Å stå i kampen

I ulike lågkyrkjelege, kristne samanhengar i oppvekst og ungdom hugsar eg at eg høyrde uttrykket «å stå i kampen». Det var noko vi kristne gjorde: mot alt som var farleg, mot åndsmakter og umoral (ja, særleg umoral). Det var ein kamp som liksom var ein del av det å vera kristen, ein kamp Gud på det næraste hadde sendt oss ut i. Den kampen vi stod i, handla nettopp om å ta avstand frå alt «der ute», alt som var uvant, annleis, feil, ukjent, farleg, umoralsk. Alt som utfordra ein tradisjonell kristen tankegang. I ettertid har eg ofte grøssa av dette uttrykket, eg synest det er så utriveleg og ubehageleg.

I dag tenker eg igjen på dette uttrykket. Tenker på den distansen det skapte mellom menneske, dei grensene den typen retorikk, skapte. Den perfekte veg til menneskefrykt. Men mest av alt tenker eg sjølvsagt at det er ein utruleg kjip retorikk. For kven er det eigentleg som står i kampen? Dei siste dagane har vist oss mange utruleg sterke forteljingar frå dei som verkeleg står i kampen, og kva kampar mange av oss står i; kampen mot sjølvforakt, hat, diskriminering, stygge ord, fordømming.

Eg vil stå i kampen saman med menneske, ikkje mot menneske. Eg vil kjempa for eit samfunn som har plass til alle, til mangfald, til å vera den ein er, elska den ein vil. Det gleder meg at mange dei siste dagane har kjent behov for å setja ord på at det brått kjennest framandt på ulike vis å ha kjempa i mot kjærleiken og retten til å elska den ein vil, og mot det å realisera den kjærleiken. Menneskefrykta – den angsten som ulike stemmer har klart å skapa i oss, om at vi tar feil om vi opnar opp, har site djupt i mange.

Eg har vore prest i snart sju år, og heile vegen har eg sagt ja til likekjønna vigsel. Heldigvis. Dei siste dagane har likevel gjort meg endå meir medviten om kva kamp mange menneske står i. Den kampen må vi alle bli ein del av på ein mykje meir tydeleg måte. Vi er kalt til å vera i verda, vera der for kvarandre, elska kvarandre, gi kvarandre verdi, menneskeverd og gjera dei åra vi har her saman, så bra som mogleg, for alle menneske. Eg vil ikkje stå imot, eg vil stå saman med. For ein kan ikkje alltid stå med hua i handa og gjera alle til lags. Då skjer det ofte så utruleg lite.

Nå er du. Her og nå.
Det er nå du sitter i cockpiten
og har ansvaret for at jorda når fram
til neste generasjon.
Det er nå du kan slå i bordet 
og si hva du mener


Det er nå du har sjansen. Her og nå.
Bare her og nå.

Kolbein Falkeid (Redningsforsøk, 1983)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s