Lenge sidan sist – men fint likevel!

Høvik kirke
Bildet er frå Høvik menighets facebookside. Eg har regelrett rappa det!

Det er dessverre ikkje så ofte eg får vore i den menigheten eg soknar til, lenger; Høvik menighet. Ei forklaring på dette er sjølvsagt at eg ofte jobbar sjølv på søndagar. Og dei søndagane eg har fri, er det ofte andre ting på programmet, naturleg nok. Men i dag tok eg turen til Høvik kirke. Det er der eg har høyrt til dei siste 17 åra. Det er min menighet, det er der mange av dei store tinga i mitt liv har skjedd: det er ungane mine døypt, der er eldstemann konfirmert, der har barna overnatta på Lys våken, vore tårnagentar, gått i barnekor, vore på konfirmantleir, der har eg vore med i soknerådet og dirigert barnekor. Men altså, no var det lenge sidan sist.

I dag var det ei heilt vanleg, enkel gudsteneste, ferdig kl. 11.56. Ein god organist (Thrøstur Eiriksson) som gjorde det godt å delta i salmesongen, dyktig liturg og predikant (Ingeborg Holberg Heggen), gode medhjelparar og eit godt fellesskap. For kva anna er eigentleg ei gudsteneste enn menneske som søkjer saman? Som treng Gud og som treng kvarandre? Eit uperfekt fellesskap av menneske som er glad i Jesus, glad i kyrkja og glad i salmesong. Som samlast ved nattverdbordet, tar imot, tenner lys, ber, og syng så det ljomar. Salmar om glede, salmar om håp og til trøyst.

Eg må med handa på hjartet seia at det er lenge sidan eg har vore i Høvik kirke. Men du, så fint det var å komma dit! «Så fint å sjå deg», «Så koseleg at du er her», sa folk som kanskje ikkje har sett meg der på eitt år?! Wow, tenkte eg. Tenk å bli møtt slik, tenk at nokon er glad for at eg er her, at eg kom! Tenk at eg høyrer heime her sjølv om eg er her så sjeldan!

Kanskje er det lenge sidan sist du var på gudsteneste også. Men, mist ikkje motet, ta heller turen! Eg er 100% sikker på at nokon er glad for at nettopp du er der. Og eg er 100% sikker på at noko vil seia at dei er glade for at nettopp du er der. Og så skal du tenka at kyrkja er eit fellesskap av truande og tvilande. Det handlar ikkje om å klara å sitja og stå på dei rette plassane (eg bomma faktisk eit par gonger i dag – det er så forskjellig når ein sit og står rundt omkring i dei ulike menighetane!), det handlar ikkje om å vera god nok eller syndfri nok. Det handlar i alle fall ikkje om å passa inn eller ikkje. Vi var ganske mange ulike folk på gudsteneste i dag, og eg trur vi kjente at vi passa inn, alle saman. Det er jo det som er fint med kyrkja som eit åpent fellesskap: Vi er forskjellige! Men vi har ein ting felles: vi treng ein stad og eit rom der vi kan møta Gud og kvarandre med livet vårt slik det er. Kyrkja er eit sånt rom. Og der er det plass til fleire, og der er det plass til deg!

Som barn i ditt hus har vi hver og en et sted

der vi kan søke ditt ansikt

og du gir oss av din fred.

Så møtes vi her i din store faderfavn.

Du lar oss juble og glede oss

når vi er samlet i ditt navn.

Du har lovet å være tilstede

for å dele vår sorg og vår glede.

Gi oss vilje og mot til å leve, Herre, som barn i ditt hus.

(Tore W. Aas)

Summer of -79

20190716_104952

Det var mange sumrar, ikkje berre den i 1979. Det var ikkje så storslage. Det var ikkje alltid varmt, ikkje alltid fint vær. Sikkert ikkje alltid god stemning. Og eg har mange gongar tenkt på mor mi, det var sikkert litt stress med fire barn og kollektivtransport, då me stod fire barn og to vaksne i svingen på Valland og venta på bussen som skulle ta oss til Granvin, før me skulle ta det vesle, raude toget vidare til Voss. Hardangerbana, 27,5 km med jernbane, ei av Noregs brattaste togliner. Me elska den togturen, og me kalla toget for «Raukodla», eg trur det var fordi det var eit ganske lite, raudt tog. Det rista og det svinga. Og far min, som var morsom, sette seg alltid ytst på benken slik at han kunne rista lengre og lengre utover og til slutt ramla av setet. Me synest det var veldig pinlig men også veldig morsomt. Det var feriemodus og avslappa stemning (slik eg hugsa det!), og alle var sikkert letta fordi me hadde overlevd bussturen langs E-68, Noregs dårlegaste vegstrekning.

Så kom me til Fossen, dette barndomsparadiset av ein feriestad. Der budde fars tanter og onklar, minst fire i talet mens vi var der. Kristina, Bølla (Ingebjørg), Anna og Knut. Kristina var ung, sprek og ugift, Bølla var gammal, strikkeglad og verdens snillaste. Anna var litt distré og var pinsepredikant og Knut dreiv mølla. Noregs ganske lenge einaste vassdrivne mølle. Freda i 1987. Og det var fleire «vossatanter», men nokon av dei hadde flytta ut, blant anna farmora mi, Martha. Det var ein stor foss der med iskaldt vatn. Der bada vi. Vi fanga floger, leste i gamle vekeblad, sov i skuvsenger i skykkja. Skykkja var eit lite, gult hus som nærast hang utover fossen. Fosseduren song oss i søvn, det var surmjølk og flatbrød (soppa) til lunsj, det var kalde poteter og spekekjøt, det var krotakaker og heimelaga ripssaft, hesjing og lange kaffislaberas med servise med rosa blomar og gullkant. Det var ei anna verd. Det er lett å bli nostalgisk.

