Det var ein reklame for Tine mjølk for nokre år sidan som var slik; «Må ha det, bare må ha det». Eg må ha mjølk, spesielt om morgonen slik at eg kan få laga meg ein cappuccino. Det må til for å starta dagen på ein bra måte. Traktekaffi på morgonen er ikkje heilt my cup of tea. Presskanne kan gå, og det er ingen veg utanom dei neste dagane; fire netter i telt på Bø camping på konfirmantleir ventar meg no. Det gleder eg meg til. Utan cappuccino, med presskanne.
Ein ting eg derimot ikkje kan leva utan, det er salmar. Sånn sett er leir supert! Eg kan faktisk ikkje forstå korleis folk kan leva utan salmar. Eg tenker stadig på det når eg for eksempel har gravferd. Her sit det ein familien som har opplevd vonde ting, og så kjem salmane som ei gavepakke med trøst, livserfaring og håp. Og eg håpar dei kjenner at kvart einaste ord er til dei. Eg håpar dei gode orda smyg seg inn i tanke og hjerte og at det finst trøst i å kjenna at andre veit korleis dei har det. Tenk for eksempel på salmen «Blott en dag». Skriven av Lina Sandell i 1865. Lina Sandell mista sitt einaste barn under fødselen, og begge foreldra hennar døydde då ho var i 20-åra. Så tenker eg; det ligg ein enorm livsvisdom i det ho skriv, sjå berre her:
Själv han är mig alla dagar nära
för var särskild tid med särskild nåd.
Varje dags bekymmer vill han bära
han som heter både Kraft och Råd.
Att sin dyra egendom bevara,
denna omsorg har han lagt på sig.
Som din dag, så skall din kraft ock vara,
detta löfte gav han mig.
Det er utruleg sterkt å forfatta eit slikt vers når ein har opplevd det ho opplevde. Og det er utruleg sterkt å synga det, når vi veit kva ho har opplevd. Det å klara å forankra håpet i noko som er større, at på tross av alt vi opplever her på jorda, kan vi ha eit håp om at det er noko meir, det er noko større, dette er ikkje alt. Det er så fint å formidla til menneske! Eg har vanskeleg for å skjøna korleis menneske kan klara seg utan den massive trøsta og håpet som blir formidla gjennom salmane. Og eg trur orda som salmane formidlar, betyr noko for dei som sørger. Salmar er levd liv, livsvisdom, strålande lyrikk, ord som trøystar og lækjer. Heldigvis har eg ein jobb der eg får fem om dagen, både i triste og glade settingar. Salmar altså! Bare må ha det!
Eg har mange favorittar; særleg blant Edvard Hoem og Sven Ellingsen. Det er så mange fine! Og vi prøver å bruka mangfoldet i salmeboka kvar søndag i Slemmestad og Nærsnes kirke. Det finst minst fem salmar for kvar søndag i kyrkjeåret, for store og små, for dag og kveld, for glede, lovsong, sorg, død, treenigheten, for vigsel, for konfirmasjon, for nattverd, påske, pinse, Maria budskapsdag, for trygghet og glede, for håpet. For ein skatt! Syng ut, og hugs; minst fem om dagen!