Kor hadde vi det frå?

terje vigen

Eg blir stadig forundra over menneskers bereevne. Det er så mykje kraft i det å vera menneske, krefter som ligg i oss, og som får oss til å makta å gå gjennom det som livet byr på. Dei færraste av oss går fri frå prøvingane i livet. Nokon får meir enn andre. Eg høyrer så mange historier om liv som har vore vanskelige, krevande, situasjonar der menneske har gått inn og nesten ofra sitt eige liv for eit søsken som trong oppfølging, ei mor som var sjuk, eit barn som krevde alt. Vi berre gjer det. Kanskje har vi ikkje noko val. Likevel er det noko djupt rørande med dette. Og ikkje nok med det. Mange endar opp med å seia «eg synest vi har vore heldige», eller «vi har hatt eit godt liv, alt i alt». Ein blir audmjuk i møte med slike menneske, og lurer sjølv på korleis ein ville handtert ein tilsvarande motgang. Kolbein Falkeid har sett ord på nettopp denne sida ved å vera menneske:

Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?

 

Vi lever i ei tid (det har mennesket kanskje alltid gjort) der krava og forventningane er så høge. Både til det vi skal klara sjølve, og det vi trur andre meiner vi skal klara. Alt skal vera så bra, så perfekt, så gjennomført. Men kven har eigentleg sagt at det skal vera det? Kven har sagt at det skal gå an å få til det? Det er ikkje alltid et finst ein snarvei til eit betre liv, ein snarvei til ein slankare kropp eller ein snarvei ut av sjukdom, ein bakvei så vi kjem lettare til det gode. Vi kan ikkje alltid gå rundt, av og til må vi gå gjennom. Og ganske ofte blir vi utsett for ting vi ikkje kan ha kontroll over. «Livet skjer», var det ei kvinne som sa til meg, som hadde mista mor si og som i tillegg hadde mange andre utfordringar. Det synest eg var godt sagt.

Vi kjem heilt sikkert ut på andre sida som menneske med nye erfaringar, kanskje nokon erfaringar vi ikkje ville vore utan. Møtet med det krevande lærer oss noko om kva som er viktig, og kva som er mindre viktig. Og eg trur at om vi faktisk klarer å gå gjennom livet med seinka skuldre på det at alt skal vera perfekt, så blir livet betre. Ei viktig erkjenning er jo også at vi ikkje er beskytta mot det som skjer i livet, uansett kor mykje vi jobbar for det sjølv. Den finske diktaren Eeva Kilpi seier det så fint:

Vi har inget skydd mot kärleken,
inget skydd mot livet,
inget skydd mot döden,
inget skydd.
Så skyddslösa är vi.
Det ligger nästan något storslaget i det.

Og for min eigen del kjenner eg også at den kristne trua hjelper meg til å forstå at eg ikkje lever i ei perfekt verd. Ja, kor i all verda hadde vi eigentleg det i frå, at vi gjer det? Erkjenninga av at vi i denne verda ser i spegel og i gåter, at vi lever i det uperfekte, hjelper meg å leva med smerten eg sjølv opplever, og den eg ser at andre opplever. Ting kan skje. Alt kan skje. Ofte går det bra. Men ikkje alltid. Av og til må vi gjennom ting, av og til slår idyllen sprekker. Men – «there is a crack in everything, that’s how the light gets in.» God mandag!

Ein tanke på “Kor hadde vi det frå?

  1. Veldig godt for oss å lesa i kveld. I morgon skal Ingunn attende til sjukehuset, 4. gongs cellegift. Ja, sanneleg, Livet skjer. Og me lyt bera. Og me merkar at grunnvollen ber oss.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s