I morgon skal vi til Frankrike. Det er fint, det og. Men somrane i Fossen er eit fantastisk lysande barndomsminne om luksus som ikkje var luksus, om rikdom som ikkje kan målast i pengar, om fellesskap, slekt, arbeid og kvile. Og togtur med ein morsom far.

Vossatantene strikka og broderte; puter, sengeteppe, sokkar… Eg ser enno for meg stolen der Bølla sat og strikka og sydde, og eg er så heldig å ha både ei gammal skuvseng og ei rund, fin heklapute som gode minne frå Fossen heime hjå meg. Og så hugsar eg at Bølla hadde minst tre par briller; gåbriller, sybriller og vanlige briller. Og det var derfor eg begynte å tenka på alt dette i dag. For no har eg vanlige briller, solbriller med styrke og solbriller utan styrke. Historien gjentek seg altså. Og eg håpar at også mine barn kjenner at dei har sumrar som er luksus utan luksus, sumrar med rikdom som ikkje kan målast i pengar. Fellesskap og glede. Det viktigaste når vi i morgon skal vandra rundt i Paris på ein ferie eg berre kunne drøyma om i min barndom, er å stoppa opp i ein park, klatra litt på klatreveggen langs Seinen, kjøpa ein is, slenga seg på ein gratis solstol langs elva og ha det fint saman og kjenna at fellesskapet er det viktigaste. Eg set meg ytst på togsetet og håpar på at det fine skal skje på vår ferie også.

Bare må ha det!

Det var ein reklame for Tine mjølk for nokre år sidan som var slik; «Må ha det, bare må ha det». Eg må ha mjølk, spesielt om morgonen slik at eg kan få laga meg ein cappuccino. Det må til for å starta dagen på ein bra måte. Traktekaffi på morgonen er ikkje heilt my cup of tea. Presskanne kan gå, og det er ingen veg utanom dei neste dagane; fire netter i telt på Bø camping på konfirmantleir ventar meg no. Det gleder eg meg til. Utan cappuccino, med presskanne.

 

Ein ting eg derimot ikkje kan leva utan, det er salmar. Sånn sett er leir supert! Eg kan faktisk ikkje forstå korleis folk kan leva utan salmar. Eg tenker stadig på det når eg for eksempel har gravferd. Her sit det ein familien som har opplevd vonde ting, og så kjem salmane som ei gavepakke med trøst, livserfaring og håp. Og eg håpar dei kjenner at kvart einaste ord er til dei. Eg håpar dei gode orda smyg seg inn i tanke og hjerte og at det finst trøst i å kjenna at andre veit korleis dei har det. Tenk for eksempel på salmen «Blott en dag». Skriven av Lina Sandell i 1865. Lina Sandell mista sitt einaste barn under fødselen, og begge foreldra hennar døydde då ho var i 20-åra. Så tenker eg; det ligg ein enorm livsvisdom i det ho skriv, sjå berre her:

 

Själv han är mig alla dagar nära

för var särskild tid med särskild nåd.

Varje dags bekymmer vill han bära

han som heter både Kraft och Råd.

Att sin dyra egendom bevara,

denna omsorg har han lagt på sig.

Som din dag, så skall din kraft ock vara,

detta löfte gav han mig.

 

Det er utruleg sterkt å forfatta eit slikt vers når ein har opplevd det ho opplevde. Og det er utruleg sterkt å synga det, når vi veit kva ho har opplevd. Det å klara å forankra håpet i noko som er større, at på tross av alt vi opplever her på jorda, kan vi ha eit håp om at det er noko meir, det er noko større, dette er ikkje alt. Det er så fint å formidla til menneske! Eg har vanskeleg for å skjøna korleis menneske kan klara seg utan den massive trøsta og håpet som blir formidla gjennom salmane. Og eg trur orda som salmane formidlar, betyr noko for dei som sørger. Salmar er levd liv, livsvisdom, strålande lyrikk, ord som trøystar og lækjer. Heldigvis har eg ein jobb der eg får fem om dagen, både i triste og glade settingar. Salmar altså! Bare må ha det!

 

Eg har mange favorittar; særleg blant Edvard Hoem og Sven Ellingsen. Det er så mange fine! Og vi prøver å bruka mangfoldet i salmeboka kvar søndag i Slemmestad og Nærsnes kirke. Det finst minst fem salmar for kvar søndag i kyrkjeåret, for store og små, for dag og kveld, for glede, lovsong, sorg, død, treenigheten, for vigsel, for konfirmasjon, for nattverd, påske, pinse, Maria budskapsdag, for trygghet og glede, for håpet. For ein skatt! Syng ut, og hugs; minst fem om dagen!

 

 

Balsamens budskap

Balsam
Eit typisk døme på balsam for håret.

Nokon syng i dusjen. Sjølv syng eg så masse på jobb at eg tar ein pause i dusjen. Då har eg for eksempel tid til å lesa på shampoflaskene. Det er ikkje lite dei lover. Den eine balsamen påberopar seg å bringa «peace and tranquility into your life». Er det mulig? Trur vi på det? At vi kan få fred i sjela av å bruka ein balsam til 79,90? Eg får for øvrig like lite fred i sjela av balsam anten den kostar 19,90, 79,90 eller 249 kr. Dessutan brukar eg ikkje balsam. Men det er jo ei anna sak.

