Eit fjell og eit andlet

Oksen til venstre over Kvamsøy. Samlanuten midt i bildet.

Eg synest det er så utruleg hyggeleg når folk bruker namnet mitt! «Hei, Marita». Det gjer at eg føler meg ekstra sett og ekstra møtt. Alle burde gjera det. (Men så er det jo nokon av oss som er litt dårlege på å hugsa namn, då…) Namnet vårt betyr mykje for oss og er veldig personleg. Det å velja namn for eigne barn er jo til dømes ein prosess som kan ta tid og som kjennest viktig.

På Vestlandet er det mange fjell i syningom. Dei fleste har eg sett mange gongar. Utsikta på hytta er den same som eg har vakse opp med, vinkelen litt ulik. Men eg har lært meg nokre fleire namn på dei flotte fjelltoppane rundt Hardangerfjorden. Ein del kunne eg sjølvsagt frå før; Torefjell, Samlanuten, Vesoldo… Men eg lærte nokre nye namn i sommar. Oksen, for eksempel. Då fjellet fekk eit namn, steig det liksom fram på eit heilt anna vis enn før. Sånn som Oksen: Eit fjell eg har sett tusen gongar, men fordi det ikkje hadde eit namn, så var det berre eitt i mengda, eit i rekka, bokstaveleg tala. No synest eg det er heilt utruleg fint å vita at det fjellet heiter Oksen. Det har ein identitet utover å høyra til i ei rekke med fjell. Det trer fram. Det er ganske fint. Og Oksen er eit utruleg flott fjell. Eg skal nok dit ein gong.

Men korleis skal eg bli betre å hugsa alle menneska eg møter? (Eg er ganske dårleg på det!) Kanskje må eg berre sjå litt betre etter, legga litt meir merke til menneske, hugsa namnet deira, så blir dei enklare å kjenna att, også? Eg synest alltid det er flaut å ikkje hugsa namn eller kjenna att folk. Eg trur greia er at eg ofte er for dårleg til først å ta inn ansiktet eg møter, gi meg sjølv ro til, i eit sekund eller to, å prøva å hugsa kor eg har dette ansiktet frå, vera meir oppteken av den andres ansikt enn av kva eg sjølv skal seia (her har eg forbetringspotensial!). Det skal eg prøva frå no av. Eg treng ein strategi for å vera meir til stades i augneblinken. Så kanskje er det ein link mellom fjella på hytta og ansikt eg møter? Kanskje kan det å sitja i strandkanten på hytta og sjå på fjell, faktisk hjelpa meg til å vera meir nærverande i kvardagen min?

Å tre ut av mengda

som den ein er

med namn og andlet, blikk og ord

Vera til, reisa seg.

Som eit fjell.

Ta sin plass.

I rekka men også tre fram.

Som den ein er.

Fjell, andlet.

Eg vil sjå deg.

Og hugsa.

Den du er.

Eit fjell, eit andlet.

Eit navn.

Eit menneske.

MBÅ august 2021

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s