Dette er ein takk, kjære lærar!

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som kvar dag tek imot barnet mitt, som møter det med eit ope blikk, med kjærleik, men også med forventning om å ta ansvar, om å yta, om å gi noko tilbake.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som kvar dag formidlar kunnskap, men som også, når det er bruk for det, stoppar opp og snakkar om livet, om det å vera ein venn, det å stå opp for andre.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som kvar dag er ein demning mot individualismens irrgangar når du løftar fram fellesskapet, kollektivet. Når du gir mitt barn ansvar for å løfta blikket og sjå at også andre skal med, at også andre treng tilrettelegging, at fellesskapet er det berande i samfunnet. For vi foreldre skjønar ikkje alltid det, der vi mjølar vår eiga kake og krev og krev for vårt eige barn.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som lærer barna mine at urettferd ikkje er å hamna bakerst i køen eller å måtta springa 1.8 kilomoeter med vondt i foten, men å drukna på veg til eit betre liv eller å ikkje vita om ein får bli i Noreg etter 13 år i landet.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som stiller krav, som gir motstand, som giddar å forventa noko, som leitar fram det barna kan, og lar barna veksa i kunnskapen.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som stoppar opp i trappa og bruker friminuttet på å sjå mitt barn, seia hei og slå av ein prat om ei bok ein har lese.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som seier «det skal vi ordna» når ein ringer kl. 21.30 på kvelden.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som droppar kaffien og brødskiva med gulost fordi barnet mitt slo seg på kneet i storefri og treng plaster.

Dette er ein takk til deg som har stått midt i pandemien, utan munnbind og med stor risiko for eiga helse.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som på kvart einaste foreldremøte diplomatisk har tatt imot alle dei tåpelege forslaga og anklagane frå oss foreldre.

Dette er ein takk til deg, kjære lærar, som er profesjonell på kunnskap og kjærleik. Og som deler ut begge deler i rause porsjonar.

De fortener meir enn applaus. For de gjer den viktigaste jobben. Kunnskap, kjærleik, danning. De skapar menneske slik det er meint å vera. Kunnskapen sikrar oss ei framtid, kjærleiken skapar fellesskap og danninga er ein front mot krefter i samfunnet som ikkje må få plass.

Dette er ein frå innerst i hjartet takk til dykk som kvar dag står i alt dette.

Dette er ein takk til deg, kjære Anne, Kristin, Anya, Helene, Frode, Eivind, Ellen, Anders, John-Arve, Lars Erik, Kim, Lise, Martha, Fredrik, Anne-Marie, Marte, Olaf, Kishia, Mari, Jannicke. Og alle andre, som har komme og gått, gitt ein flik av dykk sjølve, sett barnet mitt når det var viktig, vore ein del av det å gjera barna mine til gagns menneske.

Ein tanke på “Dette er ein takk, kjære lærar!

  1. Så bra at lærerne takkes for det veldig viktige arbeidet de gjør. Ja, kanskje det aller viktigste arbeidet som gjøres i samfunnet. Det er en vel fortjent takk for et krevende arbeid!
    Jeg kom til å tenke på noe den danske skolemannen Christen Kold sa: «Træd varsomt, thi her bliver mennesker til». Dette må ha vært ledetråden på skolen til lærerne som takkes i bloggen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s