Modige Maria

Biletet er frå kyrkjeruinane i Maridalen. Foto: MBÅ

Viss du hadde levd i 1770, hadde du hatt fri frå jobben i dag. Maria budskapsdag var nemleg heilagdag fram til 1771. I dag veit nok fleire at det er den internasjonale vaffeldagen (ja, eg skal eta vafler!) enn at det er Marimesse, eller Maria budskapsdag. Men eg elskar denne dagen og påfølgande søndag når vi feirer Maria budskapsdag. Kampen for å få det gjeninnført som heilagdag og fridag er nok tapt. Og vi lutheranarar er jo opptekne av å ha eit moderat forhold til helgenar, som Maria jo er i følge tradisjonen, men likevel: La oss stoppa litt opp ved Maria, alt det ho var, og alt det ho bar. Og ikkje minst, lovsongen hennar, som vi finn i Lukasevangeliets første kapittel (det passar bra, sidan Jesus blir fødd i kapittel 2). Det er ni månader til jul når vi feirar Maria budskapsdag. Det er heller ikkje noko dei fleste går rundt og tenker på når våren endeleg er komen. Men det er altså eit svangerskap til vi igjen skal feira jul. Og denne dagen – og denne helga – er til minne om både Maria og Jesus. Her er Marias lovsong, Magnificat:

«Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.

For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.

Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,

for store ting har han gjort mot meg,

han, den mektige; heilagt er hans namn.

Frå slekt til slekt varer hans miskunn

over dei som ottast han.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet

Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.

Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte frå seg. (…)»

Det er så mykje å seia om Maria! Modige Maria som sa ja til oppdraget frå engelen om å føda Gud til jorda. I kunsten er ho i all hovudsak avbilda med bøygd hovud, audmjuk, ljos og vakker. Men inni Maria trur eg det var ei søyle av frimod og pågangsmot som berre ei ung, uredd kvinne kan ha. Eg synest Maria fortener å bli hugsa som meir enn ei som audmjukt sa ja. Men det er vel fordi det også i kunsten er mennene som har skapt historien. Modige kvinner som Maria, er nemleg sjeldan audmjuke og nedbøygde, men står opp for seg sjølv og for andre.

Marias lovsong fortel meg at Maria veit kva ho ber på, og kva oppdraget hennar er. Ho veit at det som skal skje, er ei forlenging av det ho allereie veit: Gud som skapar rettferd, som er miskunnsam, som gjer storverk og som kjempar for dei låge og svake. Maria var ei heilt vanleg jente. I ei heilt vanleg jente var det altså Gud tok sin første menneskebustad. Er det ikkje vakkert? Det er akkurat slik det skal vera!

Når eg tenker på Maria, tenker eg på alle andre modige kvinner som står opp mot urett, folkesnakk, mistru – som kjempar for seg sjølv og for andre. Eg tenker på alle modige kvinner som har flykta – frå Ukraina, frå Syria, frå Somalia. Som har gått på symjekurs for å overleva turen over Middelhavet. Som har øvd på å bera barna sine på ryggen milevis gjennom skogen for å førebu flukta bort frå krigens redsler, den unge jenta på 12 som har flykta med mor frå Kyiv, og som lurer på om det går bra med pappa – og med kaninen som er igjen i huset. Og eg tenker på alle modige kvinner som lever i fattigdom, men som jobbar for å bygga opp samfunn, skapa leveverdige kår, som går på skule, får utdanning, meiner noko, hevdar sin rett til å vera menneske og kvinne, kjempar mot kjønnslemlestelse og vald.

Alt dette er Maria og alt dette ber Maria. For Marias kropp (vi må snakka meir om kropp!) ber i seg, på ein høgst menneskeleg måte, verdens håp. Eg synest det er så fantastisk! Midt i fastetida er det så deilig å få denne livgivande dagen som Maria budskapsdag er. Løfte om vår, nye tider, rettferd. Vi treng det i dag. Vi treng modige kvinner som ropar om rettferd: «Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge». Fredsbodskapet treng vi å seia på nytt kvar dag i den tida vi lever no, vi treng å minna kvarandre om at det finst noko anna, det finst andre stemmer, det finst eit håp og det finst ei framtid. Maria bar denne framtida, og den heiter Jesus, og den framtida, vår framtid, begynte den vårdagen då engelen Gabriel kom til henne. Utan kvinnene, inga framtid.

«Eg varsla vart, ein tidleg vår

om noko rikt og stort,

at livet er ei gåve som vi

får og så gjev bort.

No renn det livet gjennom meg,

ei elv av ljos, ein foss,

snart heile verda føder eg

den sonen, inn til oss.»

(Stein Versto/Odd Nordstoga)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s