrkja. Men eg trur det er sant! Eg kjenner ikkje denne kollegaens vaner som kyrkjegjengar, men eg veit såpass at det ikkje var framandt for vedkomande å oppsøka kyrkja. Eg anerkjenner det han sa, og eg forstår det på eit vis. Samtidig tenker eg at vi treng kyrkja, alle saman. (Det hadde jo vore teit å jobba i kyrkja og ikkje meina det!)

I gamle dagar snakka ein av og til i kristne samanhengar om at ein hadde ein «nød» for menneske. Den nøden gjekk kanskje mest ut på at ein var bekymra for at folk skulle havna i helvete dersom dei ikkje tok i mot Gud. Eg kjenner ikkje så voldsomt på akkurat ei slik nød. Men den nøden eg kjenner på, er knytt til at kyrkja tilbyr ei livsmeining og eit fundament i menneskelivet som mange i vår tid treng. Difor har eg ein draum om at kyrkja i påskedagane, og kanskje særskilt på skjærtorsdag, skal vera fulle av menneske. Ikkje fordi det tek seg godt ut i statistikken, det bryr eg meg ingenting om, men fordi eg drøymer om at folk skal få oppleva alt det fine ein kan få heilt gratis: fellesskapet, musikken, nåden, ja sjølve livet.

Det er på mange vis risikabelt å påstå at alle vil finna livsmeining i kyrkja. Det kan eg ikkje vita, og det er ikkje sikkert at det skjer. Det eg er heilt sikker på, og som alt i vår tid vitnar om, er at menneske treng ein stad å gå med livet, spesielt med alt det ein ikkje får til. Alt det som ikkje eignar seg for publisering, men som legg seg inni oss, lag på lag. Det er det, kjære lesar, du kan ta med deg i kyrkja. Kyrkja er nemleg ein losseplass eller ei havn for alt det du ber på. Og ved den havna, i det skipet som kyrkjerommet er, kan du også lasta opp eit håp, kanskje litt nytt livsmot, ei kraft og litt vind i segla til å ta med deg ut att. Kanskje frå første påskedags evangelium eller kanskje frå skjærtorsdagens evangelium om fellesskap, kjærleik, nærvær, det på same tid menneskelege og guddommelege som står så sterkt på denne heilt spesielle dagen i kyrkjeåret og i påskeforteljinga.

Eg ønsker deg i alle fall velkommen. Og eg synest det er verd eit forsøk.

Påsken er best i kyrkja.

Kommenter innlegget