
Dei siste dagane har det gått ein debatt i avisa Vårt Land om arrangementet «The Send». Tarjei Gilje i Vårt Land kallar det eit klassisk misjonsmøte The Send i Bergen var som et klassisk misjonsmøte, skriver Tarjei Møller Gilje.. Han får svar frå Gunhild Garcia de Presno som ikkje meiner det var som eit klassisk misjonsmøte The Send får kritikk av Gunhild Garcia de Presno for press mot unge kristne.
Eg er ikkje ekspert på verken klassiske misjonsmøte eller store samlingar av unge menneske med lovsong og løfta hender. Men litt erfaring har eg frå begge deler. Og det er kanskje det aller viktigaste i denne samanhengen; at ein kjenner ulike sjangrar innanfor kristne fellesskap, og at ein dermed kjenner lusa på gangen.
Det kjennest alltid vondt å kritisera kristne aktivitetar, engasjert ungdom og god stemning. Det gode med Gunhild Garcia de Presnos innlegg er at ho stiller spørsmål om rammene, i tillegg til å stilla spørsmål ved forkynninga, og eg trur det er den vegen vi må gå. Vi må stilla spørsmåla: Kor berekraftig er dette? Er det vaksne i rommet? Kva skjer veka etter The Send? Eller året etter? Sannsynlegvis vil dei fleste ungdommane sjå tilbake på dette som ein gøy opplevelse, at ein var gira, inspirert og klar for å endra verda. Som vaksen tenker ein kanskje tilbake på at ein var litt unyansert, litt sta, litt einspora og veldig engasjert. Slik ser eg også på meg sjølv når eg ser tilbake på 16 år gamle Marita. Det har heldigvis endra seg. Det har heldigvis endra seg.
Ja, det har heldigvis endra seg. Det er deilig å seia. Trua mi har opna seg og blitt fri frå alle krava, den lever i meg som eit dagleg nærvær, som ein heilt naturleg del av mitt heilt vanlege liv, som pusten, som hjarteslaga. Jamn og god, og det er det beste, både for hjarteslaga, pusten og for trua. Eg er veldig glad for at eg aldri blei tatt av ei slik teologisk bølgje av radikal kristendom der idealet var å oppgi alt, gi alt, satsa alt, leva med hendene løfta og hjartet fylt av Jesus – til ei kvar tid. Det hadde for min del aldri halde over tid. Det var slike bevegelser også i mitt ungdomsmiljø, og det har gjort inntrykk å sjå korleis dei som var med der, takla det dei var med på: Nokon såg ut til å få eit avslappa og nyansert forhold til det dei var med på, nokon gjekk inn i det med liv og sjel over tid, og nokon blei så metta at dei fekk avsmak på alt som lukta av kristendom i lang tid etterpå. Kanskje er det difor eg kjenner bekymring når eg ser liknande i vår tid: Kan menneske mista trua av dette? Kva er det eigentleg som er farleg med dette? Teologien eller rammene?
Eg undrast på om vi kan møtast ein stad midt i mellom. At vi like mykje som å kritisera teologien, skal vera kritiske til rammene. Ein fellesnemnar for dei faktisk ganske mange brente barna innanfor karismatiske miljø i Noreg er at dei blei utsett for maktmisbruk. Garcia de Presno skriv i sin kommentar: «Derimot har jeg jobbet som rådgiver i skolen. I utdanningen lærte jeg om etisk tenkning rundt påvirkning og asymmetriske maktforhold (mi utheving). Som rådgiver bærer man den andres liv i hendene. Det man sier kan få stor betydning for et ungt menneskes livsretning.». Det er nettopp denne bevisstheten eg trur manglar i ein del kristne samanhengar, i alt frå karismatiske miljø med pastorektepar som har stor makt og får lite motstand, til profetinner og profetar i andre miljø, til unge leiarar på leir som ikkje kjenner grensene sine. Det handlar om bevissthet rundt roller, makt, asymmetri, kva for ord vi bruker, og sjølvsagt også korleis vi snakkar om Jesus og det å tru. Garcia de Presno utdjupar: «Derfor må man møte eleven med respekt for deres personlighet, integritet og egne refleksjoner. Man må stille åpne spørsmål og være varsom med egne føringer.» Det må altså i alle slike samanhengar vera vaksne i rommet. Ansvarlege vaksne. Nyanserte vaksne. Vaksne som tåler livet.
