Alle mot ein?

Skjærtorsdag. Vi er midt i dramaet, den eine dagen er meir fylt av tyngde, smerte, sterke kjensler, kjærleik og drama enn den andre. Alle livets kjensler er i sving desse dagane i det som vi kallar den stille veka. Skjærtorsdag minner oss om livets enorme ytterkantar: Den kjærleiken som er villig til å ofra alt, og den som er villig til å svika for 30 sølvpengar. Kjærleik og svik.

Judas. Ein av dei best kjente karakterane frå Bibelen. Og kanskje ein av dei minst nyanserte karakterane. Visst var han ein del av eit spel, ein del av ei brikke i historien om Jesus, den historien som steg for steg blir til i desse intense dagane. Ein historie som viser tilbake og framover. Ting som må skje, ting som har skjedde, ting som skal skje. Men som også er så intens der og då, medan det skjer. Judas var ein del av ein plan, noko som måtte skje. Men akkurat som alle dei andre personane vi møter i Bibelen, var også han eit menneske. Ein bror, ein ven, ein son. Var han ikkje? Diktet på bildet over her gjer eit voldsomt inntrykk på meg kvar gong eg les det. Eg kjenner det i morshjartet. Eg trur det er utruleg sunt å få eit slikt utanforblikk på det vi kjenner så godt. Judas er synonymt med svik. Men er det noko av dette vi kan kjenna oss att i? Når personar blir så unyanserte som Judas, er det så lett å ta avstand, frå både person og handling. Han angår oss ikkje. For ein fæl fyr. For ein svikar. Men – har vi ikkje alle deler av Judas i oss? Og har ikkje mange av oss erfart at det er sårbart å ha ein son, eit barn, eit barnebarn eller ein venn som det kanskje ikkje går så bra med? Som vel feil? Som prioriterer annleis enn vi ville gjort, og som gjer at vi får vondt i hjartet? Morsblikket på Judas som dette diktet formidlar, rører meg. Kanskje er det naivt tenkt, kanskje er ho blenda av morskjærleik og ute av stand til å sjå eigne eller andres tilkortkommenhet. Det kan også vera mogleg å kjenna seg att i, frå eit morsperspektiv.

Judas er nesten blitt berre ein karikatur, ein vi ler av og heilt sjølvsagt tar avstand frå, og i alle fall ikkje relaterer oss til. Men: Ingen er berre det du ser. Eg er så glad i Kirkens Bymisjons motto. Det kunne nesten vore sagt av Judas’ mor, det også. Eg tenkjer på alle morshjarte som blør for bortkomne søner, som gret over øydelagde relasjonar, avstand, smerte –  spesielt kanskje i koronatida. Når vi, som no, har god tid for oss sjølve, veks ofte eigne tankar, og vi møter ikkje så mange andre enn oss sjølve i døra, og ein kan kjenna på skam. Ikkje nødvendigvis fordi ein sjølv har gjort noko feil, men fordi livet blei så annleis enn forventa, og vi synest kanskje vi burde takla akkurat det betre. Vi må vera greie med kvarandre. For ingen er berre det vi ser, og ingen er berre det vi (trur vi) veit om dei. Dei som kjekkar seg, kan ha det tøft, dei som ler, grin kanskje inni seg. Eg har akkurat i dag lest ut romanen Nu, jävlar av Heidi Linde frå 2009. Den lærer oss noko om akkurat det. Om stort og smått i livet som blei bra og dårleg, som kunne vore annleis, om kva som gøymer seg bak tøffe ansikt og sleivete kommentarar. Om alt det vi ber på inni oss.

Skjærtorsdag held også fram eit førebilete for oss. Ein vi kan læra av. Vi som ofte har kjappe svar og greie forklaringar. Vi som er på høgda i ein kvar sammanheng. Vi som klarer oss bra. Vi som har liv som går på skinner. Vi som er tilfredse og sjølvtilfredse. Vi som er oss sjølve nok. For det er ikkje berre svik på skjærtorsdag. Det er også den største kjærleiken: Jesus som vaskar føtene til læresveinane, denne uhøyrte handlinga som viser Jesu tenarsinn. Som viser aller best kven Jesus er: Ein som gir sitt liv for sine vener. Både dei som klarer seg, og dei som ikkje klarer seg.

Judas svikta. Han forsvann ut i mørket og ut av fellesskapet. Kanskje valte han det sjølv, kanskje tok sjølvforakta og skamma han. Fortsatt var han ein son, ein bror, ein ven av nokon. Ein som framleis var elska av nokon. Det er ein tanke vi kan ta med oss i dag, saman med alle spørsmåla om kvifor og korleis. Ikkje alt forstår vi eller finn vi svar på. Men det vi veit, er at vi alltid kan minna kvarandre om at ingen er berre det vi ser. Relasjon og fellesskap er vanskelege greier. Men også det aller finaste.

Skjærtorsdag er livets drama på ein dag. Ein fortetta kveld med svik og kjærleik. Livet utspent og med lange, vanskelege og utfordrande tankerekker. Ting vi kjenner att, og ting vi ikkje kjenner att, ting vi kan relatera oss til, og ting som er ukjent for oss. Påskedramaet er livet i alle nyansar. Rikt og flott, tungt og heftig, skam og svik, sigrar og nederlag, fellesskap og isolasjon. I alt dette som vi også kan kjenna att frå eige liv, kan vi komma til Jesus, han som vaskar føter, bryt brød, deler vin, velsignar, går i døden og stig ut av grava att. Den levande. Den som elskar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s