Balsamens budskap

Balsam
Eit typisk døme på balsam for håret.

Nokon syng i dusjen. Sjølv syng eg så masse på jobb at eg tar ein pause i dusjen. Då har eg for eksempel tid til å lesa på shampoflaskene. Det er ikkje lite dei lover. Den eine balsamen påberopar seg å bringa «peace and tranquility into your life». Er det mulig? Trur vi på det? At vi kan få fred i sjela av å bruka ein balsam til 79,90? Eg får for øvrig like lite fred i sjela av balsam anten den kostar 19,90, 79,90 eller 249 kr. Dessutan brukar eg ikkje balsam. Men det er jo ei anna sak.

Fred og ro. Av ein balsam? Kva stemmer lyttar vi til, og kva for budskap trur vi på? Eg trur ikkje at mine oppegåande venner eller folk flest for den saks skyld, trur på balsamens budskap. Eg trur kanskje ikkje vi skal laga eit stort nummer av at dette merket meiner at eg får fred i sjela av å bruka balsamen deira. Men eg tenker faktisk at det er verdt å dvela litt ved dette. Vi kjenner alle nokre av budskapa som blir formidla via ulike kosmetikkmerke. «Because you’re worth it», osv. Det handlar om å selja produktet, så klart. Det handlar om at eg skal føla meg unik og at eg fortener å ha det godt.

Den amerikanske pastoren Nadia Bolz-Weber seier noko om dette – om kva budskap vi lyttar til, og kva budskap kyrkja har å komma med. I eit klipp på youtube kan du få eit innblikk i hennar tankegang, i menigheten der ho er pastor – og det er så utruleg bra! (https://www.youtube.com/watch?v=OjIWtWjT7L4) Noko av det ho seier, er at det som blir formidla i kyrkja, det høyrer du ingen andre stader. (Sjekk frå 4 minutt og 50 sekund ut i klippet, men ta deg tid til å sjå heile). I desse dagar går det ein diskusjon i diverse fora, der spørsmålet er; kan vi i forkynninga til ungdom seia at dei er bra nok som dei er, at dei er perfekt i Guds auge? Kan vi seia det, utan å seia noko meir? Nei, det kan vi ikkje. Men det er ikkje så frykteleg komplisert å nyansera, og likevel understreka at dei som menneske, er sett, avslørt og nettopp likevel elska av Gud på ein heilt annan måte enn det dei kan kjenna at dei er andre stader. Shampoflasker og balsambudskap, kosmetikkbransjenes egoistiske evangelium eller treningssenterets tilbud om rabatt på tilgangen til sommerkroppen 2019 kan ikkje matcha det som blir formidla i kyrkja. Faktisk ikkje.

For det første: I kyrkja fekk du ta imot før du kunne seia «takk». Og det du fekk ta imot, var gratis. Gjennom dåpen fekk du ein inngang til eit fellesskap der du kan kjenna deg boren gjennom livet, av Gud og av andre menneske. For det andre: I kyrkja møter du ein frelsar som seier «Lat ikkje hjarta dykkar uroast». I ei verd der det er lett å uroa seg både på individuelt nivå og ikkje minst på globalt nivå, er dette ord å ta med seg ut i dagen. Ikkje fordi vi skal forsvinna inn ei egoistisk boble. Vi skal vera opptatt av det som skjer. Men vi har ein stad å finna fred. For det tredje: I kyrkja (og mange andre stader!) er det å løfta blikket utover seg sjølv det mest frigjerande ein kan gjera. Vi kan vera noko for kvarandre, vi kan bidra, vi kan skapa gode fellesskap for kvarandre. For det fjerde: Å komma inn i kyrkja, er å komma inn i eit pusterom. Eit rom der du verkeleg får ro og fred i sjela, slik det står på tuben med balsam. Du treng eit slikt rom i livet ditt. Eit rom for ro og fred.

Alt dette har eg sagt før. Det er ingenting nytt. Men eg seier det igjen. For det er så viktig. Når vi forkynner til ungdom, skal vi snakka sant om livet. Vi skal ikkje snakka i floskler, vi skal ikkje gjera det enkelt, vi skal bruka ord og formuleringar som vi trur på sjølv. Og vi har nok av solide formuleringar, for eksempel denne: «For så høgt elska Gud verda, at han gav sonen sin, den einborne…» Vi har kjærleikens Gud i ryggen når vi forkynner til både ungdom, born og vaksne. Vi har bibelens og kyrkjas gode ord og formuleringar med oss. Og dei er det langt meir kraft og holdbarhet i enn det som står på balsamflaska. Balsam for håret finn du i butikken. Balsam for sjela og livet finn du i kyrkja!

Lat Anden i vårt hjarte bu

med balsam og med trøyst.

Lat tvilen vike for vår tru

i jordskjelv, storm og eld kom du

kom linne susings røyst,

kom linne susings røyst.

Norsk salmebok nr. 416

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s