Eg veit at 16-17-åringar kan vera lett bytte for menneske med overbevisningskraft, retoriske evner og ei brennande tru. Eg veit også at det kan vera uheldig. For mange, heldigvis, går det over og blir ei sunn og udramatisk tru. Difor må vi heller ikkje overdriva verken effekten av eller den eventuelle trusselen ved at det er 850 menneske på eit konservativt, kristent arrangement i Bergen.
For meg som prest i Den norske kyrkja, er berekraft eit viktig ord. Eg ynskjer å gi konfirmantane og ungdommane våre trygge rammer for trua. Og eg ynskjer at vi skal snakka mykje meir om kva det betyr å vera døypt. Kva det betyr å høyra til i eit fellesskap. Kva Gud gir meg, ikkje berre kva eg skal gi Gud. Så kan ein alltids spørja kor ungdommane er. Dei er i alle fall ikkje i kyrkja kl. 11 på søndagar. Fleirtalet av kristne ungdommar er heller ikkje på samlingar som «The Send» i Bergen (sjølv om det er mange). Det er veldig mange ungdommar som går på leiarkurs i kyrkja, som er leiarar på barneleirar og konfirmantleirar, som reiser til Taizé på påsketur og som er med på ulike arrangement i regi av Den norske kyrkja, KFUK-KFUM og andre organisasjonar. Det er ikkje alltid store happenings, ganske ofte er det berre ei stille kveldsstund med lystenning og roleg musikk, ein gospelsong på ei gudsteneste av eit litt vaklande tensing-kor, ein ungdom som for første gong vågar eit skjørt vitnesbyrd på kveldssamling på leir framfor 90 11-12-åringar som ser eit berekraftig førebilete. Det skjer heile tida. Mange små, men viktige happenings i lokalkyrkja. Og nokon store: Kvart år blir over 30 000 ungdommar konfirmert.
Eit berekraftig kristenliv blir ikkje skapt på store happenings. Det veit vi alle, også dei som arrangerer «The Send». Eit berekraftig kristenliv treng eit rom som alltid er der, både fysisk og åndeleg. Kyrkjerommet er eit slikt rom. Der lysgloben alltid er å finna. Der brød og vin blir gitt til tilgjeving og oppreising og mot. Der også dei vanskelege erfaringane blir sett ord på i salmar, bibeltekstar og preiker. Eit kristenliv med løfta hender og full overgivelse er i min verden ikkje berekraftig over tid i møte med livet.
Eg har vore på mange misjonsmøte i mitt liv. Det handla i grunnen mest om at misjonærane gjer ein jobb: Helsearebeid, undervisning, bygga kraftverk, bygga samfunn og ofte i det stille evangelisera gjennom nære samtalar, tillit og tryggleik. Og så såg vi nokre lysbilete på lerret på veggen. Lysbileta hadde gjerne akkurat ramla ut av lysbiletekassetten, og i full fart plassert på kryss og tvers tilbake i lysbiletekassetten, så vi måtte sitja med hovudet på skakke, først eine vegen og deretter andre vegen. Så fekk vi sjå misjonærlivet frå mange ulike vinklar. Det var veldig lite løfta hender, men mange arbeidshender.
Vi må passa oss så vi som kyrkje ikkje inviterer til eit kristenliv som blir for tungt å bera. Paulus minner oss også om dette «hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg». (Romarane 11), For meg er essensen i eit kristent liv, anten ein er aktiv kyrkjegjengar heile livet, eller konfirmant eit år, eller ein er eit lite barn som ikkje utrettar noko som helst i Guds rike anna enn å vera og leva, eller ein er ein misjonshøvding, desse seks orda frå Svein Ellingsens salme «Fylt av glede»: «Dåpens lys forblir når livet slukner». Det er det som er den gode bodskapen. I den kan vi leva, kvila og arbeida.