Eg er veldig dårleg i matte, men ganske god på å gjera opp rekneskap. Denne koronatida er ei tid for å kjenna etter i livet. Kor mykje hadde eg, kor mykje gav eg bort og kor mykje fekk eg att? Vi hadde ein leik då eg var lita jente, med småstein som vi kasta opp frå hendene og ned slik at dei landa på oversida av hendene og deretter tilbake i håndflata, mens vi sa «så mykje hadde eg, så mykje gav eg, så mykje fekk eg att». Ganske mange steinar mista vi undervegs.
Aller først: Heller ein vår utan korona enn ein med. Inga tvil om det! Men no har koronane vore her, og den er her enno. Og då skjer det ting, gode og vonde, og ein må finna vegar i det som er.
Så mykje hadde eg: Eg hadde travle dagar, travle ettermiddagar, spaniatur i vente, eit par konsertar, ein familieleir på Knattholmen (det er det verste at den ikkje blir!), dugnad på friidrettstevner (ja, det er trist at det ikkje blir), studietur, niesa sin konfirmasjon og barn som skulle på diverse leirar. Alt dette måtte eg gi bort for å vera med på den store helsedugnaden. Sårhet over ting som blir avlyst, skuffelser og omstilling. Nye vegar.
Så mykje fekk eg. Fekk eg noko att? Fann eg ein ny veg? Eg synest det er vanskelig alltid å skulle finna meining i ting. Det er ofte ein meiningslaus aktivitet. Men når livet endrar seg, finn eg meining i å leita etter dei nye vegane og sjå kva dei byr på, for ein må jo gå nokre nye vegar. Kanskje kan ein oppdaga og læra noko undervegs. Og livet blir ikkje betre av å la skuffelsane ta overhand. Så då leitar eg etter fine ting. «Når verden blir dumme, så finne eg fram nåkon gode ting» syng Vamp. Når nokon dører blir stengt, er det andre som opnar seg. Det har opna seg ein dør som heiter «ro», faktisk.
Kva tenker vi at livet vårt skal vera? Når har livet verdi? Når gir det meining? Er det nok for meg å ha ein jobb å gå til, og ei fritid der heimelivet er det dominerande? Det er viktig for meg med ein meiningsfull jobb, så klart. Det har alltid vore viktig for meg. Eg har så mykje identitet i jobben, og eg er heldig som har ein meiningsfull jobb – og i det heile tatt har ein jobb. No er det jo ikkje slik at verda stoppar heilt opp, og blir slik den er no, for alltid. Dette er ein overgang. Men er det noko eg vil ta med meg? Eg snakkar med mange som oppsummerer denne tida med eitt ønske: ta ting litt ned. Det kan vera alt frå opningstidene på kjøpesenteret til terskelen for å be om hjelp. Det ser ut til at ganske mange bruker denne tida litt som eg; å gjera opp rekneskap. Kor blei det av det viktige, og kvifor var det så mange andre ting som fekk så stor plass?
«Gjør som Gud, bli menneske» står det på ein murvegg i Oslo. Kanskje det er det vi skal; finna tilbake til det å vera menneske. Finna roen i kaffikoppen på terassen. Og finna roen i at det blir frykteleg mange kaffikoppar på terassen framover. Finna roen i tanke på bilferie til Bodø (jobbar litt med den!). Finna roen i at det er mindre som skjer. Finna roen i å pusla rundt i hus og heim og hage. Finna roen i at ein omgåast færre, kanskje?
Det er status å ha det travelt og fyka frå ting til ting. Det er status å klara massse. Det er status å reisa, status å ha fin bil, status å visa fram eit velordna liv. Men blir vi meir menneske av det? Neppe! Får vi det bra av det, in the long run? Neppe! Når har vi det best? Kanskje når vi kan rekka ut hendene til kvarandre og seia: «treng du hjelp?» Til stort og smått, mykje og lite, enkle og vanskelege ting. Det er 17. mai på søndag. I år er det mykje vi ikkje treng å stressa med. Vi treng ikkje stryka skjorter, treng ikkje stå opp så tidleg, treng ikkje tenka på at bunaden er trong. Det er vemodig. Men det gjer meg ikkje mindre takknemlig for denne dagen og dette landet. Det gir meg tid til å la takknemligheten få større plass, på bekostning av stresset. Det kan vera ein god tanke i alt som er dumt.
For er det noko som er blitt styrka i denne tida, så er det jo medvitet om kva vi kan få til i dette landet, solidariteten, dugnaden, velviljen vi har for kvarandre. Det er gode ting som har fått rom og språk i denne tida. Mange treng oss no, både i vårt eige land og i verda for øvrig. Mange går ei usikker framtid i møte. Vi som klarer og kan, må vera der for kvarandre. Kanskje er det nok. For det «heiter ikkje: eg no lenger – heretter heiter det: vi. Eig du lykka, så er ho ikkje lenger berre di.» (Halldis Moren Vesaas)