
I laurdagens Vårt Land (14.12.24) kunne vi lesa om fenomenet «Krigerne» og «Søstrene”. Det er grupper for hhv gutar og jenter som har oppstått på internatskular rundt om i Noreg, i hovudsak skular knytt til Indremisjonsforbundet.
Eg har lyst å seia at det er mykje bra med dette. Og når eg les artikkelen, ser eg at viljen og ønsket som ligg bak, har mykje godt i seg. Dei som har starta dette, vil ungdom godt. Dei som er med, vil seg sjølv, Gud og sin neste godt.
Men likevel, eg får litt frysningar av det eg les. Og det er kjipt å innrømma det, for eg er veldig glad i Framnes, som dei skriv om. Eg har vore mykje på Framnes i mitt liv, eg elskar plassen, går stadig tur der og har veldig mange gode minne frå barndom og ungdom frå denne nydelege plassen, også minne av religiøs art, gode opplevingar og sunne erfaringar i eit godt, kristent miljø.
Det eg les om i Vårt Land, framstår likevel ikkje umiddelbart som det. Og det er ulike grunnar til at eg reagerer. Eg meiner prinsipielt at det er forskjell på kva som bør finna stad på ein bibelskule og på ein kristen vidaregåande skule. Ein bibelskule er noko heilt anna enn ein vidaregåande skule. Det er eit miljø og eit fellesskap som elevane har valt, ut frå eit mykje meir unisont ønske, og ein vilje til å leva eit år tett på bibel og bøn, kristent fellesskap og utvikling av eige tru. Ein vidaregåande skule har eit heilt anna mandat, også inn mot elevar som primært har valt skulen fordi det er eit fagtilbod der som andre ikkje kan tilby, eller at ein treng eit miljøskifte, at det er den skulen som ligg nærast der ein bur, eller det kan vera mange andre grunnar. Ein har, som skuleleiar, difor eit heilt anna ansvar andsynes det miljøet som utviklar seg og set seg som standard, på ein vidaregåande skule (kristen eller ei, for så vidt) enn på ein bibelskule, ikkje minst når det kjem til kommunikasjon. Eg reagerer på at leiinga på Framnes er fråverande i artikkelen, og at andre stemmer på skulen ikkje kjem fram. Det er muligens Vårt Land si feil, og i så fall meiner det er slett journalistisk arbeid. Eg meiner Vårt Land burde stilt langt fleire og meir kritiske spørsmål til skuleleiinga på Framnes i denne artikkelen. Eg veit at dette ikkje blir opplevd som ukomplisert for alle som har tilknytning til Framnes. Rektor på bibelskulen på Bildøy svarer i artikkelen godt og reflektert rundt dette som skjer på hans skule. Eg har vore lærar på ein kristen skule i 13 år og veit kva som kjenneteiknar sunne og gode miljø. Slik eg ser det, er det først og fremst ei god ånd og eit kristent og kulturelt medvit som har evne til å samla, meir enn å skilja. På Kristelig Gymnasium der eg jobba, var dette ein basis som låg i botn for alt arbeid: Ei klar openheit om at det var ein kristen skule, men i hovudsak på ein måte der ein merka det på den kulturen som var der, meir enn på ei haldning om kven som oppfatta seg som kristne, og kven som ikkje gjorde det. Eg trur ikkje dei granskar hjarte og nyrer på desse ulike kristne skulane som Vårt Lands skriv om, men eg trur heller ikkje det er å unngå at dei som ikkje er ein del av dette, reflekterer over kor dei plasserer seg sjølv. For kva er det eigentleg å vera ein kristen? Kva inneber det? Er det nok å vera døypt? Er det nok å be i kveldsbøn? Er det nok å gå på eit møte av og til? Eg håpar at det ikkje blir lagt stein til bører for dei som ikkje ser det som naturleg å vera ein del av dette fellesskapet. Og eg håpar at desse har gode førebilete dei kan snakka med. Det er eit leiaransvar å sikra at det blir ein god kultur for alle.
Når eg les artikkelen, framstår livet som kristen som eit evig vitmemøte, du veit, slike vi hadde siste kvelden på leir eller på kortur der vi fylt av Anden, herleg nyfrelste, trøtte og forelska delte (litt for mykje) av det som låg oss på hjartet. Når vi kom heim, vakna vi av den åndelege rusen, og det jamna seg ut og blei stort sett til ei sunn kvardagstru for dei fleste av oss. Og det er noko eg lurer på i denne saka: Livet i ei boble på ein internatskule, let det seg foreina med dei erfaringane ein vil få etterpå? Bør vi dela det vi har på hjartet med jamaldra tenåringar? Kva press legg det på oss i oppførsel, i møte med eiga skam? Om det skjer brot på teieplikta, kva skjer med oss då? Kor er dei vaksne i dette? Kor er leiinga? Som prest har eg ei streng teieplikt som eg er forplikta på. Er det på Framnes gitt elevar den same tillita? Eg lurer på korleis det er for medelevar å gå rundt og bera på historier og erfaringar som er delt av medelevar. Kva gjer det med forholdet elevar i mellom?