Fred og ro. Av ein balsam? Kva stemmer lyttar vi til, og kva for budskap trur vi på? Eg trur ikkje at mine oppegåande venner eller folk flest for den saks skyld, trur på balsamens budskap. Eg trur kanskje ikkje vi skal laga eit stort nummer av at dette merket meiner at eg får fred i sjela av å bruka balsamen deira. Men eg tenker faktisk at det er verdt å dvela litt ved dette. Vi kjenner alle nokre av budskapa som blir formidla via ulike kosmetikkmerke. «Because you’re worth it», osv. Det handlar om å selja produktet, så klart. Det handlar om at eg skal føla meg unik og at eg fortener å ha det godt.

Den amerikanske pastoren Nadia Bolz-Weber seier noko om dette – om kva budskap vi lyttar til, og kva budskap kyrkja har å komma med. I eit klipp på youtube kan du få eit innblikk i hennar tankegang, i menigheten der ho er pastor – og det er så utruleg bra! (https://www.youtube.com/watch?v=OjIWtWjT7L4) Noko av det ho seier, er at det som blir formidla i kyrkja, det høyrer du ingen andre stader. (Sjekk frå 4 minutt og 50 sekund ut i klippet, men ta deg tid til å sjå heile). I desse dagar går det ein diskusjon i diverse fora, der spørsmålet er; kan vi i forkynninga til ungdom seia at dei er bra nok som dei er, at dei er perfekt i Guds auge? Kan vi seia det, utan å seia noko meir? Nei, det kan vi ikkje. Men det er ikkje så frykteleg komplisert å nyansera, og likevel understreka at dei som menneske, er sett, avslørt og nettopp likevel elska av Gud på ein heilt annan måte enn det dei kan kjenna at dei er andre stader. Shampoflasker og balsambudskap, kosmetikkbransjenes egoistiske evangelium eller treningssenterets tilbud om rabatt på tilgangen til sommerkroppen 2019 kan ikkje matcha det som blir formidla i kyrkja. Faktisk ikkje.

For det første: I kyrkja fekk du ta imot før du kunne seia «takk». Og det du fekk ta imot, var gratis. Gjennom dåpen fekk du ein inngang til eit fellesskap der du kan kjenna deg boren gjennom livet, av Gud og av andre menneske. For det andre: I kyrkja møter du ein frelsar som seier «Lat ikkje hjarta dykkar uroast». I ei verd der det er lett å uroa seg både på individuelt nivå og ikkje minst på globalt nivå, er dette ord å ta med seg ut i dagen. Ikkje fordi vi skal forsvinna inn ei egoistisk boble. Vi skal vera opptatt av det som skjer. Men vi har ein stad å finna fred. For det tredje: I kyrkja (og mange andre stader!) er det å løfta blikket utover seg sjølv det mest frigjerande ein kan gjera. Vi kan vera noko for kvarandre, vi kan bidra, vi kan skapa gode fellesskap for kvarandre. For det fjerde: Å komma inn i kyrkja, er å komma inn i eit pusterom. Eit rom der du verkeleg får ro og fred i sjela, slik det står på tuben med balsam. Du treng eit slikt rom i livet ditt. Eit rom for ro og fred.

Alt dette har eg sagt før. Det er ingenting nytt. Men eg seier det igjen. For det er så viktig. Når vi forkynner til ungdom, skal vi snakka sant om livet. Vi skal ikkje snakka i floskler, vi skal ikkje gjera det enkelt, vi skal bruka ord og formuleringar som vi trur på sjølv. Og vi har nok av solide formuleringar, for eksempel denne: «For så høgt elska Gud verda, at han gav sonen sin, den einborne…» Vi har kjærleikens Gud i ryggen når vi forkynner til både ungdom, born og vaksne. Vi har bibelens og kyrkjas gode ord og formuleringar med oss. Og dei er det langt meir kraft og holdbarhet i enn det som står på balsamflaska. Balsam for håret finn du i butikken. Balsam for sjela og livet finn du i kyrkja!

Lat Anden i vårt hjarte bu

med balsam og med trøyst.

Lat tvilen vike for vår tru

i jordskjelv, storm og eld kom du

kom linne susings røyst,

kom linne susings røyst.

Norsk salmebok nr. 416

 

 

 

 

Focacciaens fortreffelighet

Focaccia

Av og til tenker eg at foccacia er svaret på kva kyrkja treng framover. Det er sjølvsagt ikkje heilt slik. Likevel; la meg forklara: I vår menighet serverer vi ganske ofte nybakt focaccia. Og det er på ingen måte og slett ikkje prestens forteneste. Derimot er det kateketen som står for focacciaen. Ho bakar til babytreff, til babysang og til konfirmanttimar. Ikkje alltid focaccia. Men alltid noko godt. Det betyr veldig masse. For det er ikkje slik at det ikkje betyr noko kva vi får servert. Det betyr masse. For det handlar om å komma ein stad og føla at ein er venta. At nokon har vore her i god tid. At nokon har gjort klart for meg. At nokon har tenkt på at eg skal komma. Det må ikkje vera vanskeleg, og det treng ikkje vera heimebakt. Men poenget er: Kva er det vi kan vera gode på i tida som ligg foran oss? Kva kan vi gjera for at dåpsforeldra vil komma på babytreff både før og etter dåpen? Kvifor kjem dei? Kva skal vi gjera og planlegga for at konfirmantar vil vera hjå oss, bli konfirmert her, og gjerne også fortsetja etterpå som leiarar? Kva skal til for at folk synest det er hyggelig å stikka innom? Det er faktisk viktig at vi som kyrkje tenker på dette. Kanskje skal vi av og til bruka tid på å baka litt, om vi er prest, kateket eller trusopplærar. Det er faktisk viktig at vi har noko å tilby dei som kjem innom. Og det er faktisk viktig å tenka at vi kan matcha andre aktivitetar i kva vi kan tilby. Det er mange måtar å gjera det fint i kyrkja. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Vi treng ikkje stå på hovudet og stilla stormen kvar gong det er barn i kyrkja. Men vi kan sjå familiane når dei kjem, gjera dei trygge på det som skal skje, og uttrykka med heile oss at dei er velkomne i kyrkja. Og baka ein focaccia i ny og ne.

