
I dag kom eg på eit heilt nytt ord: Restglede. Det finst berre ein anledning der det ordet passar 100%. Det er når eg sit i bilen på veg heim frå gudsteneste. Sånn som i dag. For ein festdag på jobb! 100 menneske på gudsteneste, flotte salmar, varme, fellesskap og ikkje minst: Tre barn som blir borne til dåpen. Og etter ein kjapp kyrkjekaffi og eit kakestykke er det berre å trekka i prestekjolen att: Drop in-dåp der ein ungdom, ein fireåring og ein baby blir døypt. For eit privilegium! For ei glede!
Restgleda eg kjenner på i bilen, handlar om takknemlighet; for alle fine folk, alle som kjem til kyrkja, alle eg møter på sånne festdagar, gode klemmar i døra, varme blikk frå menigheten, nydeleg musikk og noko anna heilt spesielt: Eit rom som løfter oss frå alt det kvardagslege. Eit rom som har ord og plass for det heilage. Eit rom som tar på alvor at vi menneske treng dagar som nettopp løftar oss ut av kvardagen. Eit rom der vi kan vera saman om det store i livet. Ord som er sagt i generasjonar, salmar om liv, glede, det som er vanskeleg, og det som er fint. Bunader og olabukser, nattverdkø og barn som spring rundt, som ser og smakar, tenner lys og klappar, hoppar rundt i midtgangen når vi bles såpebobler under postludiet, ler og smiler. Konfirmantar som tenner lys, som finn sin plass i kyrkjerommet og på kyrkjekaffien, gamle og unge. Fellesskapet i kyrkja er så levande! Og vi er mange som lagar det saman: Tilsette og frivillige, den som seier «hei» i døra, den som les tekst, konfirmantane som er medhjelparar, kyrkjetenaren som passar på alt, kantoren og presten – gleda over å gjera ting saman er så stor!
Guds kyrkje er jammen meg mangfoldig. Og den består av deg og meg, av bunader og olabukser, det heilage og det vanlege, dei store øyeblikka og dei små, gode samtalane. Alt dette som vi kan ha saman fordi vi har fått det i gåve frå Gud, vår skapar.
I dag kjenner eg at restgleda varer til godt ut på kvelden. Sånn er det når ein har verdas finaste jobb.