Det finst tider på året og tider i livet der vi må leita lenge, djupt og grundig etter gledene i livet. Det kan vera store eller små hendelser, daglegliv eller dramatikk som gjer at gledene kjennest langt unna. Og det kan også vera slik at om det går bra sånn stort sett, er det mogleg å føla på kor tynn linja er mellom lykke og eit godt liv, og kjensla av at livet berre er eit einaste stort slit. Om vi kjenner etter (og det er fint å gjera av og til, sjølv om det er slitsomt!), er livet i alt sitt mangfold eit utruleg prosjekt; fint, travelt, tungt, lyst, mørkt.
Denne veka her, siste veka i november, er ei slik veke for å grava djupt etter gledene. Det er mørkt, vått, kaldt, regn sludd, og første søndag i advent og julemusikken kjennest langt unna. Livet består av jobb, møter, kjøring hit og dit, middagslaging og trøtte barn. Men så, plutseleg, kan det oppstå ei kvardagsglede; når sonen på 13 heilt umotivert skryt av at havregrauten var spesielt god! Då kjenner eg at det bur noko i oss som løfter oss opp og knyter oss saman.
For vi klarer ikkje å bli gode, glade eller å sjå det gode utan andre. Andre kan løfta dagen vår – og vi kan løfta andres dagar. Dess mørkare det er ute, dess meir må vi lyfta fram det menneskelege lyset, det vi har i oss. Gode blikk og gode ord trengst i november.
Forfattaren Ronald Fangen har tre salmar i salmeboka. Den mest kjente er nok «Guds menighet er jordens største under», men den aller finaste står på nummer 653 og heiter «Herre over alle slekter». Den eine setningen der går slik: «…du som kjenner våre lengsler og som gransker våre savn, gi vårt korte liv her nede tapper kraft og hellig glede…» Eg er så glad i den setninga der. Gud kjenner våre lengsler og ser våre savn, vi treng ikkje skjula noko for han, verken tungsinnet i november eller andre ting. Og så gjer bønna om «tapper kraft» inntrykk på meg. Ronald Fangen sat sjølv i konsentrasjonsleir under krigen og hadde ein lang og vanskeleg rekonvalesens etterpå. Han visste kva som kunne trengast av «tapper kraft» i alt han stod i. Eg kjenner også det, i mitt langt mindre kompliserte liv, at av og til krev det tapper kraft – når det ikkje er noko anna å finna! Og så var den den hellige gleda. Kor finn vi den? Jo, vi kan finna den i dei små tinga; greie barn, køen som ikkje var så lang den dagen vi hadde det travelt, nøklar som blir borte og dukkar opp att, gode menneskemøte – og så vidare. Men det er ein plass eg finn den hellige gleda aller mest; og det er i kyrkja. Der ingenting er overfladisk, men der eg kan kjenna at den hellige gleda sprer seg i kroppen (ja eg kjenner det faktisk!) når eg får vera saman med andre om det aller viktigaste, og når eg står for alteret og kjenner at det å prisa Gud siste søndag i november, det er også fint. Fellesskap og eit løfta blikk – og det å bli sett av ein Gud som tåler meg. Finn deg eit hellig rom! Det gir hellig glede i november!