Snart er det sommarferie. Det er gjerne litt sparebluss i kyrkja, vi deler på å ha gudstenester i dei ulike sokna. Akkurat desse vekene er det kanskje ekstra viktig med kyrkjekaffien. Kanskje hadde menigheten tenkt å droppa kyrkjekaffien i sommarferien. Men tenk kor lang juli er for den som ikkje er på ferie! Tenk kor hyggeleg det er å få ein kopp kaffi på kyrkjebakken! Sjølv om dei frivillige har ferie, bak ei kake, kjøp ei kake, ta med nokre gode kjeks, litt vannmelon eller ein pakke med pinneis. Trakt den kaffien som dei frivillige pleier å trakta. Lag det litt hyggelig. Alt spelar med og alt heng saman når vi lagar gudsteneste. At det er hyggeleg å komma, at det er fint å vera i kyrkja og at det er godt å kunne slå av ein prat med menneske på kyrkjebakken – og at ein kan gå derifrå og tenka at ein fekk noko for både sjel og gane.

Å vera prest er å tenka strategi heile vegen. Kor er det folk er? Kor møter eg menigheten? Kva treng dei? Kva treng vi for å ha det fint saman? Menigheten treng ei god preik. Men kanskje treng dei like mykje å snakka med deg. Ta ein kopp kaffi. Dela fellesskap. Som kyrkje må vi tenka heilhet. Difor slår eg eit slag for kyrkjekaffien i sommarferien. Sjølv om alle er på ferie. Eg kan trakta kaffi, og eg kan baka ei kake. Og eg trur ikkje prosten protesterer om eg bruker 30 minutt på kakebaking.

Vi serverer god og sunn mat til konfirmantane våre når dei kjem. Dei er svoltne, og dei er så glad for god mat! I retur får vi dugnadsvillige foreldre som leverer kaker og deltar som hjelparar på kyrkjekaffien. Og vi får, ikkje minst, takknemlige konfirmantar som kjenner seg sett og sett pris på. Det er klart at det skaper noko, at det gjer noko med relasjonane.

Framtida ligg i focacciaen. Måltidets betydning som fellesskapsbygging. Då Jesus braut brødet og velsigna maten, skjønte folk kven han var. Når vi tek godt imot og godt vare på dei som kjem, byr på ein kopp kaffi og litt mat, ser kanskje folk kven både vi er, og kven Jesus er. Og dei får kanskje lyst til å komma tilbake. Kan vi ønska oss noko meir?

Bevis eller bevegelse?

Første påskedag og den glade påsketida. Ein periode der vi på ein særleg måte kjenner glede over å høyra til i kyrkja, i fellesskapet av dei som trur. I alle fall er det slik eg alltid har kjent det. Dei fantastiske salmane, bibeltekstane, gleda, nattverdfellesskapet… Alt vi gjer som har oppstandelsens forklarande lys over seg. Første påskedag er ein fantastisk dag!

I år har eg likevel tenkt litt på kva det er som er motoren i trua mi. Eller kva som gjorde og gjer at eg er kristen, og, ikkje minst, kva som opnar opp i dag, kva som leier mennesket inn i, eller tilbake til, mysteriet og fellesskapet. For det kjem stadig nye inn i fellesskapet. Når menneske som ikkje pleier å gå i kyrkja, plutseleg, eller over tid, begynner å gjera det, er det veldig fint. Når nokon som ikkje har sett sine bein i eit kyrkjerom på 30 år plutselig seier «no må eg tenne lys kvar gong eg er her», er det veldig fint. Når menneske i samtale (ofte!) opnar opp om kva trua betyr, er det veldig fint. Då anar eg ein lengsel som kyrkja må lytta til.

Og då trur eg ikkje det primært handlar om overbevisning. Men om bevegelse. At nokon ord har truffe, at nokon menneske har sett dei, ein opplevelse av at kyrkja representerer noko dei saknar. Kyrkjefaderen Augustin snakka om å «movere». Det er det, eg trur skjer. At nokon eller noko har rørt ved dei. Ein kronikk om kvifor Jesus døydde og stod opp – som vi ofte ser ein del av i påsken – er vel og bra. Men eg trur ikkje grunnen til at menneske i 2019 oppsøker kyrkja er at dei er overbevist om at det er sant og dermed trekker den logiske slutninga at dei då vil gå i kyrkja. Eg trur det handlar om at dei har møtt ei kyrkje som er der for dei, som tek imot dei, som relaterer seg til deira liv, og som snakkar sant om livet. Det er så mange som ikkje gjer det. Den danske hospice-presten Ingeborg Ellen Kastberg Nielsen seier følgande om sine samtalar med døande: ”Patienterne efterspørger ikke skråsikre svar. De søger solidaritet og samtale i øjenhøjde om de høje og dybe ting, som ingen af os kan vide om, men kun tro om og på,” seier ho til Kristelig Dagblad. (https://www.kristeligt-dagblad.dk/historier/opstandelsen).

Gudstenesta er ein bevegelse. Frå kanskje bakerste benk og fram til nattverdbordet. Det krever litt mot første gongen. Men det skal de vita, alle de som lurer på om det går an å komma; mitt største ønske og mi største bønn er at dei hindringane som stoppar menneske frå å komma, skal bli borte! Hindringar frå oss som kyrkje, men kanskje aller mest hindringane i deg sjølv. Kom og erfar at fellesskapet er for deg, at du treng kyrkja og at kyrkja treng deg, og at det er nokon som ventar på at nettopp du skal komma (tilbake). Kort sagt: kom heim!

