«Ring meg da, om du blir aleine på julaften!»

Det er mykje som er deprimerande med koronaen, det er rett og slett litt krise. For mange er det ei reell krise, økonomisk eller relasjonelt eller på anna vis. For andre er det ei mental krise, for andre ei fysisk krise, for andre igjen ei heilt overveldande blanding av alt dette. Vi er alle påverka på ulike vis. Eg ønsker, som alle andre, at koronaen kunne vore over, forbi, borte vekk.

I mellomtida skalerer eg ned liv og forventningar og prøver å gjera det som er fint og kjekt. Eg er så heldig å jobba i ein kyrkjelyd med stort frivillig engasjement. Kvar torsdag er det middag for dei som vil, og eit fantastisk frivillig team på seks personar handlar, lagar og serverer. Det er kjøttkaker, lettsalta torsk, lapskaus, fiskesuppe – og sjølvsagt ribbe til jul. Alltid middag og dessert for 100 kr. I år blei julemiddagen avlyst, men i staden laga vi catering og take away. Eg pleier å vera med på torsdagsmiddagen fordi eg synest det er så utruleg hyggeleg. Men ikkje berre difor. Også fordi eg meiner at dette er folkekyrkja på sitt beste. Lavterskel, for alle, eit godt sosialt tilbod og ein aktivitet som mange i bygda nyttar seg av. Det er rett og slett ein sosial møteplass for alle som vil.

I dag var eg kø-ansvarlig og smittevernsjef i take away-køen. Eg lagar ikkje mat, men eg er ganske god på det sosiale, likar på prata med folk og synest det er utruleg artig å spøka og tulla med alle som kjem – og sjølvsagt også å ha dei gode samtalane. I dag overhøyrde eg ein samtale som rørte meg veldig. Ein av dei som stod i køen, var lei seg for at han ikkje fekk reist bort til familien i jula. Ein annan i køen sa det som eg gjengir i overskrifta her, og eg blei så bevega av den samtalen. «Ring om du blir aleine da. Jeg liker ikke at folk er aleine på julaften». Det kan godt henda det hadde blitt sagt utan at det var korona (men då hadde ein jo ikkje stått i den køen), men det er akkurat som den tida som er no, går til kjernen på kva jula handlar om. Det er akkurat som om juleevangeliet flyttar inn i meg og mellom oss på ein annan måte, som om orda, lengselen, mørkret, håpet er lettare å kjenna igjen. Kanskje fordi verda blir mindre, og fordi dette rammar oss (til ei viss grad) på likt vis – i den forstand at ingen av oss er beskytta mot det fullt og heilt. Vi har kjent på at livet er sårbart, og det gjer noko med tanke og hjarte. Som ei venninne av meg skreiv på instagram i dag; desemberkonkurransen er avlyst. Vi slepp kanskje å kjenna på alt som skal vera så perfekt. Så kan vi heller kjenna på det som betyr noko: Kjærleik, omsorg, fellesskap og varme, og at vi alle eigentleg berre er ganske sårbare menneske som treng kvarandre. Eg synest salme nr. 57 i salmeboka fører saman desse tankane mine og juleevangeliet på ein god måte.

Til høg og låg, til rik og arm kom fred i all vår strid!

Kom barneglad, kom hjartevarm i verdsens vintertid!

Du, Herre, som min konge kom! Du einast skifter aldri om.

Til høg og låg, til rik og arm, kom glad og hjartevarm.

Topelius/Brunvoll/Sibelius

GOD JUL!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s