Borte og heime

Av og til er det som om livet sjølv lagar ei slags ramme rundt ting som skjer i en bestemt periode. Vegar som kryssar, menneske ein møter, bøker ein les – ting heng saman på ein nesten fascinerande måte. Eg er ikkje så oppteken av om det er tilfeldigheiter eller noko som er styrt. Det er berre veldig fint når ting i livet heng saman på eit særskilt vis, og når ein legg merke til det. Frå slike kryssingspunkt kan ein henta noko godt.

I koronatida har eg sett alle sesongane av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Frå holmar og skjær på Nordlandskysten, til islagte fjellvatn, karrige bustadhus og steile fjellgardar. Men mest har eg sett på folka. Eg blir veldig nysgjerrig på kva som bur i oss menneske. Kva er det som formar oss? Kvifor vel nokon å bu på Sagene og nokon på Skrova? Nokon i Bergen og nokon på Blefjell? Er det val? Eller blir det berre slik? Svaret eg får, er at det ofte er ei blanding – alt frå romantiske førestellingar om livet på landet, eller ein gard ein hadde odel på, som ein kjenner seg forplikta til å overta. Begge deler kan vera både fint og vanskeleg.

Eg trur kanskje me av og til overser kva det betyr å komma frå ein plass. Ikkje at det er slik at me ikkje skal flytta, og det handlar ikkje berre om den plassen me kjem frå sånn geografisk, men også det mentale (mest det). Språket, måten me snakkar til kvarandre, kva me kan tulla med, korleis me er når me er saman – alt dette heng saman med kor me kjem frå. Eg har budd på Austlandet, midt i tjukkaste Bærum, i snart 20 år. Det er ikkje så veldig annleis å bu her enn å bu i Norheimsund, trur eg. Folk er stort sett folk, det er fotballaget, korpset, Kiwi og kyrkja, lokalmiljø, dugnad, fint ver og stygt ver. Dei fleste som bur her, er dessutan innflyttarar, så sleng det ein og annan innfødd lommedøl innimellom. Likevel er det kulturforskjellar mellom her og Hardanger. Eg finn meg godt til rette i begge kulturane. Og når eg først hadde skjønt at alle setningar i Bærum må innleiast med «så hyggelig», gjekk det mykje betre. («Så hyggelig med dugnad, men det passar dessverre ikkje.» «Så hyggelig med bursdag, me vil gjerne komma.») Det er ikkje nok å seia «Det passar ikkje», eller «Me kjem», slik eg ville funne det meir naturleg, sånn reint intuitivt. Når denne etiketten var på plass, framstod eg nok som litt, tja, hyggelegare? Og det gjer jo ikkje noko det. Ikkje at folk frå Norheimsund ikkje er hyggelege, men det er likevel noko med at det er innanfor med korte svar og korte meldingar. Det er lov å svara «ja» og ikkje så mykje meir når Oddgeir Bruaset spør om skulevegen var glatt nedetter fjellsidene. Ein treng ikkje utbrodera alt så voldsomt. Eg elskar det, og der kjenner eg meg heime, altså. Forrige veke var ordføraren i Kvam intervjua på Dagsrevyen om koronasituasjonen som har vore nokså ekstraordinær dei siste dagane. Journalisten spør om korleis situasjonen er i bygda, og ordføraren svarar: «Kvemmingane tek dette med fatning». Akkurat det tvilar eg ikkje på. Og eg liker svaret. Det er nedpå og tilstrekkeleg utfyllande.

I haust kjøpte me oss hytte i Vikøy, fem minutt frå heimplassen min Norheimsund, 600 meter frå svigers. Dei gamle fjella i syningom er framleis eins å sjå (men no ser eg dei frå ein litt annan vinkel). Lat det vera sagt: Det var ikkje nostalgien som fekk meg til å tenka at hytte i Vikøy var ein god idé. Eg lengtar ikkje heim. Det var heller ikkje veret i juli, ikkje at svigers bur 600 meter unna (men det er hyggeleg (20 år i Bærum), og ikkje minst kjekt for ungane). Likevel – eg berre visste at dette var heilt rett. Og eg elskar det allereie, eg lengtar dit og vil i grunnen berre vera der, sjølv om det er 9 grader på badet og kronisk austavind vår, haust og vinter, uhorvelege mengder med tang, og kjøkenskap som er skeive.  

Så eg har lurt på dette med å «komma heim». Eg seier ikkje at eg skal heim når eg skal til Vikøy, det er lenge sidan eg slutta med det. «Heim» er Høvik. Forfattaren Bjørn Hatterud har sagt følgjande: «Heimplassen vil for alltid vere innpoda i oss, som eit strikkemønster vi legg tankane etter.» Det er så godt sagt, og det er henta frå boka Mjøsa rundt med mor, som alle må lesa. Sitatet uttrykker ingen nostalgi, og det liker eg. Men det understrekar at me, på godt og vondt, er bundne til og av den plassen me kjem frå. Og det merkar eg jo; i ting eg møter her på Austlandet og ting eg møter i Norheimsund når eg er der. Ting som kolliderer, og ting som harmonerer.

Forrige veke hadde eg ei spesiell gravferd, og eg visste at det kom til å bli det med ein gong eg såg namnet; Arne Kjepso. Spelemannen Arne, fødd og oppvaksen på den vesle fjellgarden heilt i ytterkanten av Kvam herad, om lag 30 minutt frå Norheimsund. Eg har alltid visst om Kjepso, men aldri vore der. Men det har Oddgeir Bruaset. Så eg kunne setja meg ned og sjå nok ein episode av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og bli kjent med Kjepso, med Arne og med familien. Programmet handla om Per Ragnar, som bur på Kjepso, og som er bror til Arne. Sjølv enda Arne opp i Oslo og seinare Asker, og slik var det at familien og eg møttest. Så blei det eit lite stykke Hardanger i Asker kapell den dagen. Me song dei kjende og gode songane; Ein fin liten blome og Fager kveldssol smiler. Når eg syng desse songane, kjenner eg at eg, for å seia det med Hans Børli, tek bustad i meg sjølv. Og når eg fekk lov å forretta på nynorsk, så kjenner eg at eg bur i salmane, i språket, i snakkemåten, i humoren, i kulturen, i orda. Det er ikkje til å komma frå. Det betyr ikkje at eg heller ville budd i Hardanger enn på Høvik, men det betyr at ein kjenner seg heime (og mindre heime) også i menneskemøte, og ein kjenner at veremåte og tankemønster er prega av plassen ein kjem frå. I sommar håpar eg å gå ein tur til Kjepso, og eg trur eg får ein kaffikopp på tunet.

Slik heng arbeid, fritid, hytte, tv, salmar, tilfeldigheter, kultur og litteratur saman og gjer ein til den ein er, der ein er.

Det kjem ein vind

han tek og tek og tek deg

Han tek deg dit

til dit du alltid var.

Jon Fosse

(Avsnittet om Arne er sjølvsagt publisert med tillatelse frå familien)

7 tankar på “Borte og heime

  1. For oss som vart buande ein annan stad enn der vi vaks opp, er det det lett å kjenne seg att i forfattaren som du siterer: «Heimplassen vil for alltid vere innpoda i oss, som eit strikkemønster vi legg tankane etter.»
    Takk for artikkelen «Borte og heime»!

    Likar

  2. Så vakkert 🌺 og vi var blant de heldige som fikk være tilstede i Asker kapell og høre den nydelige talen din ved Arne Kjepsos båre. Tusen takk 🧡

    Likar

Legg att svar til Tjostolv Berget Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s