Sommarens tankespor

Det er ikkje berre berre å venja seg til nye ting, for eksempel ei veke med sol og i underkant av 30 grader i Hardanger i juli. Det er så varmt at ikkje ein gong hunden giddar å gå tur, men helst vil lauga seg i fjorden og rulla rundt i tangen, og det er rik tilgang på begge deler. Eg trur eg snart må trassa varmen og byrja å måla kjøkenet eller noko. For mange dagar utan aktivitet og der tankane får fritt utløp er ikkje bra i for stor utstrekning.

Likevel: Ferie er tid for å tenkja og ikkje tenkja, å grubla og glo, vera i rørsle og kvila, bada og tørka, sol og skugge. Ikkje minst er ferie tid for å lesa bøker, høyra på podkast og kanskje tenkja nokre nye tankar. Det ein les og det som skjer rundt oss, lagar tankespor. I alle fall er det slik for meg. Det betyr at denne sommaren hentar sine tankespor frå Tyskland på 1600-talet i Tore Renbergs Lungeflyteprøven, frå huset til brødrene Eikemo i Odda (Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo), frå Hilde Sandviks etter kvart grundig omtalte «Sommer i P2»-episode om religionens potensielt øydeleggande makt. I går såg eg filmen «Den sista resan» om forholdet mellom ein far og ein son. Anbafalar den også, den ligg på NRK. Dette er tankespor som eg likar å vera i, fordi det lar meg bruka mitt eige liv på ein ikkje altfor anstrengande måte: Samanlikna mitt liv og mine erfaringar med det eg les og høyrer. Og kanskje gir det tankesporet ein ekstra dimensjon at dette skjer med utsikt til barndomsheimen og med bølgjene frå den samme fjorden som eg vaks opp ved.

Livet vårt kan ikkje lausrivast frå det som skjer rundt oss, og livet vårt blir også til i møte med det som møter oss i livet; ei bok, eit menneske, ei utsikt, eit minne. Livet og litteraturen blir fletta saman, og det er det som er litt av litteraturens funksjon og utrulege effekt; vi les ikkje berre ein roman, men vi les, gjenopplever og tolkar vårt eige liv i det vi les. Slik utvidar både boka vi les, og vårt eige liv, seg. Når eg t.d. les om brødrene Eikemo, kan eg kjenna att sider ved mitt eige liv og min eigen oppvekst; det raude huset der farmor budde, med ei gammal faster på loftet (Ragnhild, heitte ho, trur eg, og ho var så sta og vrang at då dei skulle flytta huset nokre meter bakover fordi riksvegen austover skulle bli breiare, låg ho i senga si på loftet medan huset blei rulla på stokkar nokre meter lenger bak). Eg hugsar alle søndagane vi var der og leika butikk i kjellaren, og så hugsar eg den litt kalde, skumle, grøne vaskekjellaren som blei brukt til både lefsebaking og klesvask. Alt dette kjem eg frå. Alt dette har forma meg, bit for bit.

Og så reiser ein bort. Noko tar ein med seg, og noko ligg att. Slik blir mitt liv forma. Og fordi nokon kjempa mot fastlåste normer i Tyskland på 1600-talet, kjempa for at ny og frisk luft skulle fylla maktens korridorar, så kan eg gå rundt som ei fri kvinne. Vi må takka alle som har teke ein for laget, og som gjennom forskning, tanke, haldning og handling har endra verda bit for bit – til saman. Det går trass alt på mange vis framover, det blei eg minna på då eg høyrte på Robert Mood på Sommer i P2, eit program å anbefala! Det var elles der rabalderet byrja med Hilde Sandvik og hennar skråblikk på både makt, religion og eigen oppvekst. Eg trur ho har rett, og eg ser ikkje på det ho seier, som noko trugsmål mot mi eiga tru. Tvert om! Eg trur ho har rett i at makt og religion i tospann kan vera øydeleggande, det veit vi jo. Og vi veit alle at dei to einingane på eit eller anna vis heng saman. Religiøse reglar som blir haldne i hevd av, i hovudsak, menn i mange ulike tradisjonar og religionar, er ofte øydeleggande. Og talande nok er det ofte menn i vår tid som også går ut og forsvarer desse lovene og reglane og konserveringa av dei. Det er slike straumdrag ein skal vera obs på i vår tid. Mood seier for øvrig at vi nordmenn er både sneversynte og sjølvgode, og det kan gjelda både menn og kvinner. Synet på oss sjølve formar synet vi har på verda og dei rundt oss. Vår måte å sjå verda på, er kanskje ikke alltid et einaste rette. Når det gjeld makt og religion har eg forresten erfart sjølv at eldre kvinner har neia for meg når eg kjem på sørgesamtale. Det gjorde ikkje elvane mine på KG. Det seier noko om kva makt også kyrkja har hatt. Det er ganske viktig at vi er klar over. Vi tar ikkje historia og menneskets forteljingar på alvor dersom vi føyser bort dette som tull.

Vi må tola kritiske blikk på religion blanda med makt, vi må tola at folk stiller spørsmål. Det er alltid naudsynt å halda makta under oppsikt, og no er det mykje maktbruk i verda som er uheldig. I staden for å bli teken av avmakta, kan vi kanskje bruka tid på å granska, slik Sandvik gjer, om det er ting og tang i vår historie som, både den nære og den verdsvide, er verd å ta eit oppgjer med. Det er ikkje farleg. Det er slik verda har gått framover. Så er det jo alltid slik at ein fort blir ein del av det ein sjølv kritiserer, gjennom måten ein kritiserer det på. Sandvik tar religion og makt på alvor og med ei erfaring som det er verdt å lytta til. Kanskje hadde det vore lettare for dei/oss som framleis høyrer til i ulike religiøse samanhengar å gi ho rett og vedkjenna oss det ho kritiserer, dersom ho hadde omtalt det litt meir nyansert. Men dette er hennar erfaring og hennar historie. Mest av alt er det interessante liner mellom eit kyrkjerom i Rogaland og ei heil verd. Begge stader kan misbruk av makt finna stad, både med og utan religion som ingrediens, både av prestar, patriarkar, indremisjonspredikantar, pastorar og politikarar – alle som har tilang til makt.

Slike ting kan ein tenka på før ein går ned og badar i ein sjokkerande varm fjord, i det gradestokken nok ein dag kryp opp mot 30 grader.

Kva les eller høyrer du på i sommar, kva er ditt tankespor?

Kommenter innlegget