Av og til tenker eg at foccacia er svaret på kva kyrkja treng framover. Det er sjølvsagt ikkje heilt slik. Likevel; la meg forklara: I vår menighet serverer vi ganske ofte nybakt focaccia. Og det er på ingen måte og slett ikkje prestens forteneste. Derimot er det kateketen som står for focacciaen. Ho bakar til babytreff, til babysang og til konfirmanttimar. Ikkje alltid focaccia. Men alltid noko godt. Det betyr veldig masse. For det er ikkje slik at det ikkje betyr noko kva vi får servert. Det betyr masse. For det handlar om å komma ein stad og føla at ein er venta. At nokon har vore her i god tid. At nokon har gjort klart for meg. At nokon har tenkt på at eg skal komma. Det må ikkje vera vanskeleg, og det treng ikkje vera heimebakt. Men poenget er: Kva er det vi kan vera gode på i tida som ligg foran oss? Kva kan vi gjera for at dåpsforeldra vil komma på babytreff både før og etter dåpen? Kvifor kjem dei? Kva skal vi gjera og planlegga for at konfirmantar vil vera hjå oss, bli konfirmert her, og gjerne også fortsetja etterpå som leiarar? Kva skal til for at folk synest det er hyggelig å stikka innom? Det er faktisk viktig at vi som kyrkje tenker på dette. Kanskje skal vi av og til bruka tid på å baka litt, om vi er prest, kateket eller trusopplærar. Det er faktisk viktig at vi har noko å tilby dei som kjem innom. Og det er faktisk viktig å tenka at vi kan matcha andre aktivitetar i kva vi kan tilby. Det er mange måtar å gjera det fint i kyrkja. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Vi treng ikkje stå på hovudet og stilla stormen kvar gong det er barn i kyrkja. Men vi kan sjå familiane når dei kjem, gjera dei trygge på det som skal skje, og uttrykka med heile oss at dei er velkomne i kyrkja. Og baka ein focaccia i ny og ne.
Snart er det sommarferie. Det er gjerne litt sparebluss i kyrkja, vi deler på å ha gudstenester i dei ulike sokna. Akkurat desse vekene er det kanskje ekstra viktig med kyrkjekaffien. Kanskje hadde menigheten tenkt å droppa kyrkjekaffien i sommarferien. Men tenk kor lang juli er for den som ikkje er på ferie! Tenk kor hyggeleg det er å få ein kopp kaffi på kyrkjebakken! Sjølv om dei frivillige har ferie, bak ei kake, kjøp ei kake, ta med nokre gode kjeks, litt vannmelon eller ein pakke med pinneis. Trakt den kaffien som dei frivillige pleier å trakta. Lag det litt hyggelig. Alt spelar med og alt heng saman når vi lagar gudsteneste. At det er hyggeleg å komma, at det er fint å vera i kyrkja og at det er godt å kunne slå av ein prat med menneske på kyrkjebakken – og at ein kan gå derifrå og tenka at ein fekk noko for både sjel og gane.
Å vera prest er å tenka strategi heile vegen. Kor er det folk er? Kor møter eg menigheten? Kva treng dei? Kva treng vi for å ha det fint saman? Menigheten treng ei god preik. Men kanskje treng dei like mykje å snakka med deg. Ta ein kopp kaffi. Dela fellesskap. Som kyrkje må vi tenka heilhet. Difor slår eg eit slag for kyrkjekaffien i sommarferien. Sjølv om alle er på ferie. Eg kan trakta kaffi, og eg kan baka ei kake. Og eg trur ikkje prosten protesterer om eg bruker 30 minutt på kakebaking.
Vi serverer god og sunn mat til konfirmantane våre når dei kjem. Dei er svoltne, og dei er så glad for god mat! I retur får vi dugnadsvillige foreldre som leverer kaker og deltar som hjelparar på kyrkjekaffien. Og vi får, ikkje minst, takknemlige konfirmantar som kjenner seg sett og sett pris på. Det er klart at det skaper noko, at det gjer noko med relasjonane.
Framtida ligg i focacciaen. Måltidets betydning som fellesskapsbygging. Då Jesus braut brødet og velsigna maten, skjønte folk kven han var. Når vi tek godt imot og godt vare på dei som kjem, byr på ein kopp kaffi og litt mat, ser kanskje folk kven både vi er, og kven Jesus er. Og dei får kanskje lyst til å komma tilbake. Kan vi ønska oss noko meir?