«Frykt ikke?»

No brakar det laus i frikyrkjene og på bedehusa. Homofilidebatten blir reist enno ein gong, og denne gong frå innsida av miljøet. Utgangspunktet er professor og pinsevenn Terje Hegertuns bok Det trofaste samliv der han løfter fram verdien av nettopp dette – at vi som kristne bør oppfordra til livslange, forpliktande ekteskap også for homofile, heller enn å fordømma deira ståstad. Det gode denne gongen er at stemma kjem innanfrå, frå miljøet sjølv, og nettopp difor er det umogleg å oversjå det, umogleg å lata vera å ta stilling, umogleg ikkje å svara på det ein blir konfrontert med – for dei det gjeld. Og ein må svara med visdom og kjærleik, for det handlar om menneske frå eins eigen samanheng, menneske i nære relasjonar, menneske i kyrkjelyden.

Ein viktig premiss for at ei systematisk endring skal skje, er at ønsket om endring kjem innanfrå. Difor er det grunn til å vera optimistisk. Det er veldig bra at dette skjer. Ein etter ein blir leiarane konfrontert med sitt syn og løfta fram i offentligheten. Og dei er nøydde til å svara. Når eg les det som blir sagt, er det fleire ting som slår meg, men spesielt ein ting: Kva er det de er så redde for, alle menn (og kvinner) som ropar så høgt om dette? Kvifor er de så redde for å inkludera homofile, gje dei styreverv, la dei vera i leiarskapet, ta imot dei som dei er? (Det er ikkje berre menn som ytrar dette, men det er jo i all hovudsak menn som er i leiinga i desse samanhengane.) Dess meir eg tenker på det, dess meir ille synest eg det er. Eg synest det er vondt, trist, vanskeleg og opprivande. Det er opplagt at homofili blir definert som synd. Men kva med alle dei andre syndene som blir begått i desse kyrkjelydane (og i alle kyrkjelydar)? Ein nyttar som argument at heller ikkje sambuarar kan vera leiarar eller bli valt inn i råd og utval (som om det skulle verka betryggande?). Den nest største synda, der, altså. Alle dei andre syndene er det visst ikkje så farleg med. Pengebruk, maktmisbruk, baktalinga, utfrysinga, øydelagte relasjonar, dårleg leiarskap (slike ting som vi alle syslar med av og til, utan at vi seier at den eine synda er verre enn den andre). Synd eller ei, det verste er likevel at det blir så mykje ufridom ut av dette – og er ikkje det også i så fall ei stor synd?  Folk som lever i skjul, som lever usunne og usanne liv fylt av skamkjensle. Akkurat det bør vi som kristne søsken ta inn over oss i langt større grad. Kva gjer det med oss, med fellesskapet vårt, at vi tenker og handlar slik vi gjer? Kvifor ropar nokon så høgt om denne eine synda? At menneske er skapt til å vera slik dei er? (Sjølv tenker eg ikkje at det er synd, berre for å ha sagt det! Og for å ha det heilt på det reine: Eg har ingenting i mot menn på generelt grunnlag! Tvert om!)

Så, i dag, stig Marit Landrø, fram og seier det som skal seiast, også ho ei stemme innanfrå. Marit Landrø er den første kvinnelege pinsepastoren og no sjelesorgarbeidar, og ho seier dette: «Slik jeg forstår Guds ord er det lyset og sannheten som frigjør mennesker. Jeg kan ikke oppmuntre mennesker til å leve skjult, for det er sannheten som setter mennesker fri på innsiden.»

Kvifor brenn ikkje denne vinklinga meir hjå dei som uttalar seg så standhaftig og skråsikkert? Det er mitt store spørsmål. Kvifor meiner vi, med Bibelen i hand, at vi kan øydelegga andres liv gjennom å fordømma deira legning? Landrø utdjupar: – «De som oppsøker meg er ofte Jesus-sentrerte kristne, som ikke regner seg som liberale. Blant disse har det også vært pastorer, misjonærer, lovsangsledere og ungdomsledere, forteller hun. Hennes erfaring er at de fleste homofile og lesbiske i pinsekarismatiske kretser har måttet velge: Enten skjule identiteten sin for å kunne fortsette tjenesten sin i en kristen sammenheng, eller stå fram med den homofile orienteringen sin, for så å trekke seg stille ut av de tjenestene de hadde i menigheten.»

Ein ting er nettrolla som ropar i kommentarfeltet om Guds sanne ord og som har svaret på det meste, kvar dag, heile tida. Ein annan ting er leiarar i organisasjonar og kyrkjelydar som om igjen og om igjen seier: «Vi må inkludere homofile bedre uten å endre teologisk ståsted». Korleis i all verda har ein tenkt å få til det? Er det utruleg å tenka seg at dei som lever ut sin homofile legning, har slutta å tru på desse orda? Og kvifor er det så vanskeleg nettopp i denne eine saka å endra ståstad? Kvifor sit det så utruleg langt inne å kunna seia at eg anerkjenner livet ditt, den du er og det du ynskjer med livet ditt. Eg ynskjer at du skal leva i lyset med det livet du har, og eg trur at Gud aksepterer deg slik du er.

No er denne prosessen sett i spel også i dei karismatiske og tradisjonelt konservative miljøa. Det kan bli ein vanskeleg prosess internt, men ein heilt nødvendig prosess, fordi det handlar om menneske, og eit kvart menneske har rett til å leva i lys og sanning med sitt liv overfor sine medmenneske og overfor Gud. Ein treng ikkje vera professor i historie for å gjetta på kva resultatet blir av den prosessen som er sett i gang no. Eit resultat eg ønskjer velkomme av heile mitt hjarte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s