Eit velsigna IKEA-bord

Bord

 

Det har vore lyst nok forbanningar over IKEA-møblar opp gjennom tidene; skruer som mangla, hjørner som fekk seg ein trøkk på veg inn i bagasjerommet, køen i byttedisken når du har fått feil skapdør med deg heim. Generelt sett trur eg IKEA har forbetra seg. Det er stort sett rett og riktig det som kjem derfrå. Verre er det kanskje med vår evne til å lesa bruksanvisningar. For skruene er like mange som før.

Eg takkar Gud for alle som har evne i retning montering av IKEA-møbler. Alle som har tålmod. Alle som ikkje berre trøkker til når skrua har sett seg fast eller som ikkje mister besinnelsen når dei der trepinnane knekk. Alle som, når alt er nesten ferdig, ikkje mister fatninga når alt må skruast opp att fordi den siste tingen ikkje stemte. Takk for at de ikkje mister motet. Dette er ein hyllest til dykk!

Det er mykje å seia om IKEA, som de skjønar.

I dag vil eg seia noko fint. Det har i og for seg ikkje noko med IKEA sånn isolert sett å gjera. Men eit IKEA-bord kan altså vera til velsigning. Det har vi opplevd i Slemmestad kirke denne veka. For det første: Vi er velsigna med frivillige menneske som monterer IKEA-møblar (takk!). For det andre: Det nye bordet vi har fått på kirketorget vårt, er allereie blitt ein samlingsstad. Menneske møtest. Det i seg sjølv er no ei velsigning. Og for det tredje: Møta som skjer rundt eit bord, anten det er IKEA-bord eller andre bord, gjer oss menneske rikare. Vi deler, når vi sit rundt eit bord. Vi deler mat, hender møter hender når vi sender maten til kvarandre. Blikk møter blikk. Vi deler liv, vi blir kjent, vi skapar relasjonar. Magiske ting kan skje rundt eit IKEA-bord. Eg kallar det velsigning.

Kyrkja på sitt beste er, etter mi oppfatning, alle dei gode møta. Når vi snakkar med kvarandre. Når vi møtest på tvers. Når samtalen går og kaffien er på bordet. Når blikk møtest og vi blir ein del av kvarandres liv. Det kan skje ein heilt vanleg torsdag rundt eit IKEA-bord.

God helg rundt bordet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s