Halvtomt eller halvfullt?

 

2018-09-29 10.37.27
Halvtomt eller halvfullt?

Kyrkja er i motvind. Eller medvind. Besøkstala går ned. Eller opp. Trenden er nedadgåande. Eller oppadgåande. Glaset er halvtomt. Eller halvfullt. Ting er som regel slik; avhengig av korleis ein ser det. Og ikkje minst av den som ser. Dei siste dagane har eg tenkt på dette; jobbar eg i ei kyrkje i motvind eller medvind? Ei kyrkje som er defensiv eller offensiv? Vågar vi å sjå den ibsenske livsløgna i kvitauget og seia «OK. Vi har eit problem». Eller; har vi eigentleg eit problem?

For oss som vaks opp i bedehusverden, fekk vi høyra ofte nok at vi ikkje var gode nok. At vi var syndige, usle, at vi var støv, at vi var ingenting utan Gud. Vi som jobbar i kyrkja i 2018 er (heldigvis) opptatt av å seia andre ting, formidla andre haldningar, bruka andre ord. Eg trur på at ord skapar virkelighet. Derfor er orda våre så viktige. Derfor er det vi seier, livsviktig for om kyrkja kjennest relevant. Så trur eg både predikanten på bedehuset og presten på preikestolen når alt kjem til alt, ønsker å seia det samme; vi er uansett mottekne av Gud som elskar oss og som gjev oss nye sjansar. Kyrkja skal ikkje vera relevant for at ho skal overleva, men ho skal overleva fordi ho er relevant. Vi som jobbar der, må forkynna evangeliet, gledesbodskapen; Vi er mottatt, avslørt og likevel elska. Vi skal kjenna sjølv, og fortelja til andre, at vi er skapt til å vera frie menneske, reist opp av Gud!

Det meste i livet blir konstruert via ytterkantane; Halvfullt, halvtomt, problem, mulighet.. Korleis vi snakkar om ting, er derfor slett ikkje likegyldig. Og så er det noko med å vera utanfor og innanfor. Når ein er utanfor, ser ein andre ting enn når ein er innafor. Og då meiner eg ikkje «ikkje inne i varmen». Men eg meiner dette; Vi som jobbar i kyrkja (innanfor) lever så i det vi driv med, at sjølv kan eg t.d. ikkje forstå at menneske kan klara seg utan å gå til gudsteneste. Det tenkte eg ikkje nødvendigvis før eg blei prest. Det fortel meg jo at det å (rettnok med full lønn) ha denne kontinuiteten i gudstenestelivet gir meg noko (det er ikkje lønna som motiverer, berre så det er sagt!). Nærværet med Gud og med andre menneske er viktig for meg.

 

Det er, i følgje avisa Vårt Land i dag (29.sep. 2018), berre 5% av befolkninga som meiner kyrkja har eit relevant bodskap som betyr noko for dei. Då framstår glaset meir som halvtomt enn halvfullt. Då står vi overfor så store utfordringar at vi neste kan mista motet. Og avisene hjelper oss godt på mismotets veg med framsider som skrik om tomme kyrkjebenkar og dårleg oppmøte. Så veit vi som jobbar der, at livet i kyrkja er langt meir enn det som skjer kl. 11 på ein søndag. Men det gjer noko med oss som jobbar i kyrkja, når vi gong på gong blir konfrontert med at det vi driv med, ikkje betyr noko for menneske.

Det er lett å seia at det vi driv med, ikkje er relevant for folk. Om ein ikkje er innafor, er det lett å seia det. For oss som er innafor, ser det litt annleis ut. Og eg vil bestemt hevda at det eg gjer, betyr noko for folk. Folk treng kyrkjerommet, folk treng fellesskap, møtepunkt. Folk treng ein stad å vera og ikkje gjera. Kyrkjerommet beveger menneske, orda i ein begravelse beveger menneske, dåpssalmens milde ord smyg seg inn under ammetåke og manglande nattesøvn. Nattverdens brød og vin gjev næring til til unge og gamle kroppar, hendene på hovudet til konfirmanten gir styrke midt i livet. Lyset som blir tent, skapar ein varme. Ord, handling, gåver, hender. I det store og i det små. På dei store dagane og dei små dagane. Om det er halvtomt eller halvfullt. Uansett kva vegar vinden bles. I alt som forandrar seg og i alt som forblir. Difor står kyrkja der. I di bygd, i ditt liv, i ditt hjarte.

Vi er et folk på vandring.
Når veien blir slitsom og lang,
vi søker en eng og en kilde,
et fristed for bønn og sang,
et fristed for bønn og sang.

Vi er et folk på vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,
og samles om vin og brød.

Vi er et folk på vandring.
I tro kan vi skimte iblant
et hjem for hver søkende pilgrim,
det salige livets land,
det salige livets land.

Brit G. Halqvist/Eyvind Skeie

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s