Eit heilt vanleg, uvanleg liv

Min morfar Albert Raknes i sin ungdom. Eg har arva hans poetiske evner, men definitivt ikkje hans fysikk!

Lindmo, NRK, 15. februar 2019: «Dette er jo eit heilt alminneleg liv (om mora sitt liv). Men så er det jo ikkje det. Men vi trur det fordi det er så nært. Og det vanskelegaste i verda er å sjå det som er nærast. Det går særlig ut over foreldre, trur eg. Fordi ein trur jo at dei har vore rundt deg heile tida. Ein gløymer at dei har hatt eit liv.» Linda Eide

I dag veit eg ikkje heilt kor eg skal begynna! Eg har så mykje artig og fint på hjartet. Det skal handla om liv. Mitt liv, men kanskje mest om andres liv. Men så er det jo slik at andres liv også påverkar mitt liv – ja, eg er jo eit resultat av andres liv. Orda som Linda Eide sa på Lindmo på fredag, var så fine, og eg tenker dei er heilt sanne. Dei passar i alle fall så godt saman med det eg sjølv erfarte denne helga!

I går fylte eg 45. Til bursdagen fekk eg ei veldig spesiell bok av mor mi. Det var ei bok med masse bilete samla saman til ei bok, av tanta mi, Åse. Dei hadde funne ei konfekt-øskje med masse ukjente bilete i! Tenk for ein skatt! Det var utruleg artig å sjå bilete av mor, besteforeldre, oldeforeldre og tippoldeforeldre. Sjå bilete av mormor, som no er død, då ho var ei lita jente på fire år. Sjå bilete av tanter og onklar i fotoboksar på 60-talet, og tannlause tippoldemødre frå 1799.

Då eg såg alle desse gamle bileta, nokon av dei skikkeleg gamle, slo deg meg: Vi lever alle vanlege, uvanlege liv! Når vi har bilete der vi kan sjå tilbake på andres liv, blir vi oppmerksomme på at andres liv er som vårt – det inneheld draumar for framtida, det inneheld glede, sorg, festdagar og kvardagar, ungdomstid, kjærastar, avskjeder og møte. Alt blei så levande for meg då eg såg desse bileta, og eg måtte justera inntrykket mitt og tenka nytt om nokon av dei eg såg på bileta, akkurat slik Linda Eide sa det på Lindmo. Det var så fint! Eg blei audmjuk og tenkte; her er eit liv, akkurat som mitt! Vanleg og uvanleg. Her er det kjærleik, smil, usikkerhet, kaos, levd liv! Nokon var predikantar i indremisjonen, nokon fiskarar, nokon bønder, nokon mekanikarar, nokon lærarar, nokon misjonærar. Vanlege, uvanlege liv.

Som menneske er vi fletta inn i andres liv. I kyrkja i dag, på såmannssøndagen handla det også om dette. Om forholdet vårt til andre, ansvaret vårt for kvarandre, om slekt som følgjer slekt. Dei vakre orda frå Mosebøkene lyste over denne søndagen:

«Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. Du skal gjenta dem for dine barn og snakke om dem når du sitter i ditt hus og når du går på veien, når du legger deg og når du står opp. Du skal binde dem om hånden som et tegn og ha dem på pannen som et merke. Du skal skrive dem på dørstolpene i huset ditt og på portene dine.» 5. Mos 1, 6-9

Mine forfedre, mine besteforeldre og foreldre har alle sin del i den personen eg har blitt, både fysisk og mentalt. Dei har gitt meg ein arv, og heldigvis er det noko som både dei og eg har halde fast på – og som også eg vil gi vidare til mine barn. Dei har gjentatt dei viktigaste orda for meg, om at eg er skapt, oppreist og elska av Gud.

Det var rart at eg fekk den boka i går. Det er mi tante Åse, som eg sa, som har redigert boka. Eg visste ikkje om denne boka før i går. Eg har ikkje for vane å fortelja om slekta mi i preikene mine. Men på tirsdag bestemte eg meg for å nevna nettopp mi kjære tante Åse i preika mi i dag, fordi det var ho som bar meg til dåpen, 21. april 1974. Og det var der alt begynte. Såmannssøndagen minner meg også om at nokon har sådd Ordet i min åker, at nokon har gitt meg næring, at nokon og noko har bore meg, at noko har vakse fram av det, og at dette har gitt og gir meg mot og frimod til å vera den eg er. Takk, alle!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s