Å bli møtt av evangeliet. – Til deg som ikkje heilt veit

Brustein

Vi er litt filterlause i desember. Følelser, tonar, musikk, ord – alt smyg seg liksom innunder huda. Vi tar lettare imot. Vi opnar opp. Kva er det vi møter i desember? Og kvifor treng vi dette?

Vi går ikkje alltid rundt og tenker at vi treng det. Vi oppsøker det ikkje alltid. Men vi blir møtt av det! Det meste som blir formidla til oss i jula, handlar enten om Jesusbarnet eller om oss sjølve. Det handlar om juleevangeliet, eller det handlar om tema som berører oss – livet vårt, barna våre, barndommen vår, erfaringane våre. Det er jo derfor vi blir berørt. Når vi går inn i eit kyrkjerom på ein konsert eller på ei gudsteneste, er det eit møte med oss sjølve, og også eit møte med Gud. Vi møter oss sjølve, men vi blir møtt av evangeliet. Eg trur vi treng å bli møtt av evangeliet i 2018 fordi det fortel oss noko inn i våre krevande liv. Det fortel om ein frihet for sjel og sinn og at det beste livet leves i fellesskap med andre.

Men det er ikkje berre i kyrkja vi kan bli møtt eller berørt. Her om dagen såg eg ein snutt på Facebook frå programmet Senkveld, det var ei julehelsing får programleiarane. Dei hadde fått Odd Nordstoga og Frida Ånnevik og Det norske kammerorkester til å framføra «Det hev ei rose sprunge» på Stortinget T-banestasjon. Der, på ein vanleg kvardag, kryssa menneskets liv og evangeliet kvarandre. Det var så utruleg vakkert, og eg tenkte: Det er her jula høyrer heime. Dette er jul, og dette er evangeliet. Jula er ikkje nyvaska hus og idyll som kan kjennast anstrengt. Jula er å bli minna om at midt i vårt liv, midt i vår kvardag, kjem Gud til oss. «No er det fødd ein frelsar, og natti vart til dag». Profeten Jesajas ord møter menneske på Stortinget T-banestasjon. Det er evangeliet på sitt vakraste og mest riktige!

Til deg som ikkje heilt veit: Når du kjenner det gode, når du blir bevega, når tonane smyg seg inn – då er det kanskje evangeliet som møter deg. Kanskje er det nåden; alt det du treng. Kanskje er det din eigen lengsel. Vi treng alle å bli møtt – med kjærleik, utan krav. Kanskje er det det som berører oss mest; å kjenna at vi er elska. Kanskje det er derfor jula er så viktig og sterk for oss. Fordi bak alt det nokon prøver å formidla til oss om våre behov, om alt vi treng, alt vi må kjøpa, alt vi må ordna: så kan vi kjenna oss sett. Det har komme eit lys i mørkret. Det lyset er Gud. Det vesle barnet i stallen. Frigjeraren. Han som ser oss! Gud har komme til jorda. Til oss alle. Også til deg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s