Det kjem ein vind
han tek og tek og tek deg
Han tek deg dit
til dit du alltid var
det kjem ein vind
som veit og alltid visste
og du er der
der du alltid var.

Jon Fosse

Petrarca og eg, og slik gjekk det

Petrarca

Av og til må ein prøva nye ting. Dette er noko nytt; ein sonettkrans. Eg har skrive masse dikt, både på rim og utan rim. No er salmeplata, med bl.a. tekstar av meg, spelt inn, den kjem ut tidleg på hausten. Det er veldig moro. Livet føles så rikt når det blir plass for ting ein ikkje heilt såg komma (av det gode slaget!) Så no: Eg har altså skrive min første sonettkrans. Den er ikkje storarta, det er mykje ein kan pussa på og kanskje nokre nødrim. Men eg begynte på lørdag, og den blei ferdig søndag kveld, så eg er ganske fornøyd. Den er så lang, at bloggen er den beste plassen å publisera den. Det finst ulike sonettformer. Eg har gått for Petrarca-sonetten (oppkalt etter han på bildet) som har rimmønster abba cdc dcd. Det artige – og vanskelige – med sonettkransen er at den siste strofa skal bestå av den første verselinja i alle dei andre strofene. Og den første verselinja i kvar strofe skal gjenta siste linja i forrige strofe. Så det er litt å halda styr på. Og det blir litt matematikk oppi det heile (og det er jo ikkje mi sterke side) og masse lyrikk – som skal høva saman rimmessig. Det blei litt mykje «kjær og nær» på rimfronten, men trur eg har unngått hjerte – smerte. Eg skal nok skriva fleire sonetter framover! (Du er herved advart!)

Uansett – det viktige er innhaldet. Påskeforteljinga og kva den betydde for dei som opplevde det på nært hald, for oss i dag – og i framtida vår. Så, opna hjartet!

Ved byporten. Peter.

Nå hyller de deg her på byens torg.

Men jeg står her og undrer, hva skjer nå?

Hva hender nå med alt jeg trodde på?

Jeg skjelver, og i hjertet er det sorg.

Hva møter deg, hva er bak neste dør?

Mitt sinn har kjent en uro dag for dag.

I tankene der vokser lag på lag

av følelser jeg aldri har hatt før.

En sorg og uro roper i meg selv:

At alt som var, kan knuse og blir støv

og flyte bort som slam i tidens elv.

Jeg står her og jeg skjelver som et løv

Og jeg som alltid trodde, fast som fjell.

Nå undrer jeg om alt var bare tøv?

Tøv og tant?

Om alt er tøv, jeg velger å bli her.

Vi eier dette sammen, du og jeg.

Og jeg blir ved din side, stol på meg.

Du er mitt liv, min tro, jeg har deg kjær!

Nå er det jeg som skal få være venn.

Nå er det jeg som skal få vise veg.

Jeg tørker gjerne tårer, trøster deg.

Og blir du redd så er jeg nær igjen.

Jeg svikter aldri deg, det vet jeg visst.

Når natten kommer, er jeg også der.

For jeg er den som holder ut til sist.

Jeg er din venn, og jeg er alltid her!

Om du blir stukket av en tornekvist,

og om du fryser, får du mine klær!

Kveld

Ja, om du fryser, får du mine klær.

Min egen sorg den bærer jeg på selv.

Den får sitt utløp når det er blitt kveld.

Jeg tenker på deg, kjenner du er nær.

Nå kneler du alene, og du ber.

Vi delte måltid, spiste og drakk vin.

Du bøyde deg til jorden, Herren min!

Jeg spurte deg, hva gjør du nå, hva skjer?

I kjærlighet du vasket våre ben.

Du ble vår tjener, du som er vår Gud!

Av dine hender ble jeg vasket ren

Du bøyde deg og rørte ved vår hud.

I denne natt, i kvelden som ble sen

så holdt du nå ditt siste gjestebud.

I hagen

Getsemane, her kneler du i sorg.

Vi ser din nød, du ligger her på knær.

Og bønnen er ditt ene hvileskjær.

Vi kjenner på din avmakt, du vår borg.

Vi våkner brått, vi har visst sovnet av.

Vi sviktet deg da nøden din var stor.

Da dine tårer vætet nattens jord.

Og da du ba om nåde, ikke grav.

Du ba om at den kalken måtte gå

forbi deg, så du kunne slippe fri,

men inni deg så vet du hva du må.

Og jeg som lovet at jeg skulle bli

Jeg snur meg bort, jeg angrer på det nå.

Jeg sovnet og jeg glemte sted og tid.

Ved bålet

Jeg sovnet her, og skammen i meg brant

Jeg svek meg selv, og mere; jeg svek deg

Jeg skulle gå med deg langs smertens vei.

Men kjødet det var svakt, og søvnen vant.

Nå fører de deg bort, og Judas går.

Med alle dem som vil at du skal dø.

Med alle dem som vil at du skal blø.

Hva venter deg? – Et kors og dype sår.

Jeg setter meg ved bålets varme glør

De spør meg hvem jeg er, og jeg ser bort.

Jeg lyver, og jeg glemmer hva jeg gjør.

Igjen så svikter jeg, det går så fort.

Jeg lyver, jeg fornekter mens du dør!

Og hanen galer, se nå er det gjort.

Forhenget revner

Og se nå er det gjort, i denne stund

så revner alle forheng, gjør det klart

at kjærligheten seirer over hat

at livets Gud er kjærlighetens grunn.

