Håp og heimepåske

Regnbue hjemmeskole
Laga av Marte, 10 år

Det er ganske rart at heile Norge skal feira påske heime. Det – og mange andre ting – får oss til å fatta litt av tyngda i det som no skjer. Eg merkar det når eg pratar med folk frå ulike bransjar og samanhenger; dette rammar så vidt og så breitt og på så mange område eg ikkje har tenkt på! Det rammar i stort og smått, for nokon svært drastisk og alvorleg, for andre meir i form av forbigåande brakkesjuke og ein bekreftelse på at det var riktig å ikkje starta på eit pedagogisk utdanningsløp (etter tre veker med heimeskule).

Eg vil aller helst at alt skulle vore som før. Og eg er usikker på kor lenge me kjem til å hugsa alt me lover no: At me skal bli betre menneske, at ingenting skal bli som før, at me skal klemma meir, bli meir sosiale og visa meir kjærleik. Eg trur me gløymer fort. Og eg trur ikkje det er så farleg. Uansett – me er jo ganske bra menneske som me er, dei fleste av oss. Det viktigaste no er å halda motet og håpet oppe!

Påska ligg foran. I år har eg tenkt litt annleis om påskeevangeliet. Kanskje er det fordi eg ikkje skal forkynna slik eg pleier. Kanskje gir det rom for å sjå på tekstane på ein annan måte. Livet er fylt av eit alvor her og no. Er det rom for dette alvoret i møte med bibeltekstane? Sjølvsagt er det det. Mange av bibeltekstane er skrivne i krisetider. Med det forstørrelsesglaset på tekstane, kan me finna mange fine ting til oss i den situasjonen me er i no, ikkje minst i sjølve påskeforteljinga.

Påskeforteljinga er full av drama, av møte med personar som gjer både bra og dårlege ting. I år er det to ting eg vil løfta fram i påsken; menneska og håpet. Menneska vi møter i bibelen, er fulle av nyansar, og dei er rett og slett akkurat som deg og meg; nokon redde, nokon entusiastiske, nokon gøymer seg bort og nokon bjuder på. Dei lovar og lyg, stikk av når det blir vanskeleg, står i striden og viser frimodighet og mot, dei stenger seg inne, og dei spring av gårde i glede og entusiasme når dei høyrer om den tomme grava. Det ligg eit evangelium i dette. Slik som me er, skal me også få møta Gud, få vera ein del av den heilage, allmenne kyrkja, begynna på nytt når me gjer dumme ting, vera nær Gud med vår glede og vår angst.

Så er det håpet. Akkurat no må eg innrømma at eg sånn i det daglege relaterer håpet mest til her og no. Lat oss kalla det eit kortsiktig håp; at ungane skal på skule snart, at eg skal kunna klemma gode vener og drikka kaffi med kollegaer live, dra på ferie, feira gudsteneste osv. «Håpet er en båt som alltid bærer», syng Anne Grethe Preus. Det er så fint sagt! Det kortsiktige håpet om vanlege dagar lever i meg! Og det langsiktige håpet lever også i meg; om uvanlege dagar der vi skal sjå ansikt til ansikt. Der gåtene skal få sine svar, der vi faktisk skal leva i og erfara det vi håpar på, der vi skal få møta den oppstandne frelsaren. Det blir ein evig påskedag!

Og i mellomtida drikk eg kaffi i solveggen. God påske!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s