
Eg kan seia at eg forstår at det er vanskeleg å endra eit syn ein er oppvaksen med. Eg kan seia at eg forstår at det tar tid. Eg kan anerkjenna at det er ein følelse av at mykje står på spel.
Men eg vil pirka borti nokon ting. For kva er det som held deg tilbake? Kor finn du grunngjevinga for det du meiner? Kva er kjeldene for usikkerheten din? Er det faktisk Bibelen, eller er det alt du har høyrt på bedehuset eller i kyrkjelyden din? Er du redd for at nokon skal koma og ta deg dersom du blir liberal? Er det folk eller Gud som held deg tilbake? Sånn eigentleg?
Kanskje pakkar du frykta for å meina noko anna enn dei konservative stemmene, inn i ein slags teologisk emballasje? Kanskje er det lett å slå folk i hovudet (og hjartet) om du bruker ord som «bibeltruskap»?
Då vil eg spørja: Korleis står det elles til med bibeltruskapen? Protesterte du i naturfagstimane på skulen? Meiner du jorda er skapt på seks dagar? Bruker du ikkje prevensjon? Og ber du kona di dekka hovudet til og ikkje snakka i forsamlingar? Og pengebruken din? Og omsorga for jorda, korleis er det med den? Er du like bekymra for jorda som du er for naboen sitt sexliv? Bibelen lærer oss mykje bra, men seier også mykje som er mildt sagt utfordrande. Bibelen er litteratur i tid og rom, eit forsøk på å forstå og tola verda og Gud. Å hevda det, ja det er den sanne bibeltruskap.
Å vera bibeltru i homofilispørsmålet er enkelt fram til dottera di kjem heim og seier ho er forelska i ei jente. Om du ser på det som ein kamp du må kjempa for bibeltruskapen, meir enn for dottera di sin rett til å elska, vil eg seia: Gud treng deg meir i kampen for dottera di enn i kampen for Bibelen. Du treng å elska. Barnet ditt treng å elska. Og barnet ditt treng å bli elska.
Å pakka kampane og kjærleiken inn i teologisk emballasje gir oss eit hardt skal. Det får oss til å gløyma kjærleiken. «I skolen må man trede varsomt, for der blir mennesker til», sa salige Grundtvig.
Ingen går fortapt av eit prideflagg. Viss det flagget er viktig for at menneske skal kjenna seg trygge, heis det. Viss det flagget er viktig for at barn skal kjenna seg att i livet og verda, heis det. Viss det flagget er viktig for fem elevar på ein skule med tusen elevar, heis det. Det går heilt fint. Uansett.
«Jeg er skapt slik skaperen skapte meg, og er skaperen fornøyd, så er jeg det også» sa Kim Friele.
Gud klarer seg. Menneska du har rundt deg, treng deg. Bruk kreftene på det gode. Vis kjærleik. Heis flagget. Ver venleg. Nokon treng deg og kjærleiken din.