«En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme…»

 

20190207_112126

Vi har ulike erfaringar, meiningar og synspunkt på ein del ting utfrå kor vi høyrer heime i kyrkje- eller bedehuslandskapet. Den siste tida har eg tenkt ein god del på det. Og, ikkje minst, vi tar med oss våre erfaringar, vår forståing og våre preferansar når vi skal tolka og analysera den tida vi lever i, og andres måte å leva på.

Ofte er det slik at det som pregar oss aller mest, er dei erfaringane og tradisjonane vi har med oss frå eigen barndom, frå vår eigen historie. Det har eg merka også som prest, både hjå meg sjølv og hjå andre. Utfrå vår bakgrunn tolkar vi det vi opplever i notida. Det gir meg ofte litt å bryna meg på. Det er fint. Eg møter av og til meg sjølv i døra. «Går det an å tenka slik»? «Går det an å meina det»? «Går det an å formulera seg slik?» Eg er oppvaksen på ganske lågkyrkjeleg vestland, med både kyrkje- og bedehusbesøk stort sett kvar veke. Så opplever eg i 2019 at det, naturleg nok, er stor forskjell på korleis kyrkja er og fungerer der eg er no, og der eg vaks opp. Det er sjølvsagt på grunn av forskjell i tid, men også på grunn av kultur, tidsånden, geografi, folkeferd, lynne osv. Det har gitt meg ein god del å tenka på.

Ofte krasjar det. Og det kan vera sunt, for min eigen del. Men det kan også vera trist, fordi eg synest det krasjar så ofte. I debattar, i samtalar, i praksisar, i kvardagen, mellom kyrkjesamfunn. Eg synest det er trist at vi ikkje kan akseptera kvarandre meir på tvers, finna meir glede i evangeliet, peika saman på det som er sentrum i trua vår, på kryss og tvers av det som skil oss. Og det handlar blant anna om korleis vi snakkar om kvarandre. Kva vi trur om kvarandre.

«En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme». Sitatet er henta frå ein av salmane til Svein Ellingsen. Eg tenker at det kan vera eit utgangspunkt for å tenka stort om det å vera Guds barn i 2019. Ellingsen trekker ofte linjer frå dåp til død, og dermed set han alle døypte inn i ein relasjon til Gud. Og det er så viktig og fint! Nådens hvelving er stor og romslig.

Vi eier del i Kristus-livets rikdom!
Å, hvilken grunn til uopphørlig lovsang!
Vi skal få leve under Nådens hvelving
fra dåpens daggry til vår siste time!

Mange meiner mykje, også om Den norske kirke. Det interessante er at mange av dei som meiner noko om Den norske kirke, ikkje er her så mykje, ikkje møter dei enkeltmenneska eg møter, ikkje høyrer dei historiane om levd liv som eg høyrer. Eg møter konfirmanten i ein individuell samtale. Han fortel meg om eit krevande liv, om ting som aldri tar slutt og aldri blir betre. Om utenforskap. Om tøffe forhold heime. Fast i blikket. Klar i talen. Og heilt klar på at kyrkjeleg konfirmasjon er naturleg. Kanskje går han berre dei åtte gongane han skal, i kyrkja. Men det er utruleg fint at det er 50 konfirmantar som går åtte gongar i kyrkja i vår menighet i 2019, i den mest sårbare, tøffe og intense perioden i livet. Eg møter den pårørande som har dårlege erfaringar med kristenliv frå eigen familie. Som gruer seg for å komma i kyrkja på grunn av dårlege minne. Men som så gjerne vil at vi skal ha «Det er makt i de foldede hender», fordi den song alltid bestemor. Og eg møter kvinna som alltid må i kyrkja og tenna lys. Berre det. Ikkje noko meir. Men noko djupt personleg likevel. Eit rom å komma inn i som tilbyr noko anna. Noko større. Noko stort nok.

Kjære deg som meiner mykje om andre menneske: Ingen er berre det du ser. Ingen er berre det du høyrer. Og ingen er i alle fall berre det du trur. Legg derfor bort fordømmelse og mistenkeleggjering og gled deg over dei som er i kyrkja, dei som kanskje lever livet sitt litt annleis enn du gjer. Som kanskje praktiserer trua si annleis enn det du ville gjort. Det ligg kanskje gøymt ei bønn «i hjerteslagets rytme» også der. Det er det berre Gud som veit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s