Overgangar

Kanskje det kjem med alderen, men ein tenker meir eksistensielt om overgangar i 50-åra enn når ein er 19 eller 25, i alle fall gjer eg det. Overgangar er spanande, ofte fine, av og til skremmande og ofte fylt med vemod. Denne hausten er det mange overgangar (men berre ein overgansalder!). Ny jobb i oktober, eit barn (til) som har flytta heimefrå, eit barn som begynner på ny skule – og overgangen frå ein nydeleg sumar til ein ny haust. Kanskje har overgangar blitt litt meir slitsomme også med alderen. Ein tenker – og har meir tid til å tenka – enn når ein stod midt i stormen.

Kvardag

Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom frå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leve
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkje på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fiketrei,
og let heltane slåst ved Troja.

Fra Dropar i austavind, 1966

Eg må seia at eg er begeistra for Olav H. Hauges framstilling av livet og livets gang. «Du berre var i stormen». Slik var det å vera småbarnsmor. Vi spurte ikkje etter livsmeining eller kvifor vi var her. Vi berre var i stormen, og det var kjempefint. Det var livet! Så kjem den litt meir stille og grå kvardagen der vi set poteter eller set i sofaen og tenkjer, les litt dikt og let verda gå sin gang. Lyrikken forsyner meg ganske ofte med setningar som let meg tenka: Ja, slik er det for alle. Det er akkurat som om eg finn ei semje mellom oss menneske i lyrikken. Ja, slik er det! Det vil eg påstå er noko av lyrikkens djupaste vesen; gjenkjenninga, og det den skapar i oss.

Ein annan lyrikar som eg ofte vender meg til i overgangar, er Jakob Sande. Eg veit ikkje noko vakrare dikt enn hans «Hymne». Eg begynner nesten å grina kvar gong eg høyrer det (https://open.spotify.com/track/2on6IaPCZdXmBQE7qBgDDC). Og eg blir så overmåte rørt av at Jakob Sande, mann, far, frå ei anna tid skildrar med ein slik mjukhet korleis det er å vera foreldre, det vanskelege, det fine, det såre, at ein gir heile seg til dei ein har fått ansvar for. Dette diktet fortel oss noko om det nære ved å vera forelder, men også det at barna kjem til oss frå ei verd, er i vår verd, og skal skapa si eiga verd. Det å vera forelder er eigentleg fullstendig overveldande, og så gjer vi det likevel. Er i stormen, lever i gleda og travelheten, er glade, sinte, slitne og fulle av kjærleik. Jakob Sande skjønte og formidla alle desse kjenslene.

Du kom til meg frå grybleike strender
drøymd av Gud inn i æva ein gong.
Eg har bore deg på mine hender.
Eg har gitt deg min djupaste song.

Gjennom sol har eg ført deg ved handa,
og når tida mot kveld fall deg lang,
har vi vandra i eventyrlanda
til du trøytt sovna inn på mitt fang.

Eg har sett dine augo å tindre,
tindre blå imot stjerner og hav,
og ei verd veksa fram i ditt indre,
den du undrande sjølv spegla av.

Kvar ein tanke på deg og kvart minne
bygger tempelkvelv over min veg.
Eg har reist deg eit altar der inne
og fornekta Jehova for deg.

Gjennom nedgang og natt skal du skine
på min veg alle audslege mil.
Eg vil døy under hendene dine
og gå under i glans av din smil.





Eg les i haust boka How we learn to be brave. Den er skriven av Mariann Budde, biskopen som talte på Trumps innsettelse. Ho gav ut boka før denne talen, men det var absolutt ein modig og forandrande augneblink i hennar liv. Av og til veit vi at forandringa kjem, av og til veit vi at vi er modige, av og til var vi det litt utan at vi ante rekkevidda av det. Uansett, ho skriv om augneblink der vi vågar å vera modige, og ikkje minst er det knytt til overgangar: Når vi vel å reisa, byta opp, kanskje seia farvel til menneske vi står nær, fordi vi må leita etter noko anna, ta avstand, oppleva nye ting eller utvikla oss. Men også når vi vel å bli, fordi nokon treng oss, når vi vel å setja oss sjølve til sides, eller når vi innser at det som trengst akkurat no, er at eg blir, anten det er der ein bur, i jobben ein har eller i andre val. Les boka!

Livet er fullt av overgangar. Overgangane kjem ikkje aleine. Dei kjem ofte med nye innsikter og nye muligheter. Det er ein kunst å omfavna dei ulike fasane i livet. Eg prøver så godt eg kan å omfavna kvardagen, meir tid til å tenkja stille over livet, det som har vore, og det som skal komma, og la heltane slåst ved Troja.

God helg!

Kommenter innlegget