Første påskedag og den glade påsketida. Ein periode der vi på ein særleg måte kjenner glede over å høyra til i kyrkja, i fellesskapet av dei som trur. I alle fall er det slik eg alltid har kjent det. Dei fantastiske salmane, bibeltekstane, gleda, nattverdfellesskapet… Alt vi gjer som har oppstandelsens forklarande lys over seg. Første påskedag er ein fantastisk dag!
I år har eg likevel tenkt litt på kva det er som er motoren i trua mi. Eller kva som gjorde og gjer at eg er kristen, og, ikkje minst, kva som opnar opp i dag, kva som leier mennesket inn i, eller tilbake til, mysteriet og fellesskapet. For det kjem stadig nye inn i fellesskapet. Når menneske som ikkje pleier å gå i kyrkja, plutseleg, eller over tid, begynner å gjera det, er det veldig fint. Når nokon som ikkje har sett sine bein i eit kyrkjerom på 30 år plutselig seier «no må eg tenne lys kvar gong eg er her», er det veldig fint. Når menneske i samtale (ofte!) opnar opp om kva trua betyr, er det veldig fint. Då anar eg ein lengsel som kyrkja må lytta til.
Og då trur eg ikkje det primært handlar om overbevisning. Men om bevegelse. At nokon ord har truffe, at nokon menneske har sett dei, ein opplevelse av at kyrkja representerer noko dei saknar. Kyrkjefaderen Augustin snakka om å «movere». Det er det, eg trur skjer. At nokon eller noko har rørt ved dei. Ein kronikk om kvifor Jesus døydde og stod opp – som vi ofte ser ein del av i påsken – er vel og bra. Men eg trur ikkje grunnen til at menneske i 2019 oppsøker kyrkja er at dei er overbevist om at det er sant og dermed trekker den logiske slutninga at dei då vil gå i kyrkja. Eg trur det handlar om at dei har møtt ei kyrkje som er der for dei, som tek imot dei, som relaterer seg til deira liv, og som snakkar sant om livet. Det er så mange som ikkje gjer det. Den danske hospice-presten Ingeborg Ellen Kastberg Nielsen seier følgande om sine samtalar med døande: ”Patienterne efterspørger ikke skråsikre svar. De søger solidaritet og samtale i øjenhøjde om de høje og dybe ting, som ingen af os kan vide om, men kun tro om og på,” seier ho til Kristelig Dagblad. (https://www.kristeligt-dagblad.dk/historier/opstandelsen).
Gudstenesta er ein bevegelse. Frå kanskje bakerste benk og fram til nattverdbordet. Det krever litt mot første gongen. Men det skal de vita, alle de som lurer på om det går an å komma; mitt største ønske og mi største bønn er at dei hindringane som stoppar menneske frå å komma, skal bli borte! Hindringar frå oss som kyrkje, men kanskje aller mest hindringane i deg sjølv. Kom og erfar at fellesskapet er for deg, at du treng kyrkja og at kyrkja treng deg, og at det er nokon som ventar på at nettopp du skal komma (tilbake). Kort sagt: kom heim!
Det kjem ein vind
han tek og tek og tek deg
Han tek deg dit
til dit du alltid var
det kjem ein vind
som veit og alltid visste
og du er der
der du alltid var.
Jon Fosse