Summer of -79

20190716_104952

Det var mange sumrar, ikkje berre den i 1979. Det var ikkje så storslage. Det var ikkje alltid varmt, ikkje alltid fint vær. Sikkert ikkje alltid god stemning. Og eg har mange gongar tenkt på mor mi, det var sikkert litt stress med fire barn og kollektivtransport, då me stod fire barn og to vaksne i svingen på Valland og venta på bussen som skulle ta oss til Granvin, før me skulle ta det vesle, raude toget vidare til Voss. Hardangerbana, 27,5 km med jernbane, ei av Noregs brattaste togliner. Me elska den togturen, og me kalla toget for «Raukodla», eg trur det var fordi det var eit ganske lite, raudt tog. Det rista og det svinga. Og far min, som var morsom, sette seg alltid ytst på benken slik at han kunne rista lengre og lengre utover og til slutt ramla av setet. Me synest det var veldig pinlig men også veldig morsomt. Det var feriemodus og avslappa stemning (slik eg hugsa det!), og alle var sikkert letta fordi me hadde overlevd bussturen langs E-68, Noregs dårlegaste vegstrekning.

Så kom me til Fossen, dette barndomsparadiset av ein feriestad. Der budde fars tanter og onklar, minst fire i talet mens vi var der. Kristina, Bølla (Ingebjørg), Anna og Knut. Kristina var ung, sprek og ugift, Bølla var gammal, strikkeglad og verdens snillaste. Anna var litt distré og var pinsepredikant og Knut dreiv mølla. Noregs ganske lenge einaste vassdrivne mølle. Freda i 1987. Og det var fleire «vossatanter», men nokon av dei hadde flytta ut, blant anna farmora mi, Martha. Det var ein stor foss der med iskaldt vatn. Der bada vi. Vi fanga floger, leste i gamle vekeblad, sov i skuvsenger i skykkja. Skykkja var eit lite, gult hus som nærast hang utover fossen. Fosseduren song oss i søvn, det var surmjølk og flatbrød (soppa) til lunsj, det var kalde poteter og spekekjøt, det var krotakaker og heimelaga ripssaft, hesjing og lange kaffislaberas med servise med rosa blomar og gullkant. Det var ei anna verd. Det er lett å bli nostalgisk.

I morgon skal vi til Frankrike. Det er fint, det og. Men somrane i Fossen er eit fantastisk lysande barndomsminne om luksus som ikkje var luksus, om rikdom som ikkje kan målast i pengar, om fellesskap, slekt, arbeid og kvile. Og togtur med ein morsom far.

Vossatantene strikka og broderte; puter, sengeteppe, sokkar… Eg ser enno for meg stolen der Bølla sat og strikka og sydde, og eg er så heldig å ha både ei gammal skuvseng og ei rund, fin heklapute som gode minne frå Fossen heime hjå meg. Og så hugsar eg at Bølla hadde minst tre par briller; gåbriller, sybriller og vanlige briller. Og det var derfor eg begynte å tenka på alt dette i dag. For no har eg vanlige briller, solbriller med styrke og solbriller utan styrke. Historien gjentek seg altså. Og eg håpar at også mine barn kjenner at dei har sumrar som er luksus utan luksus, sumrar med rikdom som ikkje kan målast i pengar. Fellesskap og glede. Det viktigaste når vi i morgon skal vandra rundt i Paris på ein ferie eg berre kunne drøyma om i min barndom, er å stoppa opp i ein park, klatra litt på klatreveggen langs Seinen, kjøpa ein is, slenga seg på ein gratis solstol langs elva og ha det fint saman og kjenna at fellesskapet er det viktigaste. Eg set meg ytst på togsetet og håpar på at det fine skal skje på vår ferie også.

2 tankar på “Summer of -79

Legg att svar til unni bjørke Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s