I denne mørke nattens morgenrød

Så stiger det en tanke i mitt sinn

Som stryker meg så vennlig på mitt kinn.

At kjærlighet er sterkere enn død.

Nå løfter de deg ned fra korset ditt

Og bærer deg til hagens mørke grav

Du gav ditt liv, så jeg kan berge mitt.

Din kjærlighet er livets store nav

Den hjelper meg å leve sterkt og fritt.

Jeg glemmer aldri alt det som du gav.

Grå dager

Jeg glemmer ikke deg, du livets grunn.

Mitt liv har ingen glede uten deg.

Men hva skal skje, hva venter nå på meg?

Når du er borte, ser jeg livets bunn.

Og dagene som kommer, de er grå.

Jeg famler her i mørket for meg selv.

Og hele livet kjennes som en kveld.

Jeg skjønner ikke helt hvor jeg skal gå.

Da vi gikk rundt med deg, da fikk vi se

Alt det du gjorde, alt det som var godt

Du gjorde mange under, og det ble

en reise av de sjeldne, rik og flott

i tre år fikk vi dele, prate, le

så heldige vi var, alt vi har fått!

Innestengt

Alt vi har fått, vi følte at vi vant

Nå sitter vi bak lås og slå i frykt

I mørket har vi gjemt oss uten lykt.

Vi trodde deg, vi trodde det var sant

Jeg hører noen skritt, det banker på.

Og frykten stiger, hva er det som skjer?

Jeg roper, tigger, gråter, og jeg ber.

Men noen roper «du må åpne nå»!

Og kvinnene er utålmodige

De tripper og de banker, de vil inn

De sier de har noe jeg må se.

Men jeg kan ikke slippe frykten min.

Hva skal jeg gjøre, gråte eller le?

Jeg løper ut av livets stengte grind.

Til graven

Fra livets stengte grind til Jesu grav

Går veien min, jeg løper, og jeg ber

om nåde til å tåle det jeg ser.

Om visdom til å legge tvilen av.

Og hvilken morgenstund i hagens lys

Jeg kan ikke beskrive det jeg ser.

Men ingen sorger har jeg noe mer.

Og borte er det triste, mørkets gys.

Og det jeg hadde håpet, det ble sant

I kjærlighetens avglans fikk jeg se

At det som meg i mørke tanker bant

det fjernet han på korsets nakne tre

der hatet tapte, kjærligheten vant

nå kan jeg leve livet mitt på det!

På stranden

Nå kan jeg leve livet mitt fordi.

Du ga meg ikke opp, tross mine svik

Du møter meg på stranden, er deg lik.

Og vi får motta alt det du vil gi.

Jeg kjente deg i morgenrødens skjær

Da du brøt brødet, slik du gjorde før.

Og sårene i hendene de gjør

At jeg forstår, du er den jeg har kjær.

Du er her nå, slik som du alltid var.

Men likevel, du bærer noe mer

I blikket ditt, der får mitt liv sitt svar.

Jeg tror på deg, du ser på meg og ler!

I denne morgenstund er alt jeg har

En tro, en glede og et håp, jeg ser.

Tro og håp

At gjennom livet er mitt håp en stav.

Igjennom alt som livet vil meg gi.

Og om min tro vil vakle, Kristus gav

sitt liv for meg så jeg kan være fri.

Mitt liv er fylt av glede, ikke frykt

Hver dag det er en gave som jeg får

På troens stier der min vandring går

Er Gud min støtte, og han er min lykt.

Og dette ord gir glede, ikke sorg.

Det skaper liv og glede, håp og tro

Det startet med et esel og et torg

En Gud som ble som oss, som gråt og lo

Som var vår styrke, og så fast en borg.

En borg, der våre hjerter finner ro.

Til oss. 2019

En borg, som aldri svikter, selv når vi

vil leve uten Gud og tro at det

Er svaret som vi trenger for å se

At livet vårt gir mening, gjør oss fri.

Men det vi trenger, kan vi bare få

Av ham som smakte døden i vårt sted

Hos ham kan våre hjerter finne fred.

Og til hans tomme grav der kan vi gå.

Og sammen med de mange som gikk før

Så vet vi at det venter oss en vår

Et liv som oppstår først når kroppen dør.

På veien mot det livet får vi sår

Vi elsker, hater, vokser, lever, blør

Ved livets siste grense, Herren står.

Mitt liv

Og Herren står her, midt i livets kav.

så er han der og roper ut mitt navn

og når jeg faller, er det i hans favn.

og jeg får mye mere enn jeg gav.

Jeg får et evig liv, et liv med Gud

En sommerdag som aldri blir til kveld.

Der livet er et gledens gjestebud

Og gjestene er andre og meg selv.

Et liv helt uten tap og uten savn

Der alle mine spørsmål får sitt svar.

Et evig liv hos Gud som vet mitt navn.

Mitt faste punkt, det håpet som jeg har

når båten min skal segle inn til havn

det er min Gud, min Herre og min far.

Trosten

Min Gud, jeg løfter vingen og er fri.

Som fuglen løfter sangen, slik skal jeg

få leve som ditt barn og være meg!

og hvile i din fred uendelig.

Men inntil dette skjer, så er jeg her.

Og det som minner meg om hva jeg har

er tonen i fra svarttrosten så klar,

som sier meg at Du er alltid nær!

I mørket høres trostens vakre sang

Den vare tonen varsler, det er vår!

Jeg skal få møte lyset, nok en gang.

Jeg kjenner at på veien som jeg går,

er kjærligheten dagens dype klang

og nåden er en gave som jeg får.