Eg er samd i at det å vedkjenna synder, set ein fri. Kjære tid, vi vedkjenner syndene våre kvar søndag kl. 11.07 i Den norske kyrkja. Så det handlar ikkje om det. Det er for øvrig ikkje sant at vi ikkje snakkar om synd lenger, slik det blir hevda i artikkelen. Eg snakkar om synd heile tida, både i gudstenester og i konfirmantundervisning. Det kristne menneskesynet er det beste vi har å tilby dagens menneske, og det meiner eg Den norske kyrkja er seg svært medviten. Problemet er berre at dei som ikkje går der, men som høyrer til i andre samanhengar, meiner at vi snakkar for lite om synd – og i hovudsak synd meint som moral. Men ingen grunn til uro: Når det kjem til dette med synd, er nok nok krigarane og søstrene og eg heilt på linje. Eg trur likevel at det å vedkjenna synder (kva no det måtte vera) opent i eit fellesskap gjer ein frykteleg sårbar, og eg trur, erfaringsmessig, at mange av desse elevane vil møta ein virkelighet og få nokre erfaringar seinare i livet som gjer at dei vil sjå tilbake på dette som dei er med på no, med blanda kjensler. Det er ikkje sikkert det er så farleg, men det legg eit ansvar på dei som leier dette, og ikkje minst på skulen og leiinga.
Vårt Land har i det siste skrive mykje om usunne kristne miljø. Eg meiner difor det er underleg at det ikkje blir stilt langt fleire kritiske spørsmål i denne artikkelen. Ikkje fordi eg ikkje ynskjer dei som driv med dette, og dei som er med på det, alt godt, men fordi det kanskje hadde gitt meg som lesar, eit inntrykk av at det ligg eit refleksjonsnivå bak dette som eg ville bli glad for å få innblikk i. Leiinga burde få høve til å forklara kvifor dette er bra for Framnes, for heile Framnes og ikkje berre for dei som er ein del av det. Det kunne gjort meg som lesar, tryggare. Eg meiner det hadde tent både lesarane, avisa og desse skulane til det beste.
Det mest umiddelbare då eg høyrde om fenomenet for første gong: Eg blir frykteleg provosert over namnet på denne bevegelsen, eller kva vi skal kalla det; «Krigerne» og «Søstrene». Det er vanskeleg å ikkje setja desse to opp mot kvarandre, all den tid dette er to grupper i samme bevegelse. Menn skal bli menn – og jenter skal bli kjærlege og mjuke søstre? Forklar meg gjerne.
På bakgrunn av det eg les i artikkelen, ville eg faktisk vore skeptisk til å senda borna mine til Framnes, og det er ein skikkeleg kjip ting å seia. Eg fryktar for at det er ein kultur der som ikkje er bra, eg fryktar for at det blir eit A-lag og B-lag av kristne. Eg er ikkje redd for om barna mine skal enda på det eine eller andre laget. Men eg er redd for at dei skal tru at det å vera kristen er ein måte å leva på som ikkje let seg sameina med eit heilt vanleg liv her ute i verda: der ein kan vera den ein er med sine sterke og svake sider og alt som livet inneber, kjenna seg fri, vera ein del av eit vidt og ope fellesskap der ein til ei kvar tid bur, vitna om det trua betyr for ein, når ein føler for det, reisa på leir, gjera gode ting og dumme ting og stort sett leva eit heilt vanleg liv, i vissa om at «dåpens lys forblir når livet slukner» som Svein Ellingsen seier det i sin dåpssalme. For vi lever i ein nåde som rommar heile livet, og som er der heile tida, og livet skal ikkje vera ein krig og vi skal ikkje alltid vera snille søstre, men vi skal kjempa, elska, gjera godt, gjera rett, feila og reisa oss att. Også etter at vi er ferdig på internatskulen.
Før i tida, og kanskje framleis, sa ein ofte om Framnes at «denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule». Eg blei alltid bevega når eg leste og såg dette, eg synest det er så fint sagt! Heldige, tenkte eg, dei som får oppleva dette! Eg håpar at det framleis kjennest slik å vera elev på Framnes. Ein skule er ein stad der ein skal utvikla seg og bli open mot verda, mot det som skil oss, og det som sameinar, og forsøka å finna ein veg i dette. Ein heim rommar alt vi er og har, det er det plass for det som er, av både vondt og godt, der kan vi vera som heile menneske slik vi er skapt i Guds bilde. Eg trur det er motivasjonen til dei som driv med dette litt snåle greiene som heiter «Krigerne» og «Søstrene». Men eg er likevel usikker på kva det gjer med ungdom som blir dratt inn i dette i 2024. Henrik Ibsen har sagt følgjande: «Et Hjem er der, hvor deiligt Rum for fem er, skønt der blandt Fjender tykkes trangt for to. Et Hjem er der, hvor alle dine Tanker kan lege frit som Barn paa Faders Fang, hvor ej din Røst paa Hjertedøren banker før Svaret lyder i beslæktet Sang.»
Gud velsigne oss alle på den vegen vi går!
Takk for din kommentar. Den er lest. Vi er nok ikkje så usamde. Mitt innlegg blei skrive som ein respons på det som stod i Vårt Land, og reiser langt viktigare spørsmål enn kva dette gjer med ungdommane. Denne kommentaren din er for lang til å legga inn som kommentar på min blogg, men det viktigaste for meg er å seia at eg har lest den. Alt godt, og signing over dagane og det gode påskebodskapet!
LikarLikar