
Far min, Lars, var ein fin kar. I 50 år jobba han i trelastbransjen, på Hardanger Bygg. Først var han lastebilsjåfør, deretter jobba han på lageret og til slutt jobba han i butikken. På skranken sin hadde han eit laminert skilt der det stod cand.reol. Nokon hadde laga det til han. Han var nemlig så god på plassbygde hyller. Han var god til mykje anna også. Han var godt likt, hadde ein lun og god humor og var veldig oppteken av å gjera ein god jobb. Eg hugsar at det var mange gongar han måtte tilbake på jobb etter arbeidstid for å avslutta diverse prosjekt. Integritet, arbeidslyst og godt blikk i møte med kundane – det var far min.
Eg tenker på far min kvar gong eg syklar forbi Maxbo på Vækerø, og det gjer eg ganske ofte. Far min kalla det ikkje Maxbo, men «Løvenskiold». Det var jo i Oslo. Den friske, krispige morgonlufta blandar seg med lukta av tre, og eg tenker på far min. Eg tenker på det han gjorde, det livet han levde, den horisonten han hadde, integriteten, engasjementet på fritida, alt det han gav gjennom sitt liv.
I samband med gravferder møter eg mange liv. Gode liv. Nokon er ganske like som mitt liv, andre meir lik far min sitt liv. For vi hadde og har ganske ulike liv. Men vi hadde og har gode liv, slik dei er. Far min hadde ein ganske liten radius. Eit år i militæret, eit år på Ungdomsheimen på Kvamskogen der han (heldigvis!) møtte mor, og både før og etter dette altså til saman 50 år i samme bedrift. Og så var han frivillig! Han var leiar på barneaktivitetar på bedehuset, og han var vaktmeister der på frivillig basis, handy som han var, han vaska fast i indremisjons-barnehagen, han var frivillig i Raudekrossen i sin ungdom, han var med i Blå Kors, indremisjon, Santalmisjonen, han leia møte på bedehuset, var alltid hjelpsam mot andre. Heldigvis blei han heidra med Kongens fortjenestmedalje i 2004. Eit vanleg liv som dedikert tilsett og engasjert frivillig fortener heider og ære!
Eg hugsar at i minnesamværet etter gravferda hans (han døydde i 2013) slo det meg at hans gode kollegaer trekte fram at han var morsom. Då blei eg glad. Eg likte humoren hans, men kan ikkje hugsa at eg synest han var spesielt morsom sånn i det daglege. Det trur eg er fordi ein ikkje alltid tenker at foreldre er morsomme. Eg trur også at eg kanskje er meir morsom på jobb enn heime, diverre, på ein måte. Samstundes tenkte eg aldri at han var kjip. Han var snill, litt dumsnill akkurat slik fedre skal vera. Han var engasjert i det som var heime, litt slik fedre var på den tida, men kanskje vel så engasjert i frivillig arbeid. Det er eg glad for. Eg trur at det engasjementet har smitta over på meg, slik at også eg tenker at ein ikkje berre lever for seg sjølv, men at den største gleda ein kan ha, det er å vera med på dugnad.
I gravferd og i bryllup, og ofte elles, les eg og tenker eg på orda frå 1. korinterbrev der Paulus snakkar om tru, håp og kjærleik. Gjennom våre vanlege liv kan vi gjera ein forskjell for andre. Kjærleiken er det største, større enn både tru og håp. Kjærleik er alltid handling, aldri tomme ord. Då eg sykla forbi Løvenskiold i dag, tenkte eg på far min. Han hadde både tru, håp og kjærleik. Oftast formidla han det gjennom handling. Cand.reol. Lars Bjørke. Ein handlingens mann. Førebilete i tre, håp og kjærleik.