Slik alt ble

Nå hyller de deg her på byens torg

Om alt er tøv, jeg velger å bli her.

Jeg gir deg kappen for jeg har deg kjær.

Og her i hagen kneler du i sorg.

Jeg sovnet her og skammen i meg brant.

Og se nå er det gjort i denne stund.

Jeg glemmer ikke deg du livets grunn.

Vi som var med, vi følte at vi vant.

Fra livets stengte grind til Jesu grav

Nå kan jeg leve livet mitt fordi

en tro jeg har og håpet er min stav.

En borg, som aldri svikter, selv når vi.

Og Herren står her, midt i livets kav.

Min Gud, jeg løfter vingen og er fri!

Eit heilt vanleg, uvanleg liv

Min morfar Albert Raknes i sin ungdom. Eg har arva hans poetiske evner, men definitivt ikkje hans fysikk!

Lindmo, NRK, 15. februar 2019: «Dette er jo eit heilt alminneleg liv (om mora sitt liv). Men så er det jo ikkje det. Men vi trur det fordi det er så nært. Og det vanskelegaste i verda er å sjå det som er nærast. Det går særlig ut over foreldre, trur eg. Fordi ein trur jo at dei har vore rundt deg heile tida. Ein gløymer at dei har hatt eit liv.» Linda Eide

I dag veit eg ikkje heilt kor eg skal begynna! Eg har så mykje artig og fint på hjartet. Det skal handla om liv. Mitt liv, men kanskje mest om andres liv. Men så er det jo slik at andres liv også påverkar mitt liv – ja, eg er jo eit resultat av andres liv. Orda som Linda Eide sa på Lindmo på fredag, var så fine, og eg tenker dei er heilt sanne. Dei passar i alle fall så godt saman med det eg sjølv erfarte denne helga!

I går fylte eg 45. Til bursdagen fekk eg ei veldig spesiell bok av mor mi. Det var ei bok med masse bilete samla saman til ei bok, av tanta mi, Åse. Dei hadde funne ei konfekt-øskje med masse ukjente bilete i! Tenk for ein skatt! Det var utruleg artig å sjå bilete av mor, besteforeldre, oldeforeldre og tippoldeforeldre. Sjå bilete av mormor, som no er død, då ho var ei lita jente på fire år. Sjå bilete av tanter og onklar i fotoboksar på 60-talet, og tannlause tippoldemødre frå 1799.

Då eg såg alle desse gamle bileta, nokon av dei skikkeleg gamle, slo deg meg: Vi lever alle vanlege, uvanlege liv! Når vi har bilete der vi kan sjå tilbake på andres liv, blir vi oppmerksomme på at andres liv er som vårt – det inneheld draumar for framtida, det inneheld glede, sorg, festdagar og kvardagar, ungdomstid, kjærastar, avskjeder og møte. Alt blei så levande for meg då eg såg desse bileta, og eg måtte justera inntrykket mitt og tenka nytt om nokon av dei eg såg på bileta, akkurat slik Linda Eide sa det på Lindmo. Det var så fint! Eg blei audmjuk og tenkte; her er eit liv, akkurat som mitt! Vanleg og uvanleg. Her er det kjærleik, smil, usikkerhet, kaos, levd liv! Nokon var predikantar i indremisjonen, nokon fiskarar, nokon bønder, nokon mekanikarar, nokon lærarar, nokon misjonærar. Vanlege, uvanlege liv.

Som menneske er vi fletta inn i andres liv. I kyrkja i dag, på såmannssøndagen handla det også om dette. Om forholdet vårt til andre, ansvaret vårt for kvarandre, om slekt som følgjer slekt. Dei vakre orda frå Mosebøkene lyste over denne søndagen:

«Disse ordene som jeg pålegger deg i dag, skal du bevare i ditt hjerte. Du skal gjenta dem for dine barn og snakke om dem når du sitter i ditt hus og når du går på veien, når du legger deg og når du står opp. Du skal binde dem om hånden som et tegn og ha dem på pannen som et merke. Du skal skrive dem på dørstolpene i huset ditt og på portene dine.» 5. Mos 1, 6-9

Mine forfedre, mine besteforeldre og foreldre har alle sin del i den personen eg har blitt, både fysisk og mentalt. Dei har gitt meg ein arv, og heldigvis er det noko som både dei og eg har halde fast på – og som også eg vil gi vidare til mine barn. Dei har gjentatt dei viktigaste orda for meg, om at eg er skapt, oppreist og elska av Gud.

Det var rart at eg fekk den boka i går. Det er mi tante Åse, som eg sa, som har redigert boka. Eg visste ikkje om denne boka før i går. Eg har ikkje for vane å fortelja om slekta mi i preikene mine. Men på tirsdag bestemte eg meg for å nevna nettopp mi kjære tante Åse i preika mi i dag, fordi det var ho som bar meg til dåpen, 21. april 1974. Og det var der alt begynte. Såmannssøndagen minner meg også om at nokon har sådd Ordet i min åker, at nokon har gitt meg næring, at nokon og noko har bore meg, at noko har vakse fram av det, og at dette har gitt og gir meg mot og frimod til å vera den eg er. Takk, alle!

«En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme…»

 

20190207_112126

Vi har ulike erfaringar, meiningar og synspunkt på ein del ting utfrå kor vi høyrer heime i kyrkje- eller bedehuslandskapet. Den siste tida har eg tenkt ein god del på det. Og, ikkje minst, vi tar med oss våre erfaringar, vår forståing og våre preferansar når vi skal tolka og analysera den tida vi lever i, og andres måte å leva på.

Ofte er det slik at det som pregar oss aller mest, er dei erfaringane og tradisjonane vi har med oss frå eigen barndom, frå vår eigen historie. Det har eg merka også som prest, både hjå meg sjølv og hjå andre. Utfrå vår bakgrunn tolkar vi det vi opplever i notida. Det gir meg ofte litt å bryna meg på. Det er fint. Eg møter av og til meg sjølv i døra. «Går det an å tenka slik»? «Går det an å meina det»? «Går det an å formulera seg slik?» Eg er oppvaksen på ganske lågkyrkjeleg vestland, med både kyrkje- og bedehusbesøk stort sett kvar veke. Så opplever eg i 2019 at det, naturleg nok, er stor forskjell på korleis kyrkja er og fungerer der eg er no, og der eg vaks opp. Det er sjølvsagt på grunn av forskjell i tid, men også på grunn av kultur, tidsånden, geografi, folkeferd, lynne osv. Det har gitt meg ein god del å tenka på.

Ofte krasjar det. Og det kan vera sunt, for min eigen del. Men det kan også vera trist, fordi eg synest det krasjar så ofte. I debattar, i samtalar, i praksisar, i kvardagen, mellom kyrkjesamfunn. Eg synest det er trist at vi ikkje kan akseptera kvarandre meir på tvers, finna meir glede i evangeliet, peika saman på det som er sentrum i trua vår, på kryss og tvers av det som skil oss. Og det handlar blant anna om korleis vi snakkar om kvarandre. Kva vi trur om kvarandre.

«En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme». Sitatet er henta frå ein av salmane til Svein Ellingsen. Eg tenker at det kan vera eit utgangspunkt for å tenka stort om det å vera Guds barn i 2019. Ellingsen trekker ofte linjer frå dåp til død, og dermed set han alle døypte inn i ein relasjon til Gud. Og det er så viktig og fint! Nådens hvelving er stor og romslig.

Vi eier del i Kristus-livets rikdom!
Å, hvilken grunn til uopphørlig lovsang!
Vi skal få leve under Nådens hvelving
fra dåpens daggry til vår siste time!

Mange meiner mykje, også om Den norske kirke. Det interessante er at mange av dei som meiner noko om Den norske kirke, ikkje er her så mykje, ikkje møter dei enkeltmenneska eg møter, ikkje høyrer dei historiane om levd liv som eg høyrer. Eg møter konfirmanten i ein individuell samtale. Han fortel meg om eit krevande liv, om ting som aldri tar slutt og aldri blir betre. Om utenforskap. Om tøffe forhold heime. Fast i blikket. Klar i talen. Og heilt klar på at kyrkjeleg konfirmasjon er naturleg. Kanskje går han berre dei åtte gongane han skal, i kyrkja. Men det er utruleg fint at det er 50 konfirmantar som går åtte gongar i kyrkja i vår menighet i 2019, i den mest sårbare, tøffe og intense perioden i livet. Eg møter den pårørande som har dårlege erfaringar med kristenliv frå eigen familie. Som gruer seg for å komma i kyrkja på grunn av dårlege minne. Men som så gjerne vil at vi skal ha «Det er makt i de foldede hender», fordi den song alltid bestemor. Og eg møter kvinna som alltid må i kyrkja og tenna lys. Berre det. Ikkje noko meir. Men noko djupt personleg likevel. Eit rom å komma inn i som tilbyr noko anna. Noko større. Noko stort nok.

Kjære deg som meiner mykje om andre menneske: Ingen er berre det du ser. Ingen er berre det du høyrer. Og ingen er i alle fall berre det du trur. Legg derfor bort fordømmelse og mistenkeleggjering og gled deg over dei som er i kyrkja, dei som kanskje lever livet sitt litt annleis enn du gjer. Som kanskje praktiserer trua si annleis enn det du ville gjort. Det ligg kanskje gøymt ei bønn «i hjerteslagets rytme» også der. Det er det berre Gud som veit.

Livets lavterskeltilbud

20190202_112205-3

Overskrifta er henta frå førre A-magasin der Christine Koht kallar det å gå for nettopp dette: Livets lavterskeltilbud. Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv. Å gå er ei gåve. Det er gratis, sunt og du får mengdevis av frisk luft på kjøpet. Og det er ein super måte å bli sprek på, spesielt for deg som treng å komma i gang. Gleda ved å gå er fantastisk, gevinsten enorm, både psykisk og fysisk.

 

Den danske filosofen Søren Kierkegaard seier det sånn: «Tap for all del ikke lysten til å gå: jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den

 

Når eg er ute og går, lar eg både mobil (om eg ikkje må ha han med) og klokke ligga heime. Ingen musikk på øyret. Berre meg sjølv og mine eigne tankar. Det kvernar på. Nokon går eg frå, nokon veks og blir større. Dei får eg glede av seinare. Det kan vera ei preik, det kan vera noko eg skal skriva, eit møte eg skal bidra med noko på. Ein får gjort mykje når ein går! Det er rett og slett god mentalhygiene, og eg tenker som Kierkegaard: «…ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den»! Tidleg på morgonen eller seint på kvelden, ei ledig ettermiddagsstund eller midt på dagen på ein søndag. Ein tur er aldri feil. Eg har aldri angra på ein tur! Tur er rett og slett kortreist lykke. Alt ligg klart, rett utanfor døra! Naturen ventar på oss.

 

Eg liker lavterskeltilbud. Det er litt det samme i kyrkja. Den står der. Det kostar ingenting for deg å vera der, du får nydeleg musikk, fint fellesskap, god forkynning og gratis kaffi og kake! Både kyrkja og naturen seier til deg: Kom, for alt er gjort ferdig. Det er berre å gå. Inn i kyrkja, ut i naturen! Gud lar seg finna begge stader. God tur!