Spor

step-163948__480

Byens spor. Livets spor. Bygdas spor. Kjærleikens spor. Familiens spor. Spor etter glede, savn, sår, medgang og motgang. Vi blir forma av det og dei vi møter i livet. Noko av det vel vi sjølv, noko blir påført oss som noko godt, andre ting blir påført oss som noko vondt, noko vi ikkje ynskjer. Noko kan vi gjera noko med, svært mykje må vi leva med slik det er. Livet kan kjennast urettferdig og nådelaust.

 

Slike ting tenker eg ofte på når eg har besøkt menneske i samband med gravferd. At livet blei som det blei. At nokon draumar blei realitet, nokon draumar blei knust. «Ho ville jo egentlig bli operasongar». «Han ville jo eigentleg ta utdanning». Små, kvardagslege setningar som likevel rommar så mykje; historia om eit liv, om draumar og realitet.

 

I haustferien leste eg «Byens spor» av Lars Saabye Christensen. Ein fantastisk roman om menneskemøte, tilfeldigheter, livets uante retningar, feilsteg, sterke menneske, skam og skjebner. Andres dommar og nye innsikter. Ei heil verd på Fagerborg, som vi alle kan kjenna oss att i. Nokon har sagt om Lars Saabye Christensen at han skriv så lokalt at det blir universelt. Han viser oss mennesket, nesten som Tarjei Vesaas gjorde det. På ein slik måte at du grin med når personane blir utrettferdig behandla, at du ler når det går godt og pustar ekstra fort når hovudpersonen har fienden i hælane. Som lesar lever ein rett og slett med i det som skjer. Det må vera definisjonen på god litteratur. Tekstar som får oss til å setja våre eigne liv inn i ein større samanheng, som trekker vårt eige liv inn i det vi les, som får oss til å tenka og reflektera, som er relevant. Det relevante kan bevega oss, anten det kjem frå ein roman eller frå ein preikestol.

 

7. oktober stod denne kronikken i Bergens tidende: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/On99Eq/Skammar-prestane-seg-over-evangeliet. Kronikken handlar om at forfattaren føler at prestar skammar seg over evangeliet. At vi ikkje forkynner håpet tydeleg nok. At vi ikkje byr på det beste vi har, når menneske kjem til oss i sorg. Eg trur fleirtalet av prestar gjer ein god jobb, og eg trur sjølvsagt ikkje at prestar skammar seg over evangeliet. Om vi gjorde det, ville vi nok funne oss ein annan jobb. Dei prestane eg kjenner, ønsker nettopp å bringa håp, tru og styrke inn i menneskers liv. Slik at byens spor, livets spor, bygdas spor, familiens spor, kan finna ein stad å kvila, finna ein stad å heilast, finna ein stad å bli lagt av. Kyrkja er ein slik stad. For knuste draumar, for øydelagte håp, for kjærleik som ikkje blei som den skulle, for liv som blei annleis. Gud blei menneske i Jesus. Han delte våre kår, han var ein av oss, han veit korleis vi har det. Gud møter oss i dei hendingane livet møter oss med. Vi er aldri aleine. Bibelen fortel oss om ein Gud som er på dei såra si side. Ein Gud som inn i døden blir dei svakes forsvarar. Ein Gud som kjem med håp, som assosierer seg med dei fattige og utstøytte. Som er menneske.

 

Byens spor, livets spor – alt vi har, alt vi saknar, alt vi ønska vi hadde, og alt vi har fått – det er ein stad å komma med det. Til Gud, som tar imot det, som gjer oss heile og som reiser oss opp til livet. Dette er Guds spor. I våre liv og våre hjarte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s