Kyrkjeskip og såpebobler

20181113_215601

Heldigvis er det slik at nokon ting står fast. Og heldigvis er det slik at nokon ting endrar seg. Begge deler er fint å tenka på. I dag var det babytreff i kyrkja. I tillegg til babysang har vi to-tre babytreff i den eine kyrkja vår. Det er gull! Der møter eg barn som er døypt og barn som skal bli døypt. Og foreldra møter oss som jobbar i kyrkja. Gode relasjonar blir skapt her. Er du som les dette, prest? Bli med på babysong og babytreff der du jobbar! Eg er med, og mens mødrene og babyane har sangstund, (og eg sit og kjenner på at det er lenge sidan eg hadde baby…) har eg tid til å tenka litt på kva det er å vera kyrkje.

Nokon ting står fast. Det treng vi ikkje fornya, eller vi treng ikkje bekymra oss for at det er gammaldags. Det er heilt greit at nokon ting er som dei alltid har vore, meir eller mindre. Nokon ting funkar uavhengig av tid.

Så skjer det nokon endringar. Og det tenkte eg på i dag. Det er ikkje slik at kyrkja berre er det den er. Kyrkja er også det som skjer. Kyrkja er det vi gjer den til. Kyrkja er vi menneska som er der. Kyrkja er ikkje ein statisk storleik som lid av endringsvegring. Nei, kyrkja er ein dynamisk storleik som i 2018 har plass til både kyrkjeskip og såpebobler. Plass til dei gregorianske songane, plass til 4000 år gamle bønner og bom-chicka-bom. Plass til «Salige visshet» og «Som barn i ditt hus». Plass til Salme 123 og Erik Bye. Plass til syndsvedkjenning og lystenning. Plass til salmetavler og vipps. Plass til oss som er der akkurat no, og som skapar kyrkje saman!

Kyrkja går som ein raud tråd gjennom vår kultur – , vår religionshistorie og våre liv. Med kyrkjeskip og såpebobler. Prega, elska og endra av oss som til ei kvar tid er der. Det gode står fast, nye ting kjem til, nye skikkar, nye menneske, nye ritualer,  nye måtar å seia ting på, nye melodiar, nye metodar… Men «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager», sa Sigrid Undset. Derfor står kyrkja der framleis, for å ta imot oss. Den tar imot din lengt, dine spørsmål, ditt liv. Her er plass for alt. For liv, for kyrkjeskip og såpebobler.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s