Ja til feil frekvens!

Byen

For nokre veker sidan skreiv Per Anders Nordengen innlegget «På feil frekvens» på verdidebatt.no. Innlegget blei også trykt i avisa Vårt Land. Der skriv han at bibeltekstane som blir brukt i kyrkja i adventstida, ikkje kommuniserer med det moduset folk er i, i desember. Ja, skal tru om han har rett? Innlegget kan du lesa her: http://www.verdidebatt.no/innlegg/11747810-pa-feil-frekvens

Sjølv får eg lyst å ropa: «Per, du lyg». For så klart skal vi snakka om det som er krevande i adventstida. Desember er i grunnen den månaden kyrkja bør vera på ein annan frekvens enn resten av Norge. For kva om det er samfunnet elles som er på feil frekvens, og ikkje kyrkja? Kva om det er butikkjedene som er på feil frekvens? Kjøpesentra? Folk flest? Ein av tekstane i advent er om Jesus som reinsar tempelet. Som hiv ut salsboder og som refsar dei som har gjort tempelet til noko anna enn det det er tenkt som; eit hus til bønn har blitt til ei røvarhole, seier Jesus. Det er relevant i folks liv å tenka over kva hjartet vårt er fylt av. Og det er relevant for menneske i 2018 å bli konfrontert med kjøpefesten i desember og kva den gjer med oss. For jula handlar ikkje om presset på å kjøpa så dyre gåver at uhåndterlig kredittgjeld bankar på døra i januar. Vi blir lurt, og vi let oss lura. Sårbare grupper blir utnytta i sitt ønske om å visa kjærleik – gjennom dyre gåver. Det er ei hån mot dei som slit, ikkje å snakka om det som er vanskeleg, i desember! Så derfor: Ja til ein Jesus som refsar dei som utnyttar andre! Også i desember.

For også desember inneheld flest kvardagar, på tross av at vi er midt i julebordsesongen. Kvardagane i desember er sjeldan veldig glossy. Men fine likevel. Livet i sin heilskap er sjeldan veldig glossy. Men fint likevel. Diktaren Jan Magnus Bruheim har sagt følgjande: «Kven skal eg takke for det eg fekk li/så gleda fekk grunn til å røte seg i?» Eg meiner ikkje at vi skal idyllisera lidinga. Likevel får dette sitatet meg til å tenka på noko av det som er fint med desember: Når vi gleder oss over det gode, er det fordi vi veit at livet handlar om både godt og vondt. Når vi tenner lys i desember, gir det meining og dybde til den handlinga at vi har kjent på det som er krevande. Og kven har ikkje det? Vi lyg om livet om vi ikkje snakkar om ein Gud som toler og femner det heile.

I dag var eg på julehandel i Oslo. Det var fint. Kafébesøk med ein god ven, deretter julehandel. Gåver til barna. Gåver til dei eg er glad i. Eg liker julehandel. Men eg misliker at kjøpepresset fører til at menneske handlar over evne. At butikkane lurer oss til å tru at ekte kjærleik ligg i dyre gåver. Noko av det som gjorde meg mest glad i byn i dag, var å sjå alle dei med refleksvestar frå Kirkens Bymisjon. Dei som rydda søppel, som selte =Oslo, dei frivillige ved Frelsesarmeens julegryte. Alle desse menneska minner meg om julebodskapen. Om å gleda andre, om å gi menneske eit verdig liv, om å løfta opp andre, om å gjera verden litt betre, spreia lys i mørkret. Det er det jula handlar om. Men livet handlar om så mykje anna også: om det vi ikkje får til, om vanskelege relasjonar, om liv som går i grus, om ting som ikkje funkar. Det gjeld oss alle, det skjer oss alle. Og ein stad må vi få høyra at slik er livet. Og det får vi ikkje høyra på kjøpesenteret. Og då må vi få det i kyrkja.

Etter julehandelen dumpa eg ned i sofaen og såg på nobelforedraga til dei to fredsprisvinnarane. Livets alvor nok ein gong, sterkare enn eg nokon gong har sett. Grenselaust alvor og grenselaus liding. Og grenselaust håp og mot. Derfor heiar eg på alle som gjennom det dei er og gjer, er motstemmer. Som vågar å stå opp mot urettferda. Som er stemmer for dei sårbare og stemmelause. Som Jesus var det. Gud blei menneske. Det er levd liv det handlar om. Og ein skatt du ikkje får på Sandvika Storsenter: Den aller største gåva; frelsaren som blir fødd inn i vår nød, inn i vår glede, inn i vår sorg, inn i våre vakre og vanskelege liv. Inn i våre hjarte.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s