
Det er dessverre ikkje så ofte eg får vore i den menigheten eg soknar til, lenger; Høvik menighet. Ei forklaring på dette er sjølvsagt at eg ofte jobbar sjølv på søndagar. Og dei søndagane eg har fri, er det ofte andre ting på programmet, naturleg nok. Men i dag tok eg turen til Høvik kirke. Det er der eg har høyrt til dei siste 17 åra. Det er min menighet, det er der mange av dei store tinga i mitt liv har skjedd: det er ungane mine døypt, der er eldstemann konfirmert, der har barna overnatta på Lys våken, vore tårnagentar, gått i barnekor, vore på konfirmantleir, der har eg vore med i soknerådet og dirigert barnekor. Men altså, no var det lenge sidan sist.
I dag var det ei heilt vanleg, enkel gudsteneste, ferdig kl. 11.56. Ein god organist (Thrøstur Eiriksson) som gjorde det godt å delta i salmesongen, dyktig liturg og predikant (Ingeborg Holberg Heggen), gode medhjelparar og eit godt fellesskap. For kva anna er eigentleg ei gudsteneste enn menneske som søkjer saman? Som treng Gud og som treng kvarandre? Eit uperfekt fellesskap av menneske som er glad i Jesus, glad i kyrkja og glad i salmesong. Som samlast ved nattverdbordet, tar imot, tenner lys, ber, og syng så det ljomar. Salmar om glede, salmar om håp og til trøyst.
Eg må med handa på hjartet seia at det er lenge sidan eg har vore i Høvik kirke. Men du, så fint det var å komma dit! «Så fint å sjå deg», «Så koseleg at du er her», sa folk som kanskje ikkje har sett meg der på eitt år?! Wow, tenkte eg. Tenk å bli møtt slik, tenk at nokon er glad for at eg er her, at eg kom! Tenk at eg høyrer heime her sjølv om eg er her så sjeldan!
Kanskje er det lenge sidan sist du var på gudsteneste også. Men, mist ikkje motet, ta heller turen! Eg er 100% sikker på at nokon er glad for at nettopp du er der. Og eg er 100% sikker på at noko vil seia at dei er glade for at nettopp du er der. Og så skal du tenka at kyrkja er eit fellesskap av truande og tvilande. Det handlar ikkje om å klara å sitja og stå på dei rette plassane (eg bomma faktisk eit par gonger i dag – det er så forskjellig når ein sit og står rundt omkring i dei ulike menighetane!), det handlar ikkje om å vera god nok eller syndfri nok. Det handlar i alle fall ikkje om å passa inn eller ikkje. Vi var ganske mange ulike folk på gudsteneste i dag, og eg trur vi kjente at vi passa inn, alle saman. Det er jo det som er fint med kyrkja som eit åpent fellesskap: Vi er forskjellige! Men vi har ein ting felles: vi treng ein stad og eit rom der vi kan møta Gud og kvarandre med livet vårt slik det er. Kyrkja er eit sånt rom. Og der er det plass til fleire, og der er det plass til deg!
Som barn i ditt hus har vi hver og en et sted
der vi kan søke ditt ansikt
og du gir oss av din fred.
Så møtes vi her i din store faderfavn.
Du lar oss juble og glede oss
når vi er samlet i ditt navn.
Du har lovet å være tilstede
for å dele vår sorg og vår glede.
Gi oss vilje og mot til å leve, Herre, som barn i ditt hus.
(Tore